Betydeleg nedgang i artsmangfaldet i skogen
- Publisert 10. april 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Pinglevegen.JPG
Clik on image for large version
Bilete: Tone Mannsåker

Skogvolumet i Noreg aukar og stadig nye område vert verna. Likevel går artsmangfaldet ned, og forskarane veit ikkje kvifor. Truleg er klimaendringar ein av fleire samvirkande årsaksfaktorar

Artikkelen under er skriven  av Morten Günther, kommunikasjonsrådgjevar i NIBIO og publisert på nettsidene  www.nibio.no.

Økland skriv at ho har jobba med skog sidan 1988. Gjennom dei siste 30 åra har ho drive vegetasjonsovervåking i gammal granskog over heile landet, frå Rana i nord til Vennesla i sør. Vegetasjonsovervåkinga er ein del av Program for terrestrisk naturovervåking (TOV).

- NIBIO har ansvaret for åtte overvåkingsområde, fortel Økland. I kvart av desse vart det ved oppstart etablert 50 permanent merka vegetasjonsflatar på 1 m2. Alle overvåkingsområda vart lagt til område som enten var verna, eller skulle vernast.

- Me har særleg hatt fokus på overvåking av undervegetasjon, men me har også målt jordkjemiske, jordfysiske, tresjikts- og topografiske parameter i kvart område. Kvart overvåkingsområde vert undersøkt no kvart åttande år, men i alle områda er undervegetasjonen analysert minst fem gonger sidan oppstart.

Negativ utvikling for artsmangfaldet

- Når me ser på overvåkingsområda samla, er utviklinga i artsmangfald ganske oppsiktsvekkande, fortel Økland. Gjennomsnittleg antal artar per vegetasjonsflate har hatt ein betydeleg reduksjon sidan 1990-talet; i somme av overvåkingsområda i gjennomsnitt 5-6 færre artar per vegetasjonsflate. Dette gjeld totalt, men det er også betydeleg reduksjon for artsgrupper som bregner, mosar og urter. Trenden er meir eller mindre den samme i samtlege område.

I tillegg til at antal artar går ned, har det også vorte mindre av mange enkeltartar; fugletelg og skogstjerne er døme på artar som det har vorte mindre av i fleire område. Også populære og viktige artar som blåbær og tyttebær har gått betydeleg tilbake fleire stader.

Nokre få artar har auka i mengde i samme periode. Dette gjeld spesielt somme større mosar, til dømes etasjemose og torvmosar, som ser ut til å dra fordel av lengre vekstsesong. Dei store mosane ser også ut til å overvoksa ein del mindre moseartar.

- Per i dag veit me ikkje sikkert kva som er årsakene til resultata. Klimaendringane er truleg ein del av biletet, men her er det sannsynlegvis mange ulike faktorar som virkar saman. Forureining kan også virka inn; til dømes mengden og endring i nitrogenavsetting. Ein kan heller ikkje sjå bort frå at endringar i tresjiktet spelar ei rolle. Her må det heilt klart meir forsking til. Me har gamle data på ei rekke parameter, men treng nye datasett å samanlikna med.

- Utviklinga er ganske bekymringsfull, meiner Økland. Det vert mindre av det meste i undervegetasjonen.

Eit av måla med skogvern, har vore å sikra biologisk mangfald. I dag utgjer verna skog fire prosent av skogarealet i Noreg. Redusert artsmangfald i gamle, verna naturskogar betyr sannsylegvis også at tilsvarande utvikling pågår i produksjonsskog som ikkje er verna, men i produksjonsskogane endrar også vegetasjonen seg direkte som fylgje av hogst. Me treng også grundigare undersøkingar av samvirkande påverknadsfaktorar i slike skogar.

Skog er viktig for folks helse

Den norske skogen skal fylla mange roller og dekka ulike behov. Skogen er eit viktig økosystem. Den er viktig både for rekreasjon, friluftsliv og verdiskaping. Skogen vil også ha ei viktig rolle i den framtidige bioøkonomien. Bevaring av artsmangfald er eit mål i seg sjølv, men mindre variasjon i skogane kan også påvirka andre økosystemtenester som til dømes opplevingsverdi for folk flest.

Forskaren har sjølv lagt merke til at skogen endrar seg – også utanfor vegetasjonsflatene.

- Personleg meiner eg at variasjon i naturen har ein stor eigenverdi, fortel Økland. Eg trur også det er viktig for folks helse – enten dei er klar over det eller ikkje.

- Eg har vore oppteken av skog og natur sidan eg var ganske liten, fortel Økland. Eg vaks opp med skogen tett innpå meg og kom ofte seint heim frå skulen fordi eg plukka blomar. Etter kvart tok eg hovudfag i bøkeskog i Vestfold. For meg er skogen både ein stad der ein kan gå ein rask tur og få litt mosjon, men også ein arena for rekreasjon og opplevingar. Eg er ganske avhengig av å ha skog nær meg.

- Frå naturen si side er det stor variasjon i norsk naturskog, ikkje minst på grunn av stor lokaløkologisk variasjon og regionale forskjellar i klima og berggrunn. Me har stor diversitet innafor små areal. Denne variasjonen føler eg me har eit spesielt ansvar for å ta vare på.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.




104


VG RSS
1.
 Politibil involvert i ulykke i Kristiansand
En personbil skal ha krasjet inn i en politibil som var på utrykning. To personer er fraktet til sykehus etter hendelsen.
2.
 Hugo Vetlesen om Stabæks krisestart: – Alder er ingen unnskyldning
BERGEN (VG) Stabæk har fått en meget skjev inngang på årets sesong. Etter fem spilte kamper er fasiten tre poeng for Eliteserien yngste lag.
3.
 Norsk duell i Champions League: – Vi vet hva «Caro» er god for
Det er flere enn Caroline Graham Hansen (23) som må stoppes om Chelsea skal nå finalen i Champions League.
4.
 Norges allierte har drept minst 850 sivile i Syria og Irak
Organisasjonen Airwars mener den USA-ledede koalisjonen mot IS i Syria og Irak har tatt livet av over 6200 sivile. Koalisjonen selv opererer med tallet 850 – og avviser overfor VG at det kan være særlig høyere.
5.
 Tolvåring rømte til Bali etter krangel med sin mor i Australia
En tolv år gammel gutt i Australia satte seg på flyet til Bali etter en krangel med sin mor.
6.
 Solberg fikk se søppelhaug fra havene i Ålesund
Erna Solberg besøkte lørdag Ålesund og fikk se hvor mye søppel som havner i havet i et av landets mest plastforurensede havneområder.
7.
 Norsk alkorekord - i Sverige
Aldri før har «de norske» utsalgsstedene til Systembolaget i Sverige solgt så mye alkohol, som i første kvartal i år. Frp og Siv Jensen anklages for å ha sviktet sine velgere og norske forbrukere.
8.
 Iniesta hyllet i Barcelonas maktdemonstrasjon
(Sevilla - Barcelona 0-5) Barcelona vartet opp med fotball i aller ypperste klasse i det som kan ha vært Andrés Iniestas (33) aller siste finalekamp for katalanerne.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse