Flaumtunnel med kraftverk - kanskje einaste sjansen
- Publisert 13. november 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Opo - øvre del
Clik on image for large version
Opo ved Vasstun. Bilete: Tone Mannsåker

Ordførar i Odda, Roald Aga Haug,meiner at interimstyret i  interesseorganisasjonen for flaumsikrin av Opoelva utan kraftutbygging har litt feil timing medan Sven Olaf Brekke i interimsyret trur staten vil betala

Interessorganisasjonen for Opoelva ynskjer flaumtunnel utan kraftverk og fryktar Opoelva kan verta ein sildrebekk dersom det vert grønt lys for kraftverk.

Sven Olaf Bekke i interimstyret sa i samtale med programsekretær Flattun i forrige veke, at han synes det er flott at det no er på gang ei kompetent utgreiing for korleis ein kan verna mellom andre innbyggarane på Sandvin mot flaum. - Det synes eg er flott, bakgrunnen for at me har starta ei interessegruppe for flaumsiktring av Opo, men utan kraftutbygging, er at kommunestyret har inngått ein intensjonsavtale om kraftutbygging.

Brekke seier at han har trudd at Opovassdraget er eit varig verna vassdrag. - No viser det seg at med den nye energimeldinga som kom i 2015, opna det seg ein mogelegheit med at i verna vassdrag der ein såg at det kunne verta flaum som trua liv og helse, så kunne ein opna for kraftutbygging. Det er det som er bakgrunnen for det som skjer i Odda.

Ifylgje Brekke diskuterte i kommunestyret å bygga eit flaumkraftverk, eit omgrep han meiner forvirra fleire.

- Det virka som om kraft berre skulle takast ut når det var flaum. Sanninga er at det kraftverket det no vert søkt om, er eit regulært kraftverk med demning, og demninga er Sandvinsvatnet. Det vert bygd ein dam på oppsida av Vasstun og så vert det bygd ein tunnel som kjem ut mellom Sørfjordsenteret og Boliden, og eit kraftverk i fjellet som på det meste skal kunna svelga unna 75 kubikk i sekundet.

Det betyr ifylgje Brekke,  at mesteparten av året vil Opo renna med ei minstevassføring, ei vassmengde som NVE og regjeringa til slutt bestemmer. Kor stor den skal vera, veit ein ikkje endå. - Det SKL ser føre seg i sine førehandsstudier, er 12 - 14 kubikk i sekundet. Det er veldig lite vatn slik eg ser det. Då tenker me på Opo som landskapselement og viktig for turismen og sjølvsagt og på laks og sjøaure som er ein bit av det lakseførande vassdraget.

Brekke seier at dette er ein situasjon som han og mange med han fryktar. Interesseorganisasjonen la ut ein underskriftsaksjon tirsdag i forrige veke, Ja til flaumsikringm nei til kraftverk, som allereie i forrige veka hadde fått mange underskrifter.

- Dersom NVE kjem fram til at det sikraste for Odda, er ein flaumtunnel i Opo, meiner me at det er ei statleg oppgåve å finansiera dette. Det bør ikkje vera slik at ein rett og slett tvingar lokalpolitikarar til å seia ja til ei kraftutbygging for å få flaumtunnel på plass for å sikra liv og helse. Dette er ei utidig press på lokalpolitikara som slit med å få kommuneøkonomien til å henga saman. Me meiner at dette er eit ansvar som må ligga på staten, seier Brekke.

Det er fleire grunnar til at ordførar Roald Aga Haug ser annleis på saka enn det Brekke gjer.

Odda kommune og SKL har begge forplikta seg til å arbeida for å få ei konsesjonshandsaming for flaumtunnerl med kraftverk.

- Søknaden er levert og behandlinga er i gang, den vil verta lagt ut på høyring rundt medio november og eg meiner at det er då det vil vera naturleg å diskutera kriteria. Interimstyret er for seint ute med omsyn til intensjonsavatalen og for tidlege i høve til konsesjonshandsaminga etter mi meining, seier Aga Haug.

Han meiner at det på noverande tidspunkt er naturleg å sjå på kva som faktisk ligg på bordet, i form av innsendt søknad og korleis NVE legg dette fram i høyringa.

Ordføraren fortel at dette er ei sak det på oppdrag frå kommunestyret, har vore arbeidd mykje med. - Det har vore veldig krevjande å få arbeidd fram den konsesjonshandsaminga som kommunestyret har bede om, men no får ein altså utgreidd ein flaumtunnel med kraftverk.

Dette er den einaste flaumtunnelen som vil verta utgreidd, presiserer Aga Haug. - Allereie i 2015 hadde me ein førespurnad til NVE om utgreiing av flaumtunnel utan kraftverk, men det var heilt utan interesse for myndigheitene.  Så når SKL no utgreier flauntunnel med kraftverk, er det ingen alternative flaumtunnellar å sjå på.

Aga Haug meiner at ein ikkje hadde hatt denne diskusjonen om det ikkje hadde vore for avtalen mellom kommunen og SKL.

- Når det er sagt, så er det slik at dersom myndigheitene seier nei til konsesjon og flaumtunnel med kraftverk, så  tilfaller alle utgreiingane Odda kommune, og då kan kommunen bruka dei slik me måtte ynskja. Dersom SKL skulle gå ut av prosjektet, kan kommunen gå til andre aktørar. I teorien kunne Odda kommune sjølv brukt desse utgreiingane til å bygga flaumtunnel utan kraftverk, seier han. 

Til sjuande og sist er løysinga for elva, likvel avhengig av økonomi.

Aga Haug meiner interimstyret gir inntrykk av at flaumtunnel er noko ein kan få staten til å betala. - Me har vore på staten fleire gonger for å få bygd flaumtunnel utan kraftverk, men har ikkje møtt velvilje der i det heile. Riktignok sa Venstre at dei ville få det inn i statsbudsjettet i fjor, det skjedde ikkje, etterpå sa SV at dei ville få det inn i revidert statsbudsjett, det skjedde heller ikkje - så myndigheitene viser ikkje i det heile at dei legg pengane på bordet til flaumtunnel utan kraftverk.


Dersom SKL no får konsesjon, betaler dei alt av flaumsikring knytt til prosjektet, det er det som ligg i avtalen. - SKL har inngått ein avtale med Odda kommune og brukt titals milllionar på å greia dette ut, så det ryddige her, vil heilt klart vera å forhalda seg til den konsesjonssøknaden som no er sendt ut.

Aga Haug er tydeleg på at Odda kommune ikkje kan bruka 300 millionar kroner på ein flaumtunnel.

- Det vil me rett og slett ikkje ha råd til.  Myndigheitene har gjort ein stor innsats for oppgradering av Opoelva og elveløpet, det har regjeringa bistått oss med. Men NVE vil nok seia at dei er ferdige med jobben no, at dei ikkje har noko plikt til å avhjelpa oss med den flaumen som råkar Sandvin til dømes. Dei vil nok seia at Odda har fått det Odda har krav på, at andre må ta nye kostnadene - og Odda kommune er nok den andre, i denne samanheng, men det er ein kostnad me ikkje klarer å ta.

Aga Haug meiner at både Sandvin og Odda sentrum kan verta trua av farlege vassituasjonar i framtida om ein ikkje får til god flaumavleiing.







 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.




104


VG RSS
1.
 Sykkelpresidenten kan bli kastet: – Dramatisk
Norges største sykkelklubb får etter alle solemerker viljen sin: Det blir ekstraordinært sykkel-ting. Der kan sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen bli kastet.
2.
 Slottet: Kronprinsesse Mette-Marit har krystallsyke
Kronprinsesse Mette-Marit får behandling for krystallsyke, melder Slottet på sine hjemmesider.
3.
 Filmanmeldelse «Hjemsøkt»: Søkt - som i anstrengt.
Hjemsøkes av klisjeene.
4.
 Remen Evensen på sykehus i Tyskland
På vei hjem etter at å ha kommentert verdenscup-åpningen i polske Wisla, kjente NRK-ekspert Johan Remen Evensen (32) at noe var alvorlig galt.
5.
 Tine trekker ikke omstridt ulve-kartong
Mange har reagert med sinne på de nye julemelkekartongene fra bondeeide Tine, som viser en ulv. Selskapet beholder likevel kartongene.
6.
 Disse stjernene kan bli «gratis» etter nyttår
2018 nærmer seg med stormskritt og flere storklubber skjelver: Etter nyttår kan en rekke stjernespillere forhandle med hvem de vil.
7.
 Tyrkia: Jobber for menneskerettigheter, siktet for terror
ISTANBUL (VG) Tyrkias Amnesty-sjef har sittet fengslet i snart et halvt år. På utsiden venter kollegene utålmodig.
8.
 Utøverne og ledelsen holdt hemmelig Northug-møte
Landslagsutøvere har i et hemmelig møte diskutert Petter Northugs (31) oppførsel med Norges Skiforbund.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse