Kjempemotivert regnbogeallianse
- Publisert 8. november 2017 av Mannsåker, Tone Marie
R A H på valdagen_130234
Clik on image for large version
Roald Aga Haug. Bilete: JK Flattun

Dei 100 ordførarane som skal demonstrera foran Stortinget klokka 18:00 i dag, tilhøyrer parti både frå venstre - og høgresida i norsk politikk. - Me skal visa regjeringa den styrken som ligg i det norske ordførarapparatet, seier Oddaordførar, Roald Aga Haug

Undervegs til hovudstaden seier han i samtale med programsekretær JK Flattun at han og ordførarkollegaene hans, er kjempemotiverte for kamp mot regjeringa sitt framlegg om å fjerna kommunane sine inntekter frå verk og bruk.

- Ordførarar frå alle parti viser no tydeleg kva dei meiner om dette angrepet på velferda i distriktskommunar - som i hovudsak er dei kommunane som vert råka av dette forslaget. Det må vera fortvilande for Høgre - og Frp - ordførarar at denne regjeringa tappar kommunane deira for verdiar.

Regnbogealliansen av ordførarar vonar å kunna overtala Krf og Senterpartiet til å gå mot framlegget. - Men det er jo regjeringssamarbeids - arbeid på gang, og eg er redd for at Krf er under eit hardt press no. Venstre veit me prøver å finna felles grunn for samarbeid med regjeringa, så det er ikkje heilt enkelt dette, seier Aga Haug som legg til at Sv og Raudt er på ordførarane si side.

- No må me ikkje berre vera kjempetydelege på kva me meiner om dette framlegget, me må og ha god overtalingevne, og eg vonar at i Hardanger kan me stå saman tverrpolitisk i denne saka.

Aga Haug fortel at for Hardanger betyr framlegget om bortfall av skatten frå verk og bruk, eit inntektstap på omlag 20 millionar kroner i første omgang. For Odda kommune vil inntektstapet verta på storleik med 10 - 12 årsverk.

- Dersom regjeringa får gjennomslag for dette, vil kommunar som tidlegare ikkje har hatt eigedomsskatt på hus og hytter, mellom dei Odda kommune, vil måtta innføra slik skatt, og dermed er det innbyggarane som må svi for regjeringa sin politikk ,og det er jo eit pardoks når finansminister Siv Jensen seier at Frp sitt mål er å fjerna all eigedomsskatt.

Ifylgje Aga Haug tilbyr regjeringa absolutt ingen kompensasjon for inntektstapet kommunane vil få, dersom dei mistar inntektene frå verk og bruk. - Statsministeren har uttalt at kommunane berre får tilpassa seg dei nye tidene, ho synes ikkje synd på oss. 

Når det gjeld bakomliggande motiv for dette framlegget frå regjeringa, seier Aga Haug at det etter hans meining ikkje finst nokon som helst tvil om at det er ei voldsom sentralisering på gang i Noreg.

- Det som er i ferd med å skje no, er eit godt døme på at det er distriktskommunane som får svi, og det er eit brot på den samfunnskontrakten desse kommunane har inngått ved å stilla areal og naturressursar til disposisjon til beste for storsamfunnet. No vert både makt og pengar sentralisert til hovudstaden.

Og klokka 18:00 i kveld står altså 100 ordførarar frå heile landet, frå høgresida, venstresida og sentrum, skulder ved skulder framfor Stortinget, med eit tydeleg krav om at regjeringa må snu i denne saka.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.




104


VG RSS
1.
 Clooney gir fire mill. til våpenkontroll-kampanje
George og Amal Clooney gir en halv million dollar til studentene som har dratt i gang protestaksjonen mot våpenrelatert vold etter skoleskytingen i Florida. Nå følger flere kjendiser etter.
2.
 Høy dødelighet blant nyfødte i verdens fattigste land – én million dør dagen de blir født
Hvert år dør 2,6 millioner barn før de har fylt én måned. Ifølge UNICEF er det enkle grep som skal til for at disse barna kan oppleve å vokse opp.
3.
 Trump beordrer forbud mot «bump stocks»
President Donald Trump beordrer justisdepartementet til å innføre forbud mot såkalte «bump stocks», som blant annet ble brukt i Las Vegas-massakren.
4.
 Klæbo-rådgiver: – Jeg tenkte: «For et kommunikasjonstalent. Håper han kan gå på ski også»
PYEONGCHANG (VG) Medietrykket på Johannes Høsflot Klæbo (21) vokser etter gullene i OL. Med på laget har han kommunikasjonsekspert Lasse Gimnes.
5.
 Kvinne omkom i traktorpåkjørsel i Oslo
En kvinnelig syklist i midten av 40-årene mistet livet da hun ble påkjørt av en brøytetraktor i Oslo tirsdag kveld.
6.
 Maldivene utvider unntakstilstanden
Ferieparadiset Maldivene synker dypere inn i politisk kaos – tirsdag utvidet parlamentet unntakstilstanden i landet, med et vedtak opposisjonen kaller ulovlig.
7.
 OL i Pyeongchang knuser rekorder
Det er ikke bare TVNorge som har OL-suksess, også NRK sports radiokanal kan melde om rekordhøye lyttertall. VG knuser også rekorder.
8.
 Russisk UD bekrefter: Flere russere døde og skadet i kamp mot USA-ledede styrker i Syria
Utenriksdepartementet i Moskva bekrefter at flere russere er døde og flere titalls skadet etter en blodig hendelse i Deir al-Zor, øst i Syria 7. februar. Ofrene skal ikke være regulære, russiske soldater.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse