Overgangen til DAB har sett spor hjå NRK
- Publisert 12. desember 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Dabradio
Clik on image for large version
FM - radio. Arkivbilete

I morgon vert det riksdekkande FM-nettet sløkkt for godt. Klassekampen  fortel at NRK har mista kvar femte daglege radiolyttar etter at sløkkinga av FM-nettet starta

I morgon er det endelig slutt for det riksdekkande FM-nettet i Noreg, når sendarane vert slått av i Troms og Finnmark. Så langt har overgangen frå FM til dab kosta NRK dyrt, ifylgje tal frå analysebyrået Kantar Media.

På eitt år har NRK mista 21 prosent av dei daglege lyttartala, det viser tal som vart lagt fram i går. I Nordland, Møre og Romsdal og Trøndelag har kvar fjerde lyttar forsvunne frå statskanalen det siste året.

Nordland var i tredje kvartal i fjor, den regionen kor flest oppgav at dei høyrte på NRK dagleg: 55 prosent av befolkninga. Etter FM-sløkkinga i januar, har andelen falle til 42 prosent i samme periode i år.

På landsbasis har den totale daglege radiolyttinga falle med ti prosent sidan november i fjor.

– Det er ikkje sikkert at me har mista lyttarar, men me har mista folk som lyttar kvar dag. Dersom du ser på kor mange som lyttar i løpet av veka, er nedgangen noko mindre, seier Jon Branæs, radiosjef i NRK.

Likevel er det liten tvil om at overgangen til dab har sett spor. Jon Branæs trur ein del av nedgangen skuldast at fleire ikkje har skifta ut alle FM-radioane sine endå.

– Dette er ei utvikling me har føresett. Me har is i magen og sørgar for å laga så god radio som mogeleg, så folk kjem attende når dei har fleire dab-radioar, seier Branæs.

Tala viser at dei kommersielle radioselskapa P4-gruppen og Bauer Media aukar sine marknadsandelar i regionar kor FM er sløkkt. I dei fleste regionane har NRK skrudd av FM-nettet sitt før dei kommersielle kanalane.

– NRK har tatt ein for laget ved å slå av FM-signala sine først. Det har gitt dei kommersielle kanalane ei konkurransemessig føremon som me skal prøva å utligna i åra som kjem, seier Branæs.

Radiosjefen har tru på at NRK skal klara å få attende lyttarar som har forsvunne. Kanalar som NRK P13 og P1+, som berre har vore tilgjengelege på dab, har fått fleire lyttarar sidan sløkkinga av FM.

NRK P1 og P3 har opplevd størst lyttartap.

– Me ser at tala er i ferd med å stabilisera seg i dei første sløkkeområda, men det kjem til å ta tid, seier Branæs.

– Kva for strategi har de for å få attende lyttarar? spør Klassekampen.

– Veldig enkelt er strategien å laga så god radio som me berre kan. Me kan det norske publikummet veldig godt, og har alltid klart å balansera allmennkringkasteroppdraget med å nå breidt ut, seier han.

Det er Medietilsynet som tingar månadlege lytterundersøkingar fra Kantar Media. Direktør Mari Velsand meiner det er for tidleg å fella nokon dom over radioskiftet.

"Korvidt digitaliseringa gir dei verkader som radioaktørane ynskjer å oppnå, og om den medvirkar til aukt mangfald og innhaldsbreidde for radiolyttarane gjenstår å sjå. Medietilsynet vil derfor fylgja nøye med på utviklinga i radiomarknaden det komande året", skriv ho i ein e-post til Klassekampen.

I statusrapporten for tredje kvartal i år, skriv Kantar Media at ein kan forventa ein aukt vekst i radiolyttinga i løpet av 2018.

"Når antal kanalar vert utvida, får lyttarane større valmogelegheit. Då er det ein naturleg konsekvens at radiolyttinga fordeler seg annleis enn tidlegare år", skriv Mari Velsand.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.




104


VG RSS
1.
 FIFA gransker de omstridte jubelscenene
SOTSJI (VG) FIFA har satt i gang en granskning av Sveits-heltene Granit Xhaka (25) og Xherdan Shaqiri (26) etter at de feiret seieren over Serbia med å lage den tohodede albanske ørn med hendene - et klart politisk budskap. Også det serbiske fotballforbundet skal granskes.
2.
 Valget i Tyrkia: Dette viser de foreløpige resultatene
ANKARA (VG) Stemmene telles opp i Tyrkia. De første prognosene tyder på at Erdogan ligger godt an.
3.
 Nordlys: To Tromsø-advokater siktet for narkotikakrim
To personer er varetektsfengslet i Nord-Troms tingrett, siktet for grov narkotikakriminalitet. Ifølge Nordlys dreier det seg om to Tromsø-advokater.
4.
 Fire personer arrestert i Oslo etter narkotikafunn
Funn av våpen og narkotika etter en politiransakelse i Vika i Oslo, har ført til en arrestasjon av fire personer i 30-årene, bekrefter politiet til VG.
5.
 Fridde med tang og tare
Susanne (23) trodde hun bare skulle på en rusletur på idylliske Mjelle i Bodø. Men kjæresten Aslak (24) hadde planlagt frieriet i ett år – og stilte spørsmålet i tang og tare på stranden.
6.
 AFP: Minst 32 personer drept i massakre i Mali
Minst 32 sivile, deriblant barn, skal være død etter et angrep på en isolert landsby sentralt i Mali.
7.
 Valgobservatører i Tyrkia kastet ut av politiet: «Det er helt vilt»
ANKARA (VG) Det hagler med meldinger om mulig valgfusk og angrep på opposisjonen i Tyrkia. Internasjonale valgobservatører er blitt nektet å gjøre jobben sin.
8.
 Panamas første VM-scoring hylles verden over: – Jeg blir rørt. Dette er fotball, dette er VM
NIZHNY NOVGOROD (VG) (England–Panama 6–1) De fikk juling av England, men da Felipe Baloy (37) scoret Panamas første VM-scoring noensinne, jublet hele nasjonen som om de hadde vunnet mesterskapet.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse