The Times They Are A-Changing
- Publisert 8. desember 2017 av Mannsåker, Tone Marie
hardangerkoret
Clik on image for large version
Hardangerkoret øver på Meieriet. Bilete Tone Mannsåker

I 2003 var Odda i finaleheatet i konkurransen om tittelen "Årets kulturkommune". Dét var også året Odda Smelteverk la ned drifta. - I Odda er det politisk semje om å ikkje ta ned kulturkronene i tøffe tider, sa dåverande ordførar Toralf Mikkelsen til Haugesunds Avis

Odda konkurrerte den gongen med Stavanger, Porsgrunn og Malvik. Stavanger stakk av med sigeren og vart jamvel utnemnd til Europeisk kulturby i 2008. 

- For oss er det ei ære å få vera med i finaleheatet, sa Mikkelsen til avisa. - Me var tross alt berre fire frå heile kommune - Noreg som konkurrerte om tittelen. I Odda er det politisk semje, på eitt parti nær, om å ikkje kutta kulturbudsjettet. I dei tøffe tidene Odda - samfunnet gjennomlever, treng me kulturvitaminene.

Under prisutdelinga den gong, kalla dåverande kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland, dei fire kommunane som kom til finalen, for "kulturens stormtroppar".

Dersom ein tar eit langt steg i tid og går til fram til året 2014 og Telemarkforskning si årlege oversikt over kulturnivået i norske kommunar, som rangerer alle 428 kommunane i Noreg etter ti ulike kulturbaserte kriterier, er biletet slik:

Etter at alle landets kommunar hadde vorte rangert og målt (per innbyggar) i dei ti kategoriane kunstnarar, kulturarbeidarar, museumstilbod, konsertar, kino, bibliotek, scenekunst, kulturskule pluss den kulturelle skulesekken, sentrale tildelingar og frivilligheit, låg Odda på 64.plass, året etter på 144.plass.

Ser ein på Norsk kulturindeks for 2016, rykkar Odda opp att til 87.plass og oversikten for 2017 viser at Odda (og fleire andre Hardangerkommmunar) faktisk er mellom dei kommunane i landet som er best på kultur.

Ein skal kanskje vokta seg vel for å gjera kultur til eit konkurransefortrinn, men fakta er at det er heilt stovereint å vera stolt over å vera god på kultur, noko Odda har vore i mange år takka vera dyktige folk og økonomiske rammer som trass i kutt her og der, har vore tilstrekkelege nok til å oppretthalda gode tilbod. 

Det kommunen sine kulturarbeidarar bidrar med, er til stor glede og nytte for mange, ikkje minst for dei som sjeldan prydar avisene sine framsider og som heller ikkje har det som mål, nemleg brukarane, dei som lærer, dei som øver, dei som meistrar eller/og opplever saman, rettleidd av trygge, vaksne fagfolk. 

Når ein les dagens papirutgåve av Hardanger Folkeblad og får presentert nedskjæringane på kulturbudsjettet 2018,  er det med naud og neppe at ikkje kaffien set seg fast i halsen. Får dette budsjettforslaget gjennomslag, vil det merkast, nedskjæringar på tvers av heile organisasjonen kultur, med  store konsekvensar for drift, tilsette og brukarar.  

Mellom rådmannen sine framlegg til nedskjæring, er avbemanning av Meieriet Kulturhus - eit mykje brukt multifunkjsonelt hus, 2.1 årsverk fjerna frå Kulturskulen, 0.5 årsverk ned på Frivilligsentralen og 0.5 ved Odda Kino. 

Innbakt i desse forslaga til nedskjæring, ligg sjølvsagt omdisponering av fagpersonale. Når HF kan fortelja at erfarne barne - og ungdomsarbeidarar er sett til å selgja popcorn på Odda Kino, kan ein undra seg over prioriteringane. Det må vera ein kommune med god råd som kan sløsa slik med ressursane sine.

Når det gjeld Kulturindeksen, er det for enkelt å seia at den utelukkande er ei avspegling av kommunale prioriteringar, men det er heva over tvil at den avspeglar budsjettstoda i alle kommunar. Det vert spanande å sjå kor kulturbyen Odda (som tidlegare ordførar Toralv Mikkelsen likte å kalla heimkommunen sin), plasserer seg i 2018 dersom nedtaket på kultur går igjennom.

kommunal rapport skreiv i 2013 at Odda kommune gjorde noko lurt det året Odda Smelteverk stengte portane: - Mismotet har lett for å bre seg når hjørnesteinsbedriften går over ende. Ikke alle smiler i Odda heller, men kommunen har gjort noe lurt. Den har økt kulturbudsjettet. 

Dét var då, no er stormtropp Odda på retrett og rådmannen varslar fare for alvorleg vitaminmangel i 2018.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.




104


VG RSS
1.
 Her er demens-testen Donald Trump besto med glans
Presidenten har fått full score på en kognitiv test. Det gjør han ikke eksepsjonell, melder eksperten.
2.
 Samfunnstopp sedelighetssiktet: Politiet leter etter mulige fornærmede i databeslag
TROMSØ (VG) To menn har status som fornærmet i saken mot den sedelighetssiktede samfunnstoppen i Troms. Nå leter politiet gjennom beslaglagt elektronisk materiale etter andre mulige fornærmede.
3.
 Brannangrep i Chile under pavebesøk
Tre helikoptre, en skole og en kirke ble satt i brann i Chile rett før pave Frans skulle holde messe i byen Temuco.
4.
 Avis publiserte stjålne bilder av Nora Mørk
ZAGREB/OSLO (VG) Det går fra vondt til verre for Nora Mørk (26). Nå har en østeuropeisk avis valgt å publisere stjålne, private bilder av håndballstjernen.
5.
 Rigmor Aasrud ny finanspolitisk talsperson i Ap
Etter at Trond Giske trakk seg som finanspolitisk talsperson i Arbeiderpartiet, er det nå klart at Aasrud overtar.
6.
 Politiet om siktet forsvarsadvokat: Brøt taushetsplikten i grov narkotikasak
Politiet mener avlyttede telefonsamtaler beviser at en forsvarsadvokat brøt taushetsplikten i en grov narkotikasak på Østlandet i 2014.
7.
 Listhaug: Vil stoppe «monstrene på nettet»
Onsdag ble Sylvi Listhaug overrakt nøklene til justisdepartementet. En av de viktigste tingene fremover vil bli å bekjempe «monstrene på nettet» som begår overgrep mot barn, sier Listhaug til VG.
8.
 Tidligere TIL-trener Terje Skarsfjord er død
Ble 75 år gammel.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse