Eldre dame som får god oppvarting
- Publisert 6. november 2017 av Mannsåker, Tone Marie
gurine
Clik on image for large version
Bilete: gurine.no

Galeasen Gurine (bygd i Rosendal i 1874-75) er ein av omlag 60 Hardangerjakter som vart bygd i Kvinnherad på 1800 - talet. No ligg ho i Rosendal  og vert pussa og stelt av eit dugnadslag som brenn for at

Anders Opedal i dugnadslaget fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at Hardangerjaktene var store fraktefartøy på 70 - 80 fot.

- Det har lenge vore eit ynskje i Rosendal å få tak i ein av dei båtane som vart bygde lokalt, det vart gjort fleire forsøk på det og her hadde me den siste mogelegheiten. Det var ein galeas som var rigga tidlegare og restaurert for nokre år sidan og som låg i Bergen, me skjøna at det var no eller aldri. Me samla saman ein del folk og fekk nokre pengar til å kjøpa båten og  slepte ho heim att til Rosendal.

en galeasen Gurine var i dårleg forfatning ved heimkoma. - Ho var roten både i baug og akterskip og alt over vasslinja var øydeagt, Det såg eigentleg heilt forferdeleg ut, seier Opedal.


Han fortel at de var store optimistar då dei starta prosjektet, men då dei fekk ho på land og tok til å undersøka nøye, såg dei at det var mykje verre stelt enn dei hadde trudd.

- Likevel, i dag ser me at det heilt rett, det me gjorde, sjølv om det vart ein god del ekstra arbeidstimar.

Når det gjeld båtbyggarkompetanse, var det ingen i venelaget som hadde noko erfaring med båtar av Gurine sin storleik, i starten. - Me skjna fort at memåtte få med oss ein fagmann, og han fann me i Kristian Djupevåg ifrå Djupevåg båtbyggeri i Norheimsund. Han er med oss to dagar i veka for å sjå til at me gjer dei rette tinga.

Det er ikkje gjort i ei handvendig å få eldre damer attende til fordums prakt. - Prosjektet starta våren 2011, då fekk me eit område av kommunen der me kunne ta ho på lande. Der har me bygd eit 1800 - tals verft og så langt no har me brukt 30.000 dugnadstimar pluss båtbyggartimane, og me har ein 8000 - 1000 dugnadstimar att før me er ferdige.

Dei arbeider dugnad på båten to dagar i veka, på dagtid.

Prosjektet er no kome så langt at skroget er tett og ein har teke fatt på innreiinga. - Me er ferdige med kjølen og har vel eigentleg berre kosearbeid att for å få ho ferdig med alt utstyr på dekk og så vidare, seier Opedal. 

Dugnadsgjengen har registrert eit interesselag som eig båten .  Gjenom det har me  finansiert omlag fire og ein halv million kroner så langt - av det fem me treng totalt.

Vangssago som er eit anna velelagsbasert restaureringsprosjekt i Kvinnherad, har bistått "mannskapet" til Gurine med å skjera tømmer. - Me har og nytta Oppgangssaga i Herand for å skjera dekksplatene.

Det siste nye no, er at dei har fått ein fin 1976 modell motor som det ikkje finst så mange av i Noreg. - Den kjøpte me totalrestaurert og har heist den gjennom taket med mobilkran og sett den på ferdig fundament som me laga sjøl.

Opedal fortel at alle slike fartøy, må ha motor i dag. - Dessutan hadde Gurine den første motoren sin på 30 - talet, det var vanleg å modernisera for det tok lang tid å segla til og frå Lofoten.

Dersom venelaget klarer å realisera restan av pengane som skal til, og alt går etter planen, er galeasen Gurine klar for sjøsetjing i byrjinga av 2019.

- Og då kjem oldebarnet til den første eigaren, Jakob T. Bleie for å vera, seier Opedal.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.




104


VG RSS
1.
 Sykkelpresidenten kan bli kastet: – Dramatisk
Norges største sykkelklubb får etter alle solemerker viljen sin: Det blir ekstraordinært sykkel-ting. Der kan sykkelpresident Harald Tiedemann Hansen bli kastet.
2.
 Slottet: Kronprinsesse Mette-Marit har krystallsyke
Kronprinsesse Mette-Marit får behandling for krystallsyke, melder Slottet på sine hjemmesider.
3.
 Filmanmeldelse «Hjemsøkt»: Søkt - som i anstrengt.
Hjemsøkes av klisjeene.
4.
 Remen Evensen på sykehus i Tyskland
På vei hjem etter at å ha kommentert verdenscup-åpningen i polske Wisla, kjente NRK-ekspert Johan Remen Evensen (32) at noe var alvorlig galt.
5.
 Tine trekker ikke omstridt ulve-kartong
Mange har reagert med sinne på de nye julemelkekartongene fra bondeeide Tine, som viser en ulv. Selskapet beholder likevel kartongene.
6.
 Disse stjernene kan bli «gratis» etter nyttår
2018 nærmer seg med stormskritt og flere storklubber skjelver: Etter nyttår kan en rekke stjernespillere forhandle med hvem de vil.
7.
 Tyrkia: Jobber for menneskerettigheter, siktet for terror
ISTANBUL (VG) Tyrkias Amnesty-sjef har sittet fengslet i snart et halvt år. På utsiden venter kollegene utålmodig.
8.
 Utøverne og ledelsen holdt hemmelig Northug-møte
Landslagsutøvere har i et hemmelig møte diskutert Petter Northugs (31) oppførsel med Norges Skiforbund.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse