Dette skriv WWF på heimesida si. Organisasjonen har kasta seg på protestbølga mot dei såkalla monstermastene og krev sjøkablar i staden for luftspenn. WWF krev at planane i Hardanger må handsamast på nytt, fortel nationen
— Noreg kan verta ei stormakt på fornybar energi, men oppnår inga storheit ved å ødelegga verdifulle naturområde, heiter det i ein artikkel på WWFs hjemmeside.
WWF (Verdens Naturfond Noreg) viser til at kraftlinjer i Oslofjorden er lagt i sjøkabel, og krev at planane i Hardanger må handsamast på nytt.
— Regjeringa viser mangel på alternativ vurdering og mangel på langsiktig tenking. Hardanger og Hardangerfjorden er mellom våre nasjonale ikon.
Me treng ein debatt om teknologiske løysinger, men og ein debatt om kva for nasjonale ikon som må vernast for framtida. Kraftentusiastane må oppdatera seg på teknologiske løysinger, og foreta økonomiske og kulturelle langtidsbetraktninger, heiter det vidare i artikkelen.
Les heile saka: nationen