Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
6.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
7.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
8.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
9.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
10.
 Mange vil rydda strender
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
14.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
15.
 Debattklimaet har vorte for hardt
16.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
17.
 Klar for musikkfest i Hardanger
18.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
19.
 1.7 millionar til Folgefonnsenteret
20.
 Det kan lønna seg å forsikra bunaden

Folkebiblioteka som debattarena
- Publisert 31. januar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Herbjørnsrud og Akskildsen.JPG
Clik on image for large version
Litteraturdebatt på Odda Bibliotek. Bilete: Tone Mannsåker

Turneen "Klimaendringar på Vestlandet" vitjar folkebibliotek i fylket i vår. Odda får besøk 7.februar og Kvinnherad 19.februar

"Korleis handtera det uunngåelege?". Politikarar vert utfordra og publikum engasjerte når turneen, i regi av Hordaland fylkesbibliotek, stoppar ved folkebiblioteka i desse dagar,  ifylgje nettsidene til Hordaland Fylke

I alt får 14 bibliotek besøk av forskar og geolog Kikki Kleiven frå Universitetet i Bergen og dagleg leiar i Norsk klimastiftelse, Lars-Henrik Paarup Michelsen. Ytterlegare tre bibliotek arrangerer utstilling. På møta stiller lokalpolitikarar som vert utfordra i spørsmål om lokale miljøtiltak både frå møteleiinga og frå engasjerte publikummarar.

Askøy folkebibliotek har hatt besøk av klimaturneen. Dei frammøtte fekk høyre eit engasjerande føredrag av Kikki Kleiven der ho sette den globale klimaforskinga inn i eit lokalt perspektiv. Deretter tok debattleiar Lars-Henrik Paarup Michelsen over podiet. Han tok dei store, globale spørsmåla ned på eit meir overkommeleg lokalt nivå, og utfordrar både publikum og politikarpanelet til sjølve å tenkje over om dei har merka seg teikn på klimaendringar lokalt.

Kvar vart det av skiløypene?

For kvifor er det slik at bjørka sprett lenge før 17. mai og plantar kjem med nye blomar seinhaustes? Og kor går ein eigentleg på ski på Askøy når vinteren kjem på ein overraskande snarvisitt?

Betre transportløysingar, reduksjon av pendlinga over brua til Bergen – både i samband med jobbreiser og shopping, meir overvatn og aukande ras- og flomfare var nokre av utfordringane politikarpanelet tok opp som utfordringar på Askøy.

Det blå kollektivfeltet

Til stor begeistring frå både ekspertar og salen lanserte varaordførar Bård Espelid eit nytt utrykk på ein gamal løysing for transport.

– Vi må bruke sjøvegen slik som i gamle dagar og ta i bruk det blå kollektivfeltet, sa varaordførar Espelid. Klimaforskar Kleiven adopterte straks uttrykket.

– Slike uttrykk kan vere ein del av løysinga, eit tiltak å vise til, eit uttrykk som går inn i språket, meinte ho.

– Kanskje dette er "The Askøy Way" for å redusera klimagassutsleppa, eit tiltak som gjer kommunen kjent og som delegasjonar frå utlandet vil komme for å sjå? spurde debattleiar Michelsen.

Slik utfordrar han politikarar, miljøaktivistar, næringslivsleiarar og andre borgarar fylket rundt til å setje ord på kva akkurat deira kommune kan gjere for å få klimarekneskapen til å gå opp.

Biblioteket som debattarena

Bibliotek som møteplass og som debattarena er ei viktig satsing for fylkeskommunen og sentral i samarbeidet med dei lokale biblioteka i fylket.

– Å lage denne klimaturneen er ein del av arbeidet med å utvikle folkebiblioteka til arenaer for offentleg samtale og debatt, seier fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt. Ein arrangementsturné kopla til fylkeskommunen sitt arbeid med klima og miljø er ein vinn-vinn-situasjon, meiner ho.

Det er noko både debattantar, innleiarar og publikum på Askøy folkebibliotek var samde i. Og no går turneen «Klimaendringar på Vestlandet. Korleis handtere det uunngåelege?» vidare til andre bibliotek i fylket.

På nettstaden til kvart bibliotek finn du nærare informasjon om stad og klokkeslett

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Kulturkrig på norsk
2.
 Netflix verdt mer enn Disney
Strømmetjenesten Netflix er nå verdt mer enn Disney.
3.
 Amerikansk Nord-Korea-ekspert til VG: – En ekstremt farlig utvikling
NEW YORK (VG) En av USAs fremste eksperter på Nord-Korea mener at risikoen for en krig er større etter at Donald Trump følte seg tvunget til å avlyse toppmøtet med Kim Jong-un.
4.
 Fant 300 år gammelt skipsvrak med skatter verdt 140 milliarder kroner
Først nå avslører forskerne at de har funnet vraket etter et spansk skip som sank med skatter som er anslått verdt opptil 17 milliarder dollar.
5.
 Nord-Korea: Fortsatt villig til å møtes
Nord-Korea sier de er fortsatt villige til å møtes etter at USA avlyste det planlagte toppmøtet mellom de to landene.
6.
 Grillbranner kostet 126 millioner i fjor sommer
I løpet av sommerhalvåret i fjor utbetalte forsikringsselskapene 126 millioner kroner etter branner og branntilløp der kilden var grill, fyrstikker og røyking.
7.
 Israels høyesterett avviser krav om stans av overdrevent maktbruk
Israels høyesterett har avvist et krav om at militæret stanser bruken av dødelig makt mot palestinere under protester og sammenstøt på Gazastripen.
8.
 Skremmer irene til valgurnene med fosterbilder
DUBLIN (VG) Med oppblåste bilder av fostre sikrer abortmotstanderne seg verdifulle tviler-stemmer før folkeavstemningen fredag.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse