Skeptikarane frykta at fredingsomfanget på Smelteverkstomta ville verta meir omfangsrikt enn det som var skissert i utgangspunktet.Haugesunds Avis melder at det "går troll i ord" når fylkeskonservatoren offentliggjer fredingsomfanget i dag
Kraftverksdirektøren i A/S Tyssefaldene er styreleiar i Smelteverkstomta Næringsutvikling AS (SNU). No skisserer han at det er mogeleg at den store smelteverkstomta, som tek halve Odda sentrum, kan verta liggande meir eller mindre brakk fordi fredingsomfanget skremmer vekk næringslivet.
– For SNU sin del, kan det verta at me berre skalkar lukene, seier Bremnes etter å ha vorte informert om forslaget til freding.
Det vert til dømes tilrådd freding av alle dei 325 omnane i «Cyanamiden», som skulle verta ein del av kjøpesenteret i Odda. Tidlegare har det vore snakk om å bevara kun ei omnsrekke.
Den omfattende fredinga gjer det og umogeleg å føra ny riksveg over smelteverkstomta. – Det er ikkje lenger plass til riksveg, konstaterer Bremnes, som legg til at det tok Odda kommunestyre seks år å einast om reguleringsplanen for tomta.
– Me føler oss lurte, seier Bremnes, som viser til at eigedomsselskapet tidligare aksepterte eit kompromiss.
Han meiner Odda kommune og har grunn til å føla seg lurt av fylket, som godkjende reguleringsplanen utan motsegn.
No frykter Bremnes at oddingane kan sjå langt etter kjøpesenter på smelteverks-tomta.
- Dei kan verna bygg etter kulturminnelova, seier Bremnes, men dei kan ikkje tvinga private eigarar til å driva muséum og omvising, seier Bremnes til h-avis