Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
6.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
7.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
8.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
9.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
10.
 Mange vil rydda strender
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
14.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
15.
 Debattklimaet har vorte for hardt
16.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
17.
 Klar for musikkfest i Hardanger
18.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
19.
 1.7 millionar til Folgefonnsenteret
20.
 Det kan lønna seg å forsikra bunaden

Trygge møteplassar i Noregs Mållag
- Publisert 9. mai 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Noregs mållag Odda
Clik on image for large version
Mållagsmøte i Odda. Bilete: Tone Mannsåker

Landsmøtet i Noregs Mållag drøfta og vedtok eit dokument for trygge møteplassar og mot trakassering. Det er fyrste gong landsmøtet har vedteke eit slikt dokument

Noregs Mållag sentralt, og alle våre ulike lokale mållag, skal vere ein god stad å engasjere seg. Noregs Mållag skal vere ein trygg organisasjon, skriv laget på nettsidene sine.

Vidare skriv dei at Norsk Målungdom vanlegvis deltek på tilskipingar i Mållaget, og at dei har eit særleg ansvar for dei unge deltakarane. Alle tillitsvalde, aktive og tilsette har ansvar for
å oppføra seg skikkeleg mot kvarandre og møta kvarandre med respekt.

Mot seksuell trakassering
Det skal ikkje vera seksuell trakassering i Noregs Mållag. I likestillingslova vert seksuell trakassering definert som uønskt seksuell merksemd som er plagsam for den som merksemda råkar. Det er altså korleis handlinga vert opplevd som avgjer om det er snakk om seksuell trakassering, ikkje intensjonen eller handlinga i seg sjølv.

Varsel om kritikkverdig åtferd
Det skal vera så enkelt som råd å varsla. Eit varsel kan innehalda mange typar bekymringar, alt frå underslag, grenseoverskridande åtferd, seksuell trakassering eller andre overgrep. Varsel skal meldast til næraste leiar i lokallaget eller fylkeslaget, og/eller til dagleg leiar i Noregs Mållag. Lagsleiar som tek mot varsel skal alltid varsla dagleg leiar så snart som råd.

Dersom ein som leiar eller dagleg leiar tek imot eit varsel, har ein ansvar for å undersøka, så godt som råd er, innhaldet i varselet. Lagsleiar tek kontakt med dagleg leiar og saman vert dei samde om kva som skal gjerast. Ut frå innhaldet i varselet, tek dagleg leiar saka vidare. Det er viktig å ta omsyn til den svake parten i saka, i tillegg til å sørga for å få fram og avklara alle sider og syn frå dei involverte i varselet. Leiar og dagleg leiar skal få skulering i korleis ta i mot og undersøka innhald i varsel.

Handsaminga av varselet skal så langt som råd skriftfestast. Uansett utfall av varselet skal dagleg leiar loggføra saka, slik at ho ligg i arkivet. Reaksjonsmåte må avgjerast ut frå kor alvorleg hendinga er. Det kan vera ein samtale der den aktuelle leiaren eller dagleg leiar gjer det klart kva som er akseptabel åtferd i Mållaget, og krav om å be om orsaking eller andre reparerande tiltak. Det kan vera informasjon om saka til aktuell valnemnd og tiltak som krev styrevedtak om utestenging frå fellesarena i organisasjonen som landsmøte og konferansar. Noregs Mållag har ikkje eksklusjonsparagraf. Hendingar som er i strid med norsk lov, vert melde til politiet.

Nokre konkrete tiltak i høve tilskipingar:

1. Ansvarleg leiing. På alle tilskipingar i Noregs Mållag skal det vere rusfrie ansvarlege personar knytte til leiinga og som har eit særleg ansvar for å følgja opp unge medlemer og medlemer i Norsk Målungdom. Alle skal få informasjon om telefonnummer til desse ansvarlege.

2. Kjønnsdelte formøte. I høve større tilskipingar som landsmøte og konferansar skal sentrallekken jamleg legga til rette for kjønnsdelte formøte både for kvinner og menn.

3. Rusfrie alternativ. Det sosiale fellesskapet er viktig i Mållaget. Det er viktig å invitera til tilskipingar utan alkoholbruk, og å ha eit medvite forhold til alkoholbruken på mållagstilskipingar der ein kan kjøpa alkohol. Noregs Mållag betaler ikkje alkohol for tillitsvalde og tilsette.

Trengst det meir detaljerte reglar, eller er det tvil i enkeltsaker, vert det lagt fram for styret i Noregs Mållag til vedtak.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Kulturkrig på norsk
Fremskrittspartiets stortingsrepresentant Jon Helgheim mener kjønnskvotering, fedrekvoter og andre tåpelige påfunn er meningsløst.
2.
 Netflix verdt mer enn Disney
Strømmetjenesten Netflix er nå verdt mer enn Disney.
3.
 Amerikansk Nord-Korea-ekspert til VG: – En ekstremt farlig utvikling
NEW YORK (VG) En av USAs fremste eksperter på Nord-Korea mener at risikoen for en krig er større etter at Donald Trump følte seg tvunget til å avlyse toppmøtet med Kim Jong-un.
4.
 Fant 300 år gammelt skipsvrak med skatter verdt 140 milliarder kroner
Først nå avslører forskerne at de har funnet vraket etter et spansk skip som sank med skatter som er anslått verdt opptil 17 milliarder dollar.
5.
 Nord-Korea: Fortsatt villig til å møtes
Nord-Korea sier de er fortsatt villige til å møtes etter at USA avlyste det planlagte toppmøtet mellom de to landene.
6.
 Grillbranner kostet 126 millioner i fjor sommer
I løpet av sommerhalvåret i fjor utbetalte forsikringsselskapene 126 millioner kroner etter branner og branntilløp der kilden var grill, fyrstikker og røyking.
7.
 Israels høyesterett avviser krav om stans av overdrevent maktbruk
Israels høyesterett har avvist et krav om at militæret stanser bruken av dødelig makt mot palestinere under protester og sammenstøt på Gazastripen.
8.
 Skremmer irene til valgurnene med fosterbilder
DUBLIN (VG) Med oppblåste bilder av fostre sikrer abortmotstanderne seg verdifulle tviler-stemmer før folkeavstemningen fredag.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse