Frå biletarkivet              


Mest leste :
1.
 Historiske hotell pålagte å bygga moderne
2.
 Ein million til Næringshagen
3.
 Hardangersemja raknar
4.
 Rockefest for heile familien - i Odda sentrum
5.
 Døydde etter fallulukke
6.
 For mange direktørar og for stort byråkrati
7.
 Turgåar funnen død ved Tørvikenuten
8.
 Unge vossingar til finalen i Union Blues Cup
9.
 Lyttar for lite til grasrota
10.
 Større omfang enn forventa
11.
 Seniordans Noreg til Hardanger
12.
 Kanskje Guiness-rekord for pølse frå Etnemarknaden
13.
 Skal det ingen ende ta?
14.
 Del dei gode idéane dine med andre
15.
 Målprisen til Universitetet i Bergen
16.
 Over Hardangervidda utan Monsen
17.
 Stor Russlandsjobb til NLI Odda
18.
 Katastrofe for Odda
19.
 SMB - Utvikling i Kvam
20.
 Eidfjord fredar rypa i år

Når fruene får viljen sin
- Publisert 15. juli 2010 av Mannsåker, Tone Marie
Kjellaug F Dagestad.JPG
Clik on image for large version
Bilete: Ivar Nistad

På Vinje, Vossestrand, er det sommarmesse  for 13. året på rad. Messa går over tre månader, og det er Kjellaug Flatabø Dagestad som styrer "butikken". Vareutvalet er utelukkande kvalitetshusflid - handverk , levert av ca 100 ulike produsentar

Kjellaug er harding, opphaveleg frå Jondal, - så interessa mi for messer, har eg nok derifrå, seier ho i samtale med Radio Folgefonn.

I utsalslokalet på Vinje bugnar det av husflidsprodukt. Det står naturlegvis ei fullt dressa bunadsdokke i lekamsstorleik i eit hjørna, men ellers er det detaljar til bunad å finna i disken. Kjellaug sjølv perlar bringklutar, - stort meir får eg ikkje tid til når er oppheld meg her tre månader i året, ler ho, - men det vert jo litt strikkaplaggg då.

Og jamen er der strikkaplagg å finna; babysokkar, knesokkar, raggsokkar, skjerf, luer, ponchoar og andre borneklde. Og på på eine sida finst det rett og slett ein sokkavegg i alle regnbogen sine fargar.

- Me har mange gjengangarar på vitjing her, fortel Kjellaug, - jamvel frå utlandet kjem det mange som har vore her før - særleg nederlendarar. Og eg tykkjer jo at det er svært kjekt. Ho fortel vidare at utlendingane er forundra over ølkjengene og historane kring dei, til dømes det at kjenga går frå hand til hand og alle tek seg ein sup.

- Me har mykje flott trehandverk her, og det er veldig kjekt at mykje av det er karveskurd - som er spesielt for Vossatraktene.

Kjellaug fortel at mange spør etter vovne løparar og, og dét er ei vare dei har seld mykje av. - Dei første åra me heldt på, vart eg kontakta av ei kvinne på 92 år, seier Kjellaug. - Ho lurte på om ho ikkje kunne få lov til å veva løparar for oss, for familien hadde sett foten ned:  Ho hadde vove nok! Og ho var sjeleglad då me starta opp her, slik at ho hadde nokon å levera nye vevnader til.

Kjellaug fortel at ho er spesielt stolt over at dei for andre året på rad kan tilby eit brurateppe som har Vossestrand sitt eige mønster. - Eg ynskte lenge at nokon skulle ta fatt på dette mønsteret, og det fekk me altså til i fjor.
I år har ho berre eitt bruarateppe att med mønsteret som er særeige for brurateppet på Vossestrand; åttebladrosa - velkjend for dei fleste hardingar og.

I varesortimentet finst det og flatbrød, krotakaker og honning, og Kjellaug fortel at på det meste har ho hatt 130 leverandørar til messa. Ho har og to frå Ulvik bondekvinnelag som leverer produkta sine på Vossestrand Sambygg der messa held til.
Kjellaug fortel at det er reint provisjonssal, og tilbydarane betaler 200 kroner i medlemsskap dersom dei sel for 1000 kroner eller meir.

Over døra til Stranda Flid heng det eit skilt med påskrifta "Fruens Vilje". Kjellaug fortel at det var namnet på eit tilsvarande utsal i Hol i Hallingdal. Då innehavaren flytta til Sverige, overtok Kjellaug skiltet som ein gimmick til sommarmessa. - Og skulle det vera utålmodige mannfolk med på handel her, kan me berre ta han med ut i døropninen og peika på skiltet, smiler Kjellaug - som legg til at det faktisk er mange menn som handlar i butikken hennar og.

Stranda Flid spring ut av Strandamesso som vanlegvis finn stad ei veke før første sundag i advent, og som har vorte arrangert i omlag 17 år; opphaveleg av eitt bondekvinnelag på Voss - no av tre bondekvinnelag. Og Strandamesse vert det i år og, i november. 



 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Arne Scheie: - Den største skalpen på Ullevaal på 17 år
(VG Nett) Fotballekspertene er full av lovord etter Norges 1-0 seier over Portugal på Ullevaal tirsdag kveld.
2.
 Lennons drapsmann nektes prøveløslatelse - for sjette gang
(VG Nett) Nesten 30 år etter drapet på John Lennon har drapsmannen søkt om prøveløslatelse. Han fikk nei for sjette gang.
3.
 Rooney lot ikke skandalene ødelegge
Den kulørte pressen har fråtset i saken om Wayne Rooneys påståtte utroskap, men spissen la alt bak seg og scoret da England slo Sveits på bortebane tirsdag.
4.
 Zlatan viste seg fram hjemme i Malmö
Sverige fikk en spiller utvist, men gjestene fra San Marino var likevel sjanseløse og ble sendt hjem med 0-6-tap i EM-kvalifiseringskampen.
5.
 Carew ofret seg for Norge
ULLEVAAL STADION (VG Nett) (Norge-Portugal 1-0) John Carew kastet seg ned i en takling som kostet han kampen, men bidro samtidig til at Erik Huseklepp kunne sikre norsk seier og en drømmestart på kvalifiseringen.
6.
 Danmark reddet av overtidsscoring
(VG Nett) (Danmark-Island 1-0) Island var svært nær å stjele poeng i København, men en sen scoring reddet tre poeng for Danmark.
7.
 Kidnappingssiktelse frafalt i Polen
Mannen som er siktet for å ha drept Camilla Samira Olsen på Kolbotn i sommer, blir trolig utlevert fra Polen om to til tre uker. Siktelsen om kidnapping av parets et år gamle sønn er frafalt i Polen.
8.
 Høyesterett dømmer rigging av cannabisplantasje
Høyesterett fastholder at tre menn må dømmes for rigging av en cannabisplantasje, men reduserer straffen fordi det var langt fram til produksjon i full skala.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

KVAMSKOGEN

SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart


Utviklet av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse - New server