Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
6.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
7.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
8.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
9.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
10.
 Mange vil rydda strender
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
14.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
15.
 Debattklimaet har vorte for hardt
16.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
17.
 Klar for musikkfest i Hardanger
18.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
19.
 1.7 millionar til Folgefonnsenteret
20.
 Det kan lønna seg å forsikra bunaden

"Prøvekøyring" av ny heimebane
- Publisert 7. februar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Iris Scene
Clik on image for large version
Bilete: JK Flattun

Programsekretær JK Flattun har snakka både med Blueslagsleiar Stein Egil Legård og Popquizleiar Ove Aase i dagens føremiddagssending. Dei er begge nøgde over at Popquiz sitt femårsjubileum er lagt til nye Iris Scene på Smelteverkstomta

Den 11. utgåva av Popquiz kan dermed ha med ein god del fleire lag enn tilfellet var på gamle Iris Scene.

Aase fortel at 21 lag var max på gamle Iris. - Me prøvde oss ein gong med 23 lag, men såg at det var for mykje, så me gjekk attende til 21 og haldt oss der.

Når Popquizen startar fredag 9. februar er det 28 lag som er påmelde og når ein veit at kvart lag kan ha inntil sju medlemer, snakkar me om eit anseeleg antal menneske på deltakarlista.

- Heldigvis har eg hjelp til å gjennomføra quizen, seier Aase. - Det er eit sekretariat på tre personar som som rettar besvaringar og tel poeng. I tillegg har eg fem personar som deler ut og samlar inn spørsmål. Og etter det dei fortel, er det ingen som har forsøkt å juksa med mobil, så det er god sportsande hjå deltakarane våre.

Det quizarane har å sjå fram til på fredag, er ni ark med spørsmål - utan svaralternativ, der må kunnskapen vera på plass.

- Det tek vel rundt to til to og ein halv timer å koma gjennom alt, seier Aase, - Men det er folk førebudd på. Popquiz er det ein kan kalla ein helaften.

Når det gjeld nye Iris Scene er han full av lovord. - Det er suverene lokae, folk kan berre gle seg.

Og det er det mange som gjer ifylgje leiaren i Blueslaget, Stein Egil Legård. - Me som har arbeidd for å få huset slik me vil ha det, har store forventningar og me veit at mange andre i lokalsamfunnet og har det, så me er veldig spente på om folk vil lika det.

9.februar er det som nemd ei slags prøvekøyring av Iris Scene. - Offisiell opning satsar me på å ha i løpet av februar. Me ventar på kommunen si handsaming av søknad om bruksendring og får midlertidig bruksendring til alt er klart.

På fredagens Popqiz vil ein kaskje kunna legga merke til at det gjenstår litt småplukk her og der, men sjølve lokala er 100 prosent ferdige ifylgje Legård.

Når det gjeld drifta av Iris Scene på Lindeplassen, vert den annleis enn drifta av Iris Scene i Lothegarden. - Me skal ha ope kvar dag med unntak av søndag, fortel Legård. - Og då tenker me i utganspunktet at me skal driva kafeen med tilbod om lunchrettar, kaker, kaffi og den slags.

Om serveringstilbodet skal utvidast til å inkludera middagsrettar og, er noko ein vil diskutera undervegs. - Me er i ferd me å tilsetja dagleg leiar i full stilling og innan turistane kjem til Odda i april - mai, tenker eg me har funne ei form på det.

Ifylgje Legård meiner styret i Blueslaget lokst utøve og styret i lokst utøve AS at kjøpet av Smelt er ei riktig satsing. - Me meiner me har vald riktig stad til rett tid og at me gjer det på rett måte.

Blueslaget lokst utøve har langsamt, men sikkert vakse inn i noko litt større. - Me starta med å ha møter rundt eit kafebord på Merkur, så leigde me eige lokale over Odda VVS, derifrå gjekk vegen via gode, gamle Iris Restaurant til me no har landa på Lindeplassen i eige hus som fører namnet Iris Scene vidare.

Legård påpeiker at vekst er viktig, men dét i rett tempo. - I Blueslaget går me ikkje inn for 120 prosent vekst, for å måtta krypa attende til la oss seia 70. Me satsar 70 prosent og så et me oss opp til 120.

Dato for offisiell opning og kva programmet vert då, kjem han attende til når alle papirer og saker er ferdig handsama.

- Du veit, det er vanskeleg å booka band, når me ikkje kan gje dei ein eksakt dato, men innan utgangen av denne månaden satsar me på at et vert.

 

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Kulturkrig på norsk
Fremskrittspartiets stortingsrepresentant Jon Helgheim mener kjønnskvotering, fedrekvoter og andre tåpelige påfunn er meningsløst.
2.
 Netflix verdt mer enn Disney
Strømmetjenesten Netflix er nå verdt mer enn Disney.
3.
 Amerikansk Nord-Korea-ekspert til VG: – En ekstremt farlig utvikling
NEW YORK (VG) En av USAs fremste eksperter på Nord-Korea mener at risikoen for en krig er større etter at Donald Trump følte seg tvunget til å avlyse toppmøtet med Kim Jong-un.
4.
 Fant 300 år gammelt skipsvrak med skatter verdt 140 milliarder kroner
Først nå avslører forskerne at de har funnet vraket etter et spansk skip som sank med skatter som er anslått verdt opptil 17 milliarder dollar.
5.
 Nord-Korea: Fortsatt villig til å møtes
Nord-Korea sier de er fortsatt villige til å møtes etter at USA avlyste det planlagte toppmøtet mellom de to landene.
6.
 Grillbranner kostet 126 millioner i fjor sommer
I løpet av sommerhalvåret i fjor utbetalte forsikringsselskapene 126 millioner kroner etter branner og branntilløp der kilden var grill, fyrstikker og røyking.
7.
 Israels høyesterett avviser krav om stans av overdrevent maktbruk
Israels høyesterett har avvist et krav om at militæret stanser bruken av dødelig makt mot palestinere under protester og sammenstøt på Gazastripen.
8.
 Skremmer irene til valgurnene med fosterbilder
DUBLIN (VG) Med oppblåste bilder av fostre sikrer abortmotstanderne seg verdifulle tviler-stemmer før folkeavstemningen fredag.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse