Mest leste :
1.
 Ambisiøst mål for reduksjon av matsvinn
2.
 Kuttar millionar i 4H-støtta
3.
 Askeskogen i Hordaland døyr
4.
 Færre døyr i landbruksulukker
5.
 Vossabadet - rein glede
6.
 Fenalåret "EU - godkjend"
7.
 Statskog har ledige hytter
8.
 Stort haustprogram på Old River Saloon
9.
 Lothepus og Tokvam i bokprat på årets symposium
10.
 Rett Bemanning melder oppbud
11.
 Lunsj med noko attåt
12.
 Satsar på auka bruk av sykkel
13.
 Hjartebank for "alle penga"
14.
 Premiere på "Industripionerane"
15.
 Fossilfrie bussar i Hordaland innan 2025
16.
 Å leva med faren for flaum og skred
17.
 Historisk sus over det første fellesmøtet
18.
 Rimeleg godt nøgd med sesongen
19.
 Full fart i Røldal
20.
 Regional kystsoneplan

Historisk sus over det første fellesmøtet
- Publisert 5. oktober 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Pål Kårbø
Clik on image for large version
Pål Kårbø. Bilete: Hordaland fylke

27.oktober er ein merkedag for Vestlandet, då vert det første fellesmøtet for fylkestinget i Hordaland og fylkestinget i Sogn og Fjordane sett, og det på historisk grunn fortel fungerande fylkesordførar Pål Kårbø (Krf)

Kårbø fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at møtet vert sett i Gulen i Sogn og Fjordane. – Det vert sett til Gulating nettopp fordi dette er ein merkedag for vår region.

Kårbø fortel at i Hordaland held ein seg til Stortingsvedtaket av juni 2016, der Hordaland og Sogn og Fjordane etter forhandling og intensjonsavtale skal slåast saman til eitt fylke, eller éin region.

- Me jobbar heilt målretta utifrå dette, seier Kårbø.

Det dei to fylkestinga er einige i så langt, er ein del av organiseringa av eit nytt fylke.

 – At sentraladministrasjon  og politisk leiing skal ligga i Bergen er me einige i, samtidig er me og at veldig opptekne av at det er viktig å ha desentraliserte tenestestader og administrasjon, slik at korkje Hordaland eller Sogn og Fjordane opplever det slik at alt skal til byen. Så me kjem til å spreia det på ein god måte i prosessen framover.

Etter det Kårbø seier, er dei to fylka einige om å koma i hamn. – Og då handlar det om å gje og ta, usemje på meir detaljnivå må ein nok rekna med, men då får me forhandla.

Storfylket vil ha om lag 620.000 innbyggarar. – Det er stort, men Hordaland åleine, er allereie i dag vel 500.000 medan Sogn og Fjordane er om lag 110.000.

I januar 2017 landa dei to fylka ein intensjonsavtale og der landa ein førebels på eitt namn for det nye Fylket: Vestlandet fylkeskommune eller region Vestlandet. – Men det formelle er at denne fellesnemnda skal utarbeida forslag til namn, fortel Kårbø.  – Så skal dette sendast inn og avgjerast i ei Stortingsmelding i løpet av våren 2018, så endeleg namn er ikkje fastsett.

Noko politikarane har utfordra styresmaktene på i intensjonsplanen og i den politiske debatten, er å få fleire oppgåver ut til dei større regionane. – Me har peikt på dette med høgskular og større innverknad på utvikling innan næringsliv. Når det kjem til helse, er det litt usemje for det er eit stort felt å flytta attende til regionane, så helse står ikkje først i køen av oppgåver no, men det er ein del av oppgåvedebatten, seier Kårbø.

Når det gjeld økonomi, understrekar Kårbø at fylkessamanslåinga ikkje først og fremst er ein effektiviseringsreform. – Det er ikkje fokus på å spara pengar, men på at vår landsdel skal verta sterkare inn mot byråkrati og direktorat i Oslo. Me er jo opptekne av å organisera oss på ein effektiv måte, men det er rett og slett ikkje sett opp sparetiltak på dette.

01.01.2020 skal samanslåinga av desse to vestlandsfylka iverksetjast ifylgje Stortingsvedtaket. – Men val til den nye regionen, skal gjerast hausten 2019, så neste kommune og fylkestingsval skal me velgja til ny region, og då er det berre éin valkrins, så partia må setja opp lister som er representative for det nye fylket.

Kårbø fortel at politikarane også er opptekne av å markera kulturen i samanslåingsprosessen. – Hordaland og Sogn og Fjordane har sterke felles røtter innan kultur, så etter at all møteverksemd er unnagjort i Gulen 27.oktober, er programmet at me skal få høyra ein del av historia til Gulatinget.


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Slik reagerer Laurén på kritikken: – Det er «bullshit»!
TØNSBERG (VG) Mikaela Laurén (41) mener de som hevder at hun ikke er god nok til å møte Cecilia Brækhus (36) i lørdagens VM-kamp ikke har peiling på boksing.
2.
 Kurdernes mareritt
På tre uker gikk full jubel og heiste flagg til totalt nederlag for kurderne i Nord-Irak. Hva skjedde?
3.
 Jo Nesbø fjernet som produsent av «Snømannen» etter eget ønske
Både Jo Nesbø og hans agent Niclas Salomonsson har hele tiden stått oppført som produsenter på «Snømannen», men denne uken ble begge navnene fjernet fra filmdatabasen Imdb.
4.
 Engelsk dominans i Champions League: – Kan være duket for sceneskifte
Selv om Roar Stokke mener man ikke må bli blendet av statistikken som gir optimisme for Premier League-klubbene i Champions League, tror han forholdene ligger til rette for suksess.
5.
 RBK-Helland kan ha funnet en viktig årsak til skadeproblemene
ST. PETERSBURG (VG) Pål André Helland (27) kan ha funnet en vesentlig årsak til alle skadeproblemene de siste årene.
6.
 Norsk ishockey: Tilbake i bakgården
Slagsmål og overfall på isen var en vinner i «Slap Shot» med Paul Newman i hovedrollen. Spillerne og klubbene i norsk ishockey har alt å tape på et comeback i bakgården til kult-filmens fighter-happy Hanson Brothers.
7.
 Lavrov til VG: – Lurer man på hvem som ruster opp i nord, må man snakke med NATO
ARKHANGELSK (VG) Russlands utenriksminister Sergei Lavrov legger ansvaret for økt spenning i nord på NATO.
8.
 En varslet ulykke
Avstanden mellom Madrid og Barcelona er for stor til at det lar seg gjøre å bygge bro over motsetningene.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse