Mest leste :
1.
 Klar for den 21. Blueshelga lokst utøve
2.
 Mat langs vegen i Eidfjord
3.
 Dei viktige vegvala
4.
 Skogen i Noreg veks
5.
 På Rullestad Aktiv blir turistane verande etter at Trolltunga er i boks
6.
 Skal balansera bruk og vern av Hardangervidda
7.
 UDI kuttar 17 asylmottak og 1.600 plassar
8.
 Americana med "Ni Liv" på Saloonen
9.
 Daniel Holten må sanka poeng
10.
 Livleg laurdag i Odda sentrum
11.
 Ytterlegare 5 millionar kroner til Musikkorpsenes år 2018
12.
 1,3 milliardar kroner til samanslåingskommuner
13.
 Ettermiddagskonsert på Iris Scene
14.
 Mykje nytt i NAV
15.
 Oppmodar alle til å bruka røysteretten
16.
 Vil ikkje ha kommunal turistskatt
17.
 Oddalansering av "Ta hand om deg"
18.
 Ikkje utbygging i Øystesevassdraget
19.
 Poesi om Sima - Samnangerprosessen engasjerer over landegrensene
20.
 Rekordlavt antal ROBEK-kommunar i 2017

På tide å prøva noko nytt
- Publisert 18. august 2017 av Mannsåker, Tone Marie
TTI Tyssedal Arkiv RF.JPG
Clik on image for large version
Tizir. Bilete: Ivar Nistad

Dét seier avtroppande direktør ved Tizir, Harald Grande, etter nesten 20 år som leiar av den store bedrifta i Tyssedal, og etterfylgjaren sin er han strålande nøgd med

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel han at "abdikasjonen"  er noko han har snakka om og hatt på tapetet i lang tid.

- Eg har tenkt at når vi har kjørt i gong smelteovnen og tinga relatert til det,er nokolunde på plass, så skulle eg trø litt til sides og arbeida med andre saker.

Det Grande i utgangspunktet skal arbeida med no, er andre saker knytt til Tizir, opp mot hovudkontoret i London. - Det vert å jobba med styrearbeid, strategiarbeid og store prosjekt.

Han fortel at mesteparten av den profesjonelle karriera hans har gått føre seg på Ilmenittsmelteverket. - Faktisk byrja eg her som prosjektingeniør åtte månader før det starta opp, så eg har ei lang og brokete karriere på denne bedrifta, dei siste 20 åra altså som direktør.
Eg kjenner nesten kvar einaste skrue og bolt i heile fabrikken, for å seia det sånn.

Grande slår fast at Ilmenittsmelteverket har vore ei suksesshistorie for Tyssedal. - Me som har nokre år på baken hugsar kampen for aluminiumsfabrikken, men hadde me hatt ein 50.000 - tonns aluminiumsfabrikk her i dag, hadde det vore særdeles vanskeleg.

Tatt i betraktining dei problema ein har hatt å stri med, meiner han at det vore ei interessant og lærerik historie og ikkje minst ei veldig bra historie for Tyssedal og Noreg forøvrig.

- Det tok 20 år å koma opp i det me kallar designkapasitet, me var ikkje der før i 2006, med mange utfordringar undervegs.

Ilmenittsmelteverket i Tyssedal var den første bedriften på smelting av ilmenitt, utanom RioTinto.

- Det er klart det har vore ei knalltøff læringskurve både i høve til det tekniske og det marknadsmessige, seier Grande. - Rio Tinto som var verdas største aktørar i denne bransjen og i fleire andre bransjar, hadde nærmast som mål å knusa oss, også  marknadsmessig.  Dei hadde føremona med å vera åleine i den marknaden og me skulle ikkje få koma inn. Så det har vore tøffe tak, men me hugsar stort sett berre det som har vore moro, og moro har me hatt mykje av, ikkje minst gjennom måten me har utvikla oss på.

Grande fortel at etter at verket i Tyssedal vart etablert, har det kome eit par andre også, mellom eitt i Sør Afrika. - Dei har hatt stort sett samme historia som oss, for ilmenittsmelting er ikkje lett.

Selskapet har kjøpt ei gruve i Senegal og i samband me det, engasjerte dei seg og i  levekår og samfunnsutvikling for lokale arbeidstakarar med familiar.

- Det gjekk ikkje heilt som planlagt, tøff lærekurve der og, det skjer uføresette ting, men no går det greit og godt i Senegal og er me på sporet att her i Tyssedal og, etter det kjedelege havariet i 2016. Det har vore motgang, men jamen har me lært og jamen er me på plass for å ta selskapet vidare. No ser det lyst ut. Me kan setta mange kryss på oversikta over oppnådde mål no, seier Grande. 

Tizir har fått mykje god omtale for miljøteknologien dei har under utvikling. - Det har vore veldig kjekt å kunna utvikla slike ambisiøse prosjekt i samarbeid med dei eigarane som me har hatt. Dei har vore støttande på dette og der har me snart iallefall tekniske løysingar. 

Grande legg ikkje skjul på at det er ein krevjande og lang veg å gå framleis. - Men me er godt i gang og dét er vel ein av dei tinga me kjem til å sjå på, både utvikling av selskapet og av prosessen. 

Når det gjeld økonomi, fortel Grande at det tok seg godt opp i 2014 og 2015. - Men no har me vore inne i ein bølgedal, marknaden stivna og det vore litt tilbakegang, men no er det på veg opp att.  Dette er me vant med i prosessindustrien. Det kunne vore verre. 

Dei tilsette ved Tizir er både kvalifiserte og stabile, og mange har vald å halda fram etter fyllte 62 år. - Men Odda er ikkje verdas navle, seier Grande. - Så for å sikra oss arbeidskraft i framtida, er det viktig å arbeida for betre vegsamband og kommunikasjon slik at det ikkje vert for lang reiseveg til at me kan få med oss dei store befolkningskonsentrasjonane i Norheimsund/Øystese og  Husnes/Rosendal.

Ifylgje Grande kan det merkast i dag at det er for lang reiseveg frå desse tettstadene, til at dagpendling er interessant. - Folk vil ikkje ha reiseveg som overstig ein time, så dét må det gjerast noko med.

Når det gjeld framtida til Tizir, ser Harald Grande lyst på den. - At Per Øyvind Sævartveit vil overta her, er regelrett strålande. Han har lang erfaring frå prosessindustrien, han har jobba her før og kjenner bedrifta og oss frå innsida og me kjenner nesten han frå innsida og.

Meldinga om at Sævartveit har sagt ja til jobben er ifylgje Grande motteke 100 % positivt ved bedrita. - Det kunne ikkje blitt betre, avsluttar han og ser sjølv fram til nye gjeremål. 





 


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Merkels brysomme rivaler
Et uventet dårlig resultat for Angela Merkel, et forventet dårlig resultat for Martin Schulz og et gjennombrudd for ytre høyre.
2.
 Supervær siste uken i september - med ett unntak
Joda, uken som kommer vil gi opphold, sol og tørt vær i store deler av landet. Med ett uvanlig unntak ...
3.
 Dæhli skadet igjen – misser landskampene i oktober
En lyskeskade har holdt Mats Møller Dæhli (22) ute av troppen til klubblaget St. Pauli de siste tre kampene. Nå ryker også landskampene mot San Marino og Nord-Irland.
4.
 Tyskland: Historsik dårlig valg for sosialdemokratene
Mens sosialdemokratene i Tyskland gjør sitt dårligste valg på mange år, enterer det høyrepopulistiske partiet AfD parlamentet for første gang.
5.
 Så nær var Kristoff VM-gullet
BERGEN/OSLO (VG) Her er bildet som viser hvor lite som skilte mellom verdensmester Peter Sagan (27) og sølvvinner Alexander Kristoff (30)
6.
 «Jakten på kjærligheten»-frier trekker seg
I mandagens episode velger én av frierne å avslutte sin jakt på kjærligheten.
7.
 To fanger fremdeles på rømmen i Hedmark
To fanger som rømte fra to fengsler i Hedmark lørdag kveld, er fremdeles på rømmen, opplyser politiet.
8.
 Egil (33) samler på Nintendospill og digger spillmusikk
Så høyt elsker Egil Johnsen lyden av Nintendo, at han har lastet ned spillmusikk fra nettet for å høre den også når han kjører bil.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse