Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
6.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
7.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
8.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
9.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
10.
 Mange vil rydda strender
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
14.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
15.
 Debattklimaet har vorte for hardt
16.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
17.
 Klar for musikkfest i Hardanger
18.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
19.
 1.7 millionar til Folgefonnsenteret
20.
 Det kan lønna seg å forsikra bunaden

Stein på stein
- Publisert 22. januar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Opo torsdag
Clik on image for large version

Det skjer ting på byggfronten i Odda kommune, og meir kjem i nær framtid ifylgje rådmann Ole Jørgen Jondahl. Gledeleg nok er ein del knytt til Smelteverkstomta, medan Opovassdraget skaper noko meir hovudbry

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel Jondahl at Gamle Yrkesskulen etter planen er innflyttingsklar til sommaren eller tidleg haust, eit hus som skal vera eit bemanna butilbod for innbyggarar med rusproblem. 

Ein er og i gong med grunnarbeidet på tomta til den nye barnehagen i Skarde. - Me reknar ein byggeperiode på vel eit år, så  me reknar med å opna barnehagen hausten 2019, når det nye barnehageåret startar.

Rådmannen fortel at reguleringsplanen for Almerket ligg til politisk handsaming no i 2018, det dreier seg mellom anna området der Dicylageret ligg i dag. - Eg reknar med at 2018 vil gå med til å behandla denne reguleringsplanen ferdig, seier han.

Når det gjeld området ved djupvasskaia somvart lyst ut for ei krone til den som hadde ein god, realiserbar ide for tomta, er det kome inn ei interessant, lokal investorgruppe. - Kommunen si arbeidsgruppe, har vurdert det konseptet investorgruppa har spelt inn, ogkKonseptet ligg til politisk handsaming i februar, fortel Jondahl.

Det skjer og andre spanande ting knytt til Smelteverkstomta, ifylgje rådmannen. Kommunen har ein plan om å byrja bygginga av nytt kryss og vegløysing på tomta, hausten 2018.  - Saka går ut på anbod i år og planlagt byggestart er september/oktober, altså etter at turistsesongen er over, seier han.

Jondahl fortel og at COOP kan starta bygging av det nye bygget sitt samtidig som vegbygginga startar. - Så framt dei ynskjer det og er ferdige med prosjekteringa av det nye bygget sitt, kan dei starta.

Det framtidige byggeprosjektet som har skapt størst temperatur før det er teke eitt spadestak, er SKL sitt flaumtunnelprosjekt i Opovassdraget.

- Konsesjonssøknaden til SKL ligg ute til høyring med frist 20.februar og kommunestyret skal hadsama høyringssaka 14.februar, fortel rådmannen som legg til at utviklingskomiteen og formannskapet i Odda også handsamar saka i månadskiftet januar - februar.

Når det gjeld denne saka, er det fleire i lokalsamfunnet som har engasjert seg mot SKL sin konsesjonssøknad og meiner at eit kraftverk i det verna vassdraget vil medføra ulemper formiljø og villaks.

- Konsesjonssøknader skaper alltid diskusjon og engasjement, seier rådmannen. - Og det er heilt klart at rådmannen og politikarane i Odda ynskjer å gjera alt me kan for å sikra at innbyggarane mot framtidige storflaumar.

Bygging av flaumtunnel i Opovassdraget, for mellom anna å avhjelpa dei hyppige oversvømmelsane på Sandvin, har fått ulike prislappar, men kostnadene ligg likevel i fleire hundremillionars - klassen. - Enten prislappen er 150 eller 300 millionar seier NVE at dei ikkje har midlar til å ta eit så stort tiltak som dette vil vera, seier rådmannen.

Stortinget har heller ikkje sett av midler utover dei 100 millionane me har fått til sikring av elva. SKL er budd på å ta ei rekning på vel 300 millionar for bygging av flaumtunnel, dersom dei får produsera straum.

Det har allereie vore folkemøte vedrørande planane for Opovassdraget. - Det vert nok eit folkemøte til før 20.februar, seier Ole Jørgen Jondahl. - Men dato er ikkje sett endå.




 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Kulturkrig på norsk
2.
 Netflix verdt mer enn Disney
Strømmetjenesten Netflix er nå verdt mer enn Disney.
3.
 Amerikansk Nord-Korea-ekspert til VG: – En ekstremt farlig utvikling
NEW YORK (VG) En av USAs fremste eksperter på Nord-Korea mener at risikoen for en krig er større etter at Donald Trump følte seg tvunget til å avlyse toppmøtet med Kim Jong-un.
4.
 Fant 300 år gammelt skipsvrak med skatter verdt 140 milliarder kroner
Først nå avslører forskerne at de har funnet vraket etter et spansk skip som sank med skatter som er anslått verdt opptil 17 milliarder dollar.
5.
 Nord-Korea: Fortsatt villig til å møtes
Nord-Korea sier de er fortsatt villige til å møtes etter at USA avlyste det planlagte toppmøtet mellom de to landene.
6.
 Grillbranner kostet 126 millioner i fjor sommer
I løpet av sommerhalvåret i fjor utbetalte forsikringsselskapene 126 millioner kroner etter branner og branntilløp der kilden var grill, fyrstikker og røyking.
7.
 Israels høyesterett avviser krav om stans av overdrevent maktbruk
Israels høyesterett har avvist et krav om at militæret stanser bruken av dødelig makt mot palestinere under protester og sammenstøt på Gazastripen.
8.
 Skremmer irene til valgurnene med fosterbilder
DUBLIN (VG) Med oppblåste bilder av fostre sikrer abortmotstanderne seg verdifulle tviler-stemmer før folkeavstemningen fredag.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse