Mest leste :
1.
 Nettradioen er oppe og går igjen
2.
 Myrkdalen Fjellandsby veks
3.
 Felles løft for gleda ved å synga
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
6.
 Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet
7.
 MS Lindenes på farten
8.
 Ein attraktiv innfallsport til Folgefonnhalvøya
9.
 "Sommarfugl" - livsfilosofi og musikk som går til hjarta
10.
 St. Olav til Ottar Grepstad
11.
 Formidlar lokal kulturarv til førskuleborn i Hardanger og på Voss
12.
 Sju nye reisemål har fått merket for bærekraftig reisemål
13.
 30 millioner til leselyst i Bokåret 2019
14.
 Vil redusera klimagassutslipp frå avskoging i Noreg
15.
 Daniel på femte plass i NM - opninga
16.
 Rekordstor påmelding til Open Gard i jubileumsåret
17.
 Klar for litt 60 - og 70 - talsmusikk?
18.
 Open for det meste av aktivitet
19.
 Den gode sommarkjensla er på plass
20.
 2,35 millionar kroner til kultur i Hordaland

Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet
- Publisert 8. juni 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Penger
Clik on image for large version
Illustrasjonsbilete

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 26,7 millionar kroner til ny forsking i landsdelen. Invertapro AS på Voss, Servicebåt AS i Austevoll og bergensbedriftene Hav Line Gruppen AS og Anderaa Data Instruments AS får millionstøtte. Det same gjer kommunane Bergen og Askøy

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) fortel i ei pressemeding at dei har vedtatt å gi 26,7 millionar kroner til ny forsking i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland. Åtte større forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor får totalt 23 millionar. I tillegg vert det løyvd 3,7 millionar til vidareutvikling av ni prosjekt som er i startfasen.

 

- Fondet ynskjer å mobilisera flest mogeleg bedrifter og kommunar til å ta i bruk forsking som middel til nyskaping og utvikling. Tal frå Noregs forskingsråd viser at vi tidlegare har lukkast godt med å rekruttera bedrifter med lita eller inga, og det er gledeleg å sjå at middela våre også i år bidrar til at fleire nye bedrifter kan gje seg i kast med forskingsstøtta innovasjon, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane og styreleiar for RFF Vestlandet.

 

Vil slakta laksen på sjøen

Om ein flyttar slakting av oppdrettslaks frå land og ut på sjøen, kan det gi både betre utnytting av slaktekapasitet, betre fiskevelferd, betre produktkvalitet og meir miljøvennlig transport. Hav Line Gruppen AS i Bergen er i ferd med å byggje verdas største flytande slakteri, båten «Norwegian Gannet», og får no tre millionar til å finne gode løysingar for slakting av laks direkte frå merd.

 

Selskapet skal mellom anna utforska metodar for trenging, pumping og avliving av fisk og analysera korleis ulike slaktemetodar, temperaturar og lagringstid påverkar produktkvaliteten. Forskarane vil også gjennomføra risikoanalysar og ta miljøprøvar gjennom heile slakteprosessen for å sikra maksimal mattryggleik og minimal smitterisiko. Dei tar også sikte på å redusera svinnet frå prosessen gjennom superkjøling av restråstoff som kan brukast av prosessindustrien.

 

- Dette er spennande forsking som kan fremja automatisering i ei havbruksnæring som er svært viktig i landsdelen vår. Ein tar sikte på å utvikla fleksibel slaktekapasitet som enkelt kan flyttast frå merd til merd, ein får færre trinn i prosesseringa og kan levera direkte til mottak utan å gå vegen om forureinande og kostbar landtransport. Kan ein i tillegg bidra til auka produktkvalitet og haldbarheit og mindre svinn, vil det vere eit løft for næringa, seier Følling.

 

Hav Line Gruppen AS vil gjennomføra forskinga i samarbeid med matforskingsinstituttet Nofima, Optimar AS, Hav Line Vessel AS, Sekkingstad AS og Downstream Marine AS.

 

Berekraftig brukav skadd laks og aure

Laksenæringa tapar inntekter i milliardklassa på grunn av fisk som vert skadd eller døyr i samband med mekanisk handtering som lusebehandling, sjukdomsbehandling eller utsortering av stor matfisk. I tillegg kjem store utgifter til transport og destruksjon av daud fisk. Servicebåt AS i Austevoll får tre millionar til å utvikla løysingar kan gjera det mogeleg å bruka denne fisken til menneskeføde av høg kvalitet, slik at ein får meir berekraftig utnytting av samla biomasse i merdane.

 

Selskapet ynskjer å ta i bruk spesialtilpassa servicebåtar for innsamling, bedøving, sortering og avliving av skadd fisk. Dei vil mellom anna utvikla patenterbar teknologi for å omgåande kunne skilje skadd og døyande fisk frå levande fisk etter til dømes lusebehandling og finna ut korleis fisk til utsortering kan samlast inn utan at det skaper stress for annan fisk i merdane. Dei skal også finne gode metodar for å ivareta råvarekvaliteten fram til vidareforedlingsanlegg.

 

- I dette prosjektet har ein ei målsetting om at 40 % av den fisken som i dag går til dyrefôr eller silofôr, skal kunna brukast til menneskemat. Det er eit offensivt mål, og verdiskapingspotensialet er følgeleg også stort. Her snakkar vi også om å etablere heilt nye forretningsmodellar for servicenæringa tilknytt havbruk, seier Følling.

 

Servicebåt AS har med seg Havforskningsinstituttet og matforskingsinstituttet Nofima AS som partnarar i forskingsprosjektet.

 

Skal fôra insekt med hushaldsavfall

Kan insektlarvar fôra opp på avfall frå hushald og næringsmiddelverksemd verta ei ny proteinkjelde forfôrindustrien? Det trur Vossa-bedrifta Invertapro AS, som får tre millionar kroner til å forska på temaet i samarbeid med renovasjonsselskapet BIR, Nibio Ullensvang og Havforskningsinstituttet.

 

Samtidig som fiskefôrindustrien er på leit etter proteinkjelder som kan erstatte fiskemjøl, er hushalds- og næringsavfall eit aukande problem. Berre på Vestlandet vart det motteke 465 000 tonn hushaldsavfall i 2016, og i tillegg kjem store mengder næringsavfall. Invertapro vil kartlegga mogelegheitene for handsaming og sortering av dette materialet, slik at det kan brukast som fôr for insekt. Fleire artar av insektlarvar er effektive omdannarar av organisk materiale, og det har tidlegare vist seg at dei også er godt eigna som fiskefôr.

 

Forskarane skal mellom anna vurdera kva typar sortert og usortert organisk avfall som høver for ulike insektartar. Dei skal også analysera innhaldet av ønskte og uønskte stoff – som til dømes miljøgifter – i insektlarvar som er fôra opp på organisk avfall levert av lokale renovasjonsselskap.

 

- Dette er spennande forsking som byggjer vidare på mellom anna eit kvalifiseringsprosjekt støtta av RFF Vestlandet. Lukkast ein, kan ein her slå to fluger i ein smekk. Forskinga kan gi meir fornuftig utnytting av avfall som det berre vert meir og meir av, og samtidig bidra til at fiskefôrindustrien – som er særs viktig for Vestlandet – får meir berekraftige proteinkjelder enn ein har i dag, seier Følling.

 

Sjølvgåande seglbøyer skannar havstraumane

Anderaa Data Instruments AS i Bergen får 1,95 millionar til å forska på bruken av sjølvgåande seglbøyer til måling avhavstraumar i overflateog øvre vasslag. Menneskeleg aktivitet til havs aukar og vert stadig meir avansert, og både energinæringa, havbruksnæringa, forsking og forvalting får behov for stadig meir presis og hurtig informasjon om korleis havet til ei kvar tid oppfører seg.

 

Så langt har ein ikkje hatt gode og rimelege metodar for å samla inn data om havstraumar i eller nær overflata. Anderaa Data Instruments vil visa at ved å kombinera deira patenterte Doppler-teknologi med sjølvgåande seglbøyer utvikla av selskapet Offshore Sensing, kan ein både dekka enorme geografiske område på økonomisk overkomeleg vis og få overført gode sanntidsdata direkte til mottakar.

 

- Å bruka sjølvgåande fartøy til denne typen målingar, vil løysa mange av dei utfordringane ein ikkje får has på med faste installasjonar. I dette prosjektet koplar ein velprøvde teknologiar på nyskapande vis, og forskinga har truleg eit betydeleg kommersialiseringspotensial både heime og ute, seier Følling.

 

Anderaa Data Instruments AS skal gjennomføre forskinga i samarbeid med ConocoPhillips Scandinavia, Offshore Sensing AS, Meteorologisk Institutt og Akvaplan NIVA AS.

 

Vil kartlegga mikroplast i bymiljø

Bergen kommune får tre millionar til å forska på spreiinga av mikroplast i bymiljø. Dei skal kartlegga omfanget av forureininga og identifisera sannsynlege kjelder og spreiingsvegar. Målet er å kunna utvikla treffsikre mottiltak som er forankra i faktisk kunnskap og ikkje basert på tru eller meining.

 

I prosjektet skal ein mellom anna undersøka kor mykje mikroplast det er i vegstøv, i jord og sand i nærleiken av kunstgrasbanar, i parkar og skogar, i avløpsslam og i offentlege naturområde. Ein vil bruka dataanalyse til å synleggjera kjeldene til plasten og deretter føreslå relevante tiltak for effektiv førebygging, opprydding og avfallshandtering. Forskinga vil kunna gi god måloppnåing for kommunen sintiltaksplan mot plast- og marin forsøpling.

 

- Spreiing av mikroplast er truleg i ferd med å bli ei av dei heilt store miljøutfordringane i vår tid. Når mikroplasten først har funne vegen ut i miljøet, er den utruleg vanskeleg å bli kvitt. Likevel har vi ikkje mykje sikker kunnskap om fenomenet, korkje når det gjeld omfang, spreiing eller kjelder. At Bergen kommune vil gå i bresjen for å etablera faktakunnskap om førekomsten av mikroplast i bymiljø, er difor svært positivt– og vil truleg også koma til nytte for mange andre byar, seier Følling.

 

Kommunen har med seg Uni Research som prosjektleder og International Research Institute of Stavanger (IRIS) som forskingspartnarar i prosjektet.

 

Mot mobbing i barnehagar

Askøy kommune får nesten tre millionar til omfattande utprøving og ferdigstilling av ein tiltakspakke mot mobbing i barnehagar. Pakken har fått namnet «Sammen mot mobbing – SaMoMo», og er ein norsktilpassa versjon av eit verktøy som er utvikla i Sveits og som har fått gode evalueringar der.

 

Føremålet med prosjektet er å førebygga, avdekka og handtera mobbing blant barn i barnehagealder. Askøy kommune innfører tiltakspakken i 16 barnehagar og gir 350 tilsette opplæring i bruken. Forskarar vil undersøke om opplæringa har effekt på personalet sine haldningar og ikkje minst på omfanget av negative hendingar blant barna. Resultata vil så verte samanlikna med tilsvarande data frå kontrollbarnehagar der tiltakspakken ikkje er innført.

 

- Det har vore stor merksemd rundt mobbing i skulane dei siste tiåra, men det finst få tiltak som er retta mot barnehagar og lite vitskapeleg dokumentasjon av effektane. Innføring av ein tiltakspakke i barnehagar i det omfanget Askøy kommune no legg opp til, vil kunna bidra med heilt ny kunnskap på feltet; også i internasjonal målestokk, seier Følling.

 

Askøy kommune har med seg Regionalt kunnskapssenter for barn og unge (RKBU Vest) og Uni Research Helse som partnarar i forskingsprosjektet.

 

 

Kvalifiseringsstøtte til ni søkjarar

Ni søkjarar frå næringsliv og kommunal sektor får til saman 3,7 millionar kroner i kvalifiseringsstøtte frå RFF Vestlandet i denne tildelinga.

 

- Å utvikla gode forskingsprosjekt tar tid og kan vere krevjande, kanskje særleg for mindre bedrifter og kommunar utan erfaring frå forskingssamarbeid. Målet med kvalifiseringsstøtta er å gje fleire moglegheit til å utvikle gode forskings- og utviklingsprosjekt som kan kvalifisere til vidare støtte, enten frå oss eller gjennom andre ordningar, seier Følling.

 

- Ei undersøking vi gjennomførte i 2017, viste at kvalifiseringsstøtta fungerer etter hensikta. 60 % av dei som gjennomførte eit kvalifiseringsprosjekt med støtte frå RFF Vestlandet, søkte seinare om midlar til større forskingsprosjekt. Av desse fekk 75 % innvilga søknadene sine og vart tildelt mellom ein og åtte millionar i nye forskingsmidlar, seier Følling.

 

Nye utlysingar

RFF Vestlandet har laupande mottak av søknader om kvalifiseringsstøtte. Nye søknader mottekne innan 6. august 2018, vert behandla på styremøte i september. Neste utlysing av forskingsmidlar til regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlege prosjekt i kommunal sektor, vil få søknadsfrist i februar 2019.

 

 

Sjå også heimesida til fondet: http://www.regionaleforskningsfond.no/Vestlandet

 

Regionalt forskingsfond Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) er ein viktig pådrivar for forskingsdriven innovasjon i næringsliv og offentleg sektor på Vestlandet. Fondet gir økonomisk støtte til forsking som utnyttar vestnorske fortrinn og løyser viktige utfordringar for landsdelen. RFF Vestlandet er ei felles ordning for fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland og samarbeider tett med Noregs forskingsråd. Dei tematiske prioriteringane er vedtekne av fylkestinga i fondsregionen. Sidan 2010 har fondet støtta vestnorsk forsking med over 300 millionar kroner.

 

Ny kunnskap driv Vestlandet framover!

 

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Kvinnelige VM-kommentatorer skaper debatt i England
Som første kvinnelige ekspertkommentator har det vært sterke meninger rundt Lise Klaveness. Også i utlandet skaper dette debatt, nå får både John Terry og Patrice Evra kritikk for sin oppførsel mot kvinnelige eksperter og kommentatorer.
2.
 Raser mot Erna Solberg: Mener hun har kjent til gjengproblemene
Tirsdag erkjente statsminister Erna Solberg at regjeringen kan bli bedre på å ta Oslo-gjengenes bakmenn. Ap og SV reagerer kraftig.
3.
 20 år med VG-lista-konserter – her er høydepunktene
I 2003 ble det publikumsrekord på Rådhusplassen da Kurt Nilsen sang vinnerlåten fra den første sesongen av «Idol». I år finner den 20. konserten på Rådhusplassen sted.
4.
 Frykter nedbemanninger etter REMA 1000-endringer
Etter nyttår vil Rema 1000 slutte å bruke varefremmere fra tredjepartsleverandører. Dette vil trolig føre til stor nedbemanning i merchandising-bransjen.
5.
 Høie svarer om luftambulanse-krisen: Innrømmer at anskaffelsene kunne vært gjort annerledes
Helse- og omsorgsminister Bent Høie innrømmer i et brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen at anskaffelsen i luftambulanse-saken kunne vært gjort annerledes.
6.
 Megan Fox er i Norge
Hollywood-stjernen Megan Fox (32) er i Norge for å spille inn en TV-dokumentar.
7.
 Suárez sikret avansement for tamt Uruguay
(Uruguay-Saudi – Arabia 1–0) Luis Suárez (31) utnyttet en keepertabbe og Uruguay er klare for åttedelsfinale. Samtidig som Saudi-Arabia og Egypt er slått ut.
8.
 Nei, jente (16) kan ikke «skylde seg selv» når bilder av henne spres på nett
Unge mennesker har en seksualitet, og det skal de få lov til å ha. Men de skal få ha den i fred, og de skal selv få bestemme over bildene de har og tar av seg selv.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse