Mest leste :
1.
 Fjelledelgran er vårt nye favorittjuletre
2.
 Historisk møte for det nye Vestlandsfylket
3.
 Jordras ved Kyrping
4.
 God jul
5.
 Forskrifter om samanslåing av Jondal, Odda og Ullensvang fastsett
6.
 På Radio Folgefonn onsdag
7.
 Sjekk fjellovegangane før du tek ut
8.
 Nedgang i arbeidsløysa i desember
9.
 Godt nytt år
10.
 På Radio Folgefonn tirsdag
11.
 På Radio Folgefonn mandag
12.
 På Radio Folgefonn tirsdag
13.
 På Radio Folgefonn fredag
14.
 På Radio Folgefonn torsdag
15.
 På Radio Folgefonn tirsdag
16.
 På Radio Folgefonn torsdag
17.
 På Radio Folgefonn fredag
18.
 På Radio Folgefonn fredag
19.
 På Radio Folgefonn torsdag
20.
 På Radio Folgefonn onsdag

Fjelledelgran er vårt nye favorittjuletre
- Publisert 19. desember 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Fjelledelgran
Clik on image for large version
Fjelledelgran. Bilete: Wikipedia

Fleire og fleire norske juletreprodusentar satsar på fjelledelgran, men den norske julegrana held framleis ein stabil del av marknaden

- Me får heilt klart fleire førespurnader om fjelledelgran no enn tidlegare, seier Ole Martin Eggen, fra Eggen Gartneri til nibio. 

Han driv juletreproduksjon, gartneri og gard i Eidsberg i Østfold. No har han levert ny last med fjelledelgran til juletreutsalet på Ski. Her sel dei normannsedelgran frå ein produsent i Vestfold, samt økologisk fjelledelgran og vanleg norsk gran frå eigen produksjon.

- Me brukar korkje sprøytemiddel eller gjødsel, fortel han.

Eggen trur populariteten til fjelledelgran skuldast at det er eit fint og smalt tre, og at det held på nålene.

- Eg testa eit tre for nokre år sidan. Nålene sat fast til hausten – nesten som eit kunstig tre. Fjelledelgran vil kunna halda seg i mange år. Fargen går litt bort, så du må kanskje spraya det før du skal bruka det igjen. Det er imidlertid viktig at det vert teke inn på riktig måte - tek ein det rett inn frå kulda, vil det kunna bråsleppa nålene, påpeikar han.

Det er likevel somme som rynkar på nasen av prisen på fjelledelgran, ifylgje Eggen.

- Det er ein del som vil ha norsk gran fordi det er billegare, og så handlar det jo om tradisjon.

Også juletreforskar Inger Sundheim Fløistad og kollega Venche Talgø frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) trur det vil verta meir edelgran å sjå i norske stover til jul framover.

- Den amerikanske trenden der ein tek inn treet tidlegare, er noko me ser meir også her heime. Me reiser meir i jula og mange ynskjer å pynta juletreet inne i god tid før jul, påpeiker Fløistad.

- Generelt er det ein trend at me vil ha noko som held lenger. Og då vil folk ha edelgran fordi den er suveren når det gjeld å halda på nålene, legg Talgø til.

Talgø og Fløistad ved NIBIO, har i mange år forska på utfordringar knytt til produksjon av juletre i Noreg, i samarbeid med juletrenæringa. Dei fortel at det vert planta meir og meir fjelledelgran i Noreg, men også mykje normannsedelgran. Ingen av desse kjem frå Noreg opphaveleg – fjelledelgran stammar frå USA og normannsedelgrana kjem opphaveleg frå Kaukasus.

- Men den norske grana er og svært aktuell – 40% av juletrea som vert dyrka her i landet, er norsk gran, påpeikar dei.

Dyrkarane tek omsyn til trendar. Fordi juletreproduksjonen er ein lang prosess må dei føresjå trendar 10 år frem i tid, seier Talgø.

Ho påpeikar at dei fleste av oss ikkje er klare over kor mykje jobb som ligg bak juletreet.

- Først må produsentane velgja frøkjelder, og så er trea i produksjon i planteskular eit par år før dei vert dyrka 8-10 år i felt. Det er mange utfordringar, jobb og oppfylgjing på vegen, mellom anna ugraskontrollar for å halda konkurrerande vegetasjon unna, og trea skal formast, gjødslast med meir. Det er og stor risiko når det gjeld frost etter utplanting i felt. Dersom toppskotet vert skada, vert veksten sett tilbake eller treet mistar verdi som juletre. Fjelledelgran er spesielt utsett for frost om våren, opplyser Fløistad.

 

John Anders Strande frå Norsk Juletre bekreftar at det vert planta meir og meir fjelledelgran i Noreg samanlikna med normannsedelgran.

- Dette er en trend me vil sjå halda fram. Det er større etterspurnad etter fjelledelgran, og dei som har areal som er eigna til produksjon av fjelledelgran, vel dette. Normannsedelgran, som ofte er breivokste tre, kan produserast billig i Danmark, men dei greier ikkje å produsera fjelledelgran av god kvalitet. Dette er klimaavhengig, og dei har hatt mykje problem med sopp og sjukdom der. Dessutan likar me i Noreg eit smalare tre enn i Danmark og Tyskland, seier han.

Vanleg gran har ifylgje Strande historisk gått tilbake til føremon for edelgran.

- For nokre år sidan gjekk den litt opp att og så flata den ut. På Austlandet ligg salet av gran på 40%, men i byar og på Vestlandet er det mindre. Det har med tradisjon å gjera, for somme skal det vera gran til jul.

For augneblinken er det noko eksport av fjelledelgran til utlandet, men produksjonen er ikkje stor nok til å levera mykje ut når etterspurnaden er så stor i Noreg.

- Fjordtree er ei registrert merkevare for norskprodusert fjelledelgran i premiumsegmentet og me eksporterer eit lite kvantum. Det er veldig stor etterspurnad og me kunne levert mykje meir, men me har ikkje trea. Grossistane vil dessutan først betena norske kundar, men det er artig og viktig å ha ein kanal til utlandet, spesielt når me får aukt volum i produksjonen av fjelledelgran i komande år, seier han.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Her er demens-testen Donald Trump besto med glans
Presidenten har fått full score på en kognitiv test. Det gjør han ikke eksepsjonell, melder eksperten.
2.
 Samfunnstopp sedelighetssiktet: Politiet leter etter mulige fornærmede i databeslag
TROMSØ (VG) To menn har status som fornærmet i saken mot den sedelighetssiktede samfunnstoppen i Troms. Nå leter politiet gjennom beslaglagt elektronisk materiale etter andre mulige fornærmede.
3.
 Brannangrep i Chile under pavebesøk
Tre helikoptre, en skole og en kirke ble satt i brann i Chile rett før pave Frans skulle holde messe i byen Temuco.
4.
 Avis publiserte stjålne bilder av Nora Mørk
ZAGREB/OSLO (VG) Det går fra vondt til verre for Nora Mørk (26). Nå har en østeuropeisk avis valgt å publisere stjålne, private bilder av håndballstjernen.
5.
 Rigmor Aasrud ny finanspolitisk talsperson i Ap
Etter at Trond Giske trakk seg som finanspolitisk talsperson i Arbeiderpartiet, er det nå klart at Aasrud overtar.
6.
 Politiet om siktet forsvarsadvokat: Brøt taushetsplikten i grov narkotikasak
Politiet mener avlyttede telefonsamtaler beviser at en forsvarsadvokat brøt taushetsplikten i en grov narkotikasak på Østlandet i 2014.
7.
 Listhaug: Vil stoppe «monstrene på nettet»
Onsdag ble Sylvi Listhaug overrakt nøklene til justisdepartementet. En av de viktigste tingene fremover vil bli å bekjempe «monstrene på nettet» som begår overgrep mot barn, sier Listhaug til VG.
8.
 Tidligere TIL-trener Terje Skarsfjord er død
Ble 75 år gammel.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse