Mest leste :
1.
 Hardangergullsmed bak fulltreffaren NR01
2.
 "Prøvekøyring" av ny heimebane
3.
 Målmedviten musikkstudent på springbretttet
4.
 Stein på stein
5.
 Dårlege vegar pregar kvardagen i Hordaland
6.
 H.M. Dronning Sonja stiller ut i Galleri G. Guddal i jubileumsåret
7.
 Nytt lys i mørketida
8.
 Snarvisitt i "Skuggane sin dal" før lyset vart tent
9.
 "På ein søndag" ut på høyring
10.
 Festidalen byttar helg
11.
 Endringar i reglar for opptak til høgare utdanning
12.
 Folkebiblioteka som debattarena
13.
 Vil ha innspel frå innbyggarane
14.
 Til kamp for råderett over krafta
15.
 Tru det eller ikkje - årets tema er LØGN
16.
 150 tunnelar på Vestlandet vert rusta opp
17.
 Rekordmange vel norsk flagg
18.
 På Radio Folgefonn onsdag
19.
 Rekordomsetning på Grüne Woche i 2018
20.
 Noreg får som første land spesialtrent innsatsteam for helsekriser

Antidopingprosjekt for vidaregåande skular
- Publisert 14. mars 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Tabletter.JPG
Clik on image for large version
Illustrasjonsbilete

Eit antidopingprosjekt som skal gå over to år starta i august i fjor, og er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune og Antidoping Norge (ADNO)og hovudfokus er retta inn mot den vidaregåande skulen

– Doping er gambling med kroppen. Eg trur mange ikkje skjønar risikoen. Me vil gje dei unge kunnskap til å ta riktige val, seier Ruth Velsvik. Ho har ei prosjektstilling i Antidoping Norge for å jobba mot doping i Hordaland fortel Hordaland fylke på nettsidene sine.

– Den største målgruppa er elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland, men og støtteapparatet rundt, som lærarar, rådgjevarar, helsesyster og andre yrkesgrupper som jobbar med unge menneske som er utsett for doping. Ved å førebygga doping, kan me spara behandlingsapparatet og belastning på den enkelte og deira omgangskrets. Biverknader av doping vil ikkje berre råke den som brukar dop, men og alle rundt.

Ruth Velsvik er tilsett i Antidoping Norge og er engasjert av Hordaland fylkeskommune for å mobilisere til god folkehelse og kamp mot doping. Antidoping Norge er ei stiftelse, oppretta i 2003 av kultur- og kyrkjedepartementet, Norges idrettsforbund og Norges Olympiske komite.

– Førebygging er mitt fagfelt, seier Velsvik som har hovudfag i psykologi og skreiv hovudfagsoppgåve om negativ kroppsoppfatning hjå unge og førebygging av risikofaktorar for mellom anna spiseforstyrring. Ho har jobba tett opp mot ungdom, kropp, utsjånad og sjølvkjensle.

Tendensen viser at det er aukande bruk av doping hjå unge menneske.

– Me har indikasjonar på at fleire brukar dopi. Tollvesenet gjer fleire beslag enn før. I 2013 vart doping kriminalisert i Noreg, og politiet har søkelys på dette. Det er forbode både å ha og bruke doping i Noreg. Ungdom skal vita at dette kan gjera dei kriminelle. Bruk av doping er ikkje berre eit problem innan idretten, det er eit folkehelse-, kriminelt- og samfunnsproblem.

Tal frå Scentio (2016) indikerer at fire prosent av unge mellom 18 og 25 år har brukt doping, basert på eit utval på 1003 spurte.

– På Vestlandet svarte fem prosent at dei hadde brukt doping. Tidligare tal har vist livstidsførekomst på om lag to prosent, men like fullt med varierande tal. 22 prosent av ungdommane i det same utvalet seier at dei kjenner nokon som brukar doping. Tala viser og at dobbelt så mange gutar som jenter dopar seg.

Velsvik seier det er fleire årsaker til at unge dopar seg.

– Ungdom brukar doping for å endre korleis dei ser ut, korleis kroppen er sett saman med tanke på feitt og musklar, eller for å auka prestasjonane. Dei jaktar på drøymekroppen, legg ut bilete på sosiale medium og håpar å få mange "likes". Dette går på sjølvkjensle. I enkelte miljø rasjonaliserer og normaliserer dei bruk av doping og har tankar og myter om at tilleggspreparat vil kunne dempa biverknader. Nye preparat vil i seg sjølv kunna tilføre nye biverknader.

Velsvik seier at ho ikkje er ute etter å moralisera, men for å forklara konsekvensane av doping.

– Me vil informera slik at ungdomen kan ta val. Me vil gje korrekt og riktig informasjon og unngå skremselspropaganda. Dei som vurderer dop, må vita om mogelege konsekvensar. Nokre unge undervurderer risiko ved bruk av doping. Det er risikofylt for psykisk og fysisk helse. Doping set kroppens eigen produksjon av hormon ut av aktivitet og kan føre til angst, depresjon, impotens og psykisk ustabilitet. Ein kan oppleva auka aggresjon, og det kan føre til familievald. Indre organ kan ta skadar, og ein stør opp om kriminell verksemd. Me ser og ein klar samanheng mellom dop og rus.

Ruth Velsvik har som mål å reisa rundt på så mange vidaregåande skular i fylket som mogeleg.

– Eg skal skipa til seminar og kurs om doping. Om skular eller miljø oppdagar at dei har eit dopingmiljø, kan me rettleia og undervisa. Me har utvikla eit modulbasert undervisingsprogram i seks modular «rein elev» som omfattar kosthald, dopingmiddel, konsekvensar av bruk av dopingmiddel, motivasjon for doping/kroppspress, og idrett og doping. Dette er klasserombasert undervising, men ikkje berre for elevar. me kan ha seminar både for tilsette i skulen og føresette for risikogrupper.

Alle vidaregåande skular i Hordaland kan nytte seg av tilbodet som er gratis.

– Det er lett å integrera antidoping i læreplanar. Eg kan gje forslag til undervisingsaktivitetar, til dømes i naturfag og gymnastikk, helsefremjande fag og idrettsfag. Meininga er at skulane skal ha undervisingsopplegg som dei kan nytta når prosjektperioden er over. Antidopingarbeidet skal leva vidare, seier Ruth Velsvik.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Ivan Patrick (24) bygde gigant-iglo i hagen til svigerforeldrene
Har kanadieren Ivan Patrick Madureira (24) bygget Norges største iglo? Søndag inviterte han 40 venner og naboer til å se herrestafetten i hulen sin.
2.
 Lindsey Vonn slår tilbake mot Trump-troll
Lindsey Vonn (33) ble bombardert med hatefulle meldinger på sosiale medier etter at hun måtte nøye seg med 6. plass i OLs super-G.
3.
 FN-Solheim i München: Derfor henger krig og klima sammen
MÜNCHEN (VG) FN-topp Erik Solheim har brukt sikkerhetskonferansen i München til å hamre inn budskapet hos verdens ledere om at klima og konflikt henger tett sammen.
4.
 Syriske flyktninger selger egne organer for å overleve
MALATYA (VG) Arrene dekker hele magen. I desperasjon la de seg under operasjonskniven og ofret leveren sin for å brødfø familien.
5.
 Solbakken og FCKs åttende tap for sesongen: – Det har vært tungt
(Midtjylland – København 3-1) Krisen fortsetter for Ståle Solbakken og de regjerende seriemesterne i København. Aldri før har han tapt åtte kamper i en sesong med FCK og nå henger Europa-spill neste sesong i en tynn tråd.
6.
 Tottenham dummet seg ut mot lille Rochdale: 2–2
(Rochdale-Tottenham 2–2) Tre minutter på overtid slapp Tottenham inn målet som gjorde at lille Rochdale får omkamp på Wembley.
7.
 Salma Hayek lurte alle
Salma Hayek (51) stilte med blondt hår lørdag. Det viste seg å være juks.
8.
 Det er typisk norsk å være gullende god
PYEONGCHANG (VG) Etter en helg som denne er det grunn til å pynte litt på Gro Harlem Brundtlands klassiske ordtak. Ved hjelp av gullskrift.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse