Det nystarta Stalheim Oppleving har kontor i Haugsvik, og onsdag 14.juli hadde dei jomfrutur med den spesiallaga passasjertilhengaren - trekt av traktor, frå Stalheim til støls. Og eigen grindagut hadde dei sjølvsagt med
Synnøve Galåsen Olsen som er prosjektleiar i Stalheim Oppleving, fortel i samtale med Radio Folgefonn at det var det lokale songlaget som fekk æra av å vera den første passasjerlasta på den guida turen til stølen.
Turen i den - etter det Synnøve fortel, komfortable vogna, går frå Stalheim innover i Brekkedalen, forbi Sivle Gard, Vetlestølen og Storestølen. Det er guide med som fortel om historia til landskapet dei køyrer gjennom.
På stølen vert det ein pause på omlag halvannan time, der passasjerane kan vandra litt rundt. - Alle får ein handlaga trekopp, fortel Synnøve, - og med den kan dei henta seg vatn direkte frå bekken. Og det er eksotisk for mange. Ho seier at turen byr på ei fin naturoppleving, og det beste er at den passar for alle.
- Eldre menneske er ei gruppe me har tenkt særskilt på, seier ho. Tilhengaren har plass til rullatorar og det er fint å koma seg av på toppen. - Det er mange som går rundt og ynskjer seg kanskje ein siste tur til støls eller til fjells, men som er for dårlege til beins til å koma opp. No får dei sjansen.
Det er og ein fin tur for småbornsfamiliar, etter det Synnøve fortel, og tilhengaren klarer og å ta med barnevogner. - Me ynskjer å ligga utanfor Cruisetrafikken, seier ho. - Me fokuserer på det nære og autentiske; med utsikt, frisk luft og ro i naturen.
Og grindaguten Emil Mittun seier at han gler seg til grindagutjobben. Det er ikkje alle niåringar som har sommarjobb nemleg. Han skal følga med på tilhengaren opp og ned, og kanskje fell det nokre myntar hans veg, slik det gjorde på grindagutane for 100 år sidan.
Stalheim oppleving ynskjer å utvida konseptet etter kvart med fleire historiske stiar. Denne sommaren tilbyr dei og kløvhesttur til Ruste Gard, ein nedlagt plass i brandsetdalen. Der får ein koka kaffi på den gamle grua på garden, og til å styra det heile har dei ein erfaren guide og hestemann.
Synnøve seier at samarbeidet med Stalheim Landskapspark er svært godt, og at 40 kroner frå kvar løyst billett, går til Landskapsparken sitt arbeid med å vedlikehalda og stella naturen.
Turen går fast kvar onsdag og laurdag kl. 11.00 og laurdag klokka 16.00. Dei som vil vera med må tinga plass innan klokka 14.00 dagen før. For kontakt: bookingstalheim@gmail.com
Synnøve og Emil kan ein høyra på Radio Folgefonn i uke 29.