Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
6.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
7.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
8.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
9.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
10.
 Mange vil rydda strender
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
14.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
15.
 Debattklimaet har vorte for hardt
16.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
17.
 Klar for musikkfest i Hardanger
18.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
19.
 1.7 millionar til Folgefonnsenteret
20.
 Det kan lønna seg å forsikra bunaden

Meiner turisme trugar villreinen
- Publisert 24. april 2018 av Mannsåker, Tone Marie
rein_reinsdyr-6.medium[1]
Clik on image for large version
Illustrasjonsbilete

Turismen på Hardangervidda om sommaren kan vere ein trussel for Nord-Europas største villreinstamme. Ferdselen i nasjonalparken kan ha blitt eit hinder for at kalvane får nok mat, skriv nrk

– Villreinkalvane på Hardangervidda er små. Slaktevekta har i fleire år vore på 12–13 til 14 kilo. Det er ein god del mindre enn det ein finn i område som det er naturleg å samanlikne seg med.

Det seier villreinforskar Olav Strand ved Norsk institutt for naturforsking. Han har vore med på å utarbeida ein ekspertrapport om tilstanden til villrein i dei 23 villreinområda i landet.

– Simlene på Hardangervidda er også i dårleg stand. Små simler føder små kalvar seint på sommaren, og vil vere små på hausten. Men det er ein treg prosess å snu utviklinga, seier Strand.

Naturforvaltar Kjetil Heitmann arbeider med ein besøksstrategi for verneområda på Hardangervidda på oppdrag for fylkesmennene og tilsynsutvala i Hordaland, Telemark og Buskerud.

Han seier at opplysningane vil få konsekvensar for planlegginga av ferdselen.

– Eit av dei områda som er peika på som problematisk, er turiststien frå Haukeliseter, forbi Hellevassbu til Litlos. Den stien kan ha ein så stor ferdsel at villreinen blir hindra frå å bruke delar av vestvidda på sommarstid.

Heitmann fortel at NINA også har peika ut området frå riksveg 7 til Tinnhølen langs ein veg som blei bygt i samband med kraftutbygging. Der er det veldig stor trafikk heilt inn til nasjonalparken.

– Her er det også så mykje ferdsel at villreinen har vanskar med å bruke dette området om sommaren og hausten.

Vegard Gundersen i NINA registrerer ferdsel på Hardangervidda. Han
seier til nrk at det er samla mykje kunnskap om villreinen på Hardangervidda, mens det finst lite kunnskap om korleis ferdselen påverkar levemåten til villreinen.

– Det som er spesielt for Hardangervidda er at villreinen er trengt oppe i eit hjørne. Den brukar veldig lite av det arealet som er tilgjengeleg sommarstid. Og det er litt påfallande at den brukar dei areala der det ikkje er nokon ferdsel.

Villreinen brukar om lag 20 prosent av Hardangervidda om sommaren. Resten av vidda brukar ikkje villreinen, og der er det mykje folk.

Miljødirektoratet arbeider nå med ein kvalitetsnorm for villrein og ei uavhengig ekspertgruppe har foreslått eit trafikklyssystem for villreinområda.

nrk sine nettsider kan du lesa meir om det og sjå ei oversikt over områda reinen held seg til ulike tider på året.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Kulturkrig på norsk
Fremskrittspartiets stortingsrepresentant Jon Helgheim mener kjønnskvotering, fedrekvoter og andre tåpelige påfunn er meningsløst.
2.
 Netflix verdt mer enn Disney
Strømmetjenesten Netflix er nå verdt mer enn Disney.
3.
 Amerikansk Nord-Korea-ekspert til VG: – En ekstremt farlig utvikling
NEW YORK (VG) En av USAs fremste eksperter på Nord-Korea mener at risikoen for en krig er større etter at Donald Trump følte seg tvunget til å avlyse toppmøtet med Kim Jong-un.
4.
 Fant 300 år gammelt skipsvrak med skatter verdt 140 milliarder kroner
Først nå avslører forskerne at de har funnet vraket etter et spansk skip som sank med skatter som er anslått verdt opptil 17 milliarder dollar.
5.
 Nord-Korea: Fortsatt villig til å møtes
Nord-Korea sier de er fortsatt villige til å møtes etter at USA avlyste det planlagte toppmøtet mellom de to landene.
6.
 Grillbranner kostet 126 millioner i fjor sommer
I løpet av sommerhalvåret i fjor utbetalte forsikringsselskapene 126 millioner kroner etter branner og branntilløp der kilden var grill, fyrstikker og røyking.
7.
 Israels høyesterett avviser krav om stans av overdrevent maktbruk
Israels høyesterett har avvist et krav om at militæret stanser bruken av dødelig makt mot palestinere under protester og sammenstøt på Gazastripen.
8.
 Skremmer irene til valgurnene med fosterbilder
DUBLIN (VG) Med oppblåste bilder av fostre sikrer abortmotstanderne seg verdifulle tviler-stemmer før folkeavstemningen fredag.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse