Mest leste :
1.
 Nettradioen er oppe og går igjen
2.
 Myrkdalen Fjellandsby veks
3.
 Felles løft for gleda ved å synga
4.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
5.
 Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet
6.
 MS Lindenes på farten
7.
 "Sommarfugl" - livsfilosofi og musikk som går til hjarta
8.
 St. Olav til Ottar Grepstad
9.
 Formidlar lokal kulturarv til førskuleborn i Hardanger og på Voss
10.
 Sju nye reisemål har fått merket for bærekraftig reisemål
11.
 30 millioner til leselyst i Bokåret 2019
12.
 Vil redusera klimagassutslipp frå avskoging i Noreg
13.
 Daniel på femte plass i NM - opninga
14.
 Rekordstor påmelding til Open Gard i jubileumsåret
15.
 Den gode sommarkjensla er på plass
16.
 2,35 millionar kroner til kultur i Hordaland
17.
 NRK oppfyller ikkje nynorskkrava
18.
 Fare for angrep av rognebærmøll i 2018
19.
 Skandinavisk Tivolipark kjem attende
20.
 Forbod mot all bruk av eld utandørs i Odda og Ullensvang

Sjå opp for nye "husdyr" når veden kjem i hus
- Publisert 15. desember 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Rune Djønne og vedstabel.JPG
Clik on image for large version
Rune Djønne høgg ved i Skjeggedal. Bilete: Ivar Nistad

Nordmenn er glade i å fyra med ved, men når veden kjem inn, fylgjer det med ei rekke ulike småkryp. Dei aller fleste er ufarlege, men somme artar bør ein vera merksam på

- Ved av ulik herkomst, handsaming og kvalitet kan ha ulike insekt i seg. Lagringstilhøve, treslag, kor i landet med meir, er viktige faktorar for kva slags insekt som kan fylgja med ved, opplyser insektforskar Torstein Kvamme frå Norsk institutt for bioøkonomi - NIBIO .

Somme av artane ein bør vera på utkikk etter, er borebiller. Det er mange artar av desse, men dei har alle til felles at dei kan gnaga i ved. Borebillene er imidlertid avhengige av at det fins mykje fukt, og somme må også ha råte. Dei tre vanlegaste borebillene som kan gjera stor skade, er råteborebille, mjuk borebille og ikkje minst stripete borebille.

Husbukken kan også gjera alvorleg skade på trevirke i hus, men den er ikkje like vanleg.

- Den er utbreidt i store delar av verda og ein trur den har vorte innført til Noreg med trevirke. Heldigvis er utbreiinga her til lands agrensa til dei områda med varmast klima som Hvaler, Telemarkskysten, Sørlandet og fjordstrøka på Vestlandet, sier Kvamme.

Borebiller er kjent under mange lokale namn - mellom anna tremakk, tremark, mått, mott, mit, mår, veggsmed, dødningeur, bankebille med meir.

Generelt er skader av borebiller vanlegare i kyststrok enn i innlandet på grunn av høgare fuktighet. - Men når borebiller er etablert i eit trevirke og tilhøva ligg til rette, kan dei gnaga i generasjon til generasjon til virket er heilt øydelagt, seier Kvamme.

Mjuk borebille er avhengig av barkrestar for å kunna etablera seg i ved og bygningsvirke. Arten betyr imidlertid lite som skadegjerar i hus, og annen behandling enn å fjerna barkrester er ikkje naudsynt.

- Råteborebilla kan gjera meir skade. Den treng høg luftfuktigheit og angrip først og fremst tre som er skadd av fukt og soppangrep, så råten er det eigentlege problemet. Ved store angrep bør det øydelagte treverket skiftast ut, og ein bør eventuelt utføra kjemisk behandling, seier insektsforskeren.

Stripete borebiller er den av borebillene ein bør frykta mest. På landsbasis er den ein mykje større skadegjerar enn husbukken, fordi den er meir utbreidt. Den angrip både bartrevirke og løvtreslag - derfor fins den ofte også i møblar.

- Denne billa kan leva i mange generasjonar i det same trevirket, heilt til det er oppete, seier Kvamme. Han opplyser at angripe trevirke bør behandlast kjemisk. Dersom skaden er stor, bør det skiftast. I tillegg må ventilasjonen betrast så fukten vert redusert.

- Heldigvis er borebiller mindre vanlege i moderne husvære. Skal ein påvisa borebilleangrep må ein sjå etter biller. Desse kan ein ofte finna i vinduskarmar fordi dei er vert tiltrekte av lys. Dryss av fint boremel er også teikn på eit aktivt angrep.

Kvamme anbefaler å sjekka ved frå gamle hus godt – men også gamle tregjenstandar bør undersøkast nøye.

Husbukken er ifylgje Kvamme, truleg det skadeinsektet folk fryktar mest skal komma inn i hus og hytte. Og med rette! Den er eit stort problem når den angrip treverk.

Det er larvene som gjer skaden når dei gneg i trevirke av bartre. Alder og kvalitet på trevirket er viktig – gran og splintveden av furu er særleg utsette. Angrep kan pågå i fleire tiår til trevirket er ete opp. Ifylgje insektforskaren er husbukken ein varmeelskende art og det er vanleg at den angrip dei soleksponerte sidene av huset samt takkonstruksjonar.

Husbukken kan også fly og dermed forflytta seg frå hus til hus for eiga maskin.

Det er mogeleg at eit stadig mildare klima kan påvirka spreiinga av husbukk. Kvamme seier det er gjort lite forsking på dette, men at det stadig er husbukkpopulasjonar som gjer skade på hus.

- Det er ein mogelegheit at populasjonane kan auka utbreiiga si dersom tilhøva ligg til rette.


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Storrvik: – Situasjonen til Breivik er blitt verre
Advokat Øystein Storrvik sier begrunnelsen til Strasbourg er grundig, men mener livssituasjonen til massedrapsdømte Anders Behring Breivik er uholdbar.
2.
 Maria Mena til VG: – Noe av det ekleste jeg har vært med på
Den norske artisten er i villrede etter at uvedkommende har kommet seg inn på hennes personlige Instagram-konto. Nå er kontoen med nesten 80.000 følgere slettet.
3.
 Israels førstedame tiltalt for bedrageri
Sara Netanyahu, gift med Israels statsminister Benjamin Netanyahu, er tiltalt for bedrageri og misbruk av sin stilling.
4.
 Skuespillerdebutant Amanda- nominert: – Jeg hadde veldig prestasjonsangst
– Å formidle historien om et nasjonalt traume er et stort ansvar å legge på skuldrene til en 19- åring, sier Andrea Berntzen, som er nominert til Amanda for sin rolle i filmen «Utøya 22. juli».
5.
 Uavgjort for Hareides Danmark - Poulsen i nytt straffedrama
SAMARA/OSLO (VG) (Danmark-Australia 1–1) Åge Hareide (64) sa tirsdag at det er like før han setter fotlenke på Yussuf Poulsen så han ikke lager mer plunder i eget felt. Torsdag var Leipzig-spilleren igjen skyld i VAR-straffe imot - og Australia utlignet til 1–1.
6.
 Avsløringen som forundrer idrettsverdenen
I et samfunn hvor «jeg»-fokuset er større enn noen gang, klarer toppidretten gjennom landslagsmodellen å stå for en «vi»-kultur, og det er vi stolte av.
7.
 Mistenkt skytter i XXXTentacion-drap arrestert
Flere medier siterer åpne politikilder på at én person er i varetekt etter at den kontroversielle rapperen ble skutt på åpen gate mandag.
8.
 Torpedodømt: Laila sto ved siden av meg da jeg ringte
Lars Petter Pedersen (47) sier at han ble ført bak lyset da han truet tidligere medlemmer av addictologi-miljøet. Nå forteller han mer om samarbeidet med Laila Mjeldheim i Det Norske Kartselskapet.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse