Frå biletarkivet              


Mest leste :
1.
 Historiske hotell pålagte å bygga moderne
2.
 Ein million til Næringshagen
3.
 Hardangersemja raknar
4.
 Rockefest for heile familien - i Odda sentrum
5.
 Døydde etter fallulukke
6.
 For mange direktørar og for stort byråkrati
7.
 Turgåar funnen død ved Tørvikenuten
8.
 Unge vossingar til finalen i Union Blues Cup
9.
 Lyttar for lite til grasrota
10.
 Større omfang enn forventa
11.
 Seniordans Noreg til Hardanger
12.
 Kanskje Guiness-rekord for pølse frå Etnemarknaden
13.
 Skal det ingen ende ta?
14.
 Del dei gode idéane dine med andre
15.
 Målprisen til Universitetet i Bergen
16.
 Over Hardangervidda utan Monsen
17.
 Stor Russlandsjobb til NLI Odda
18.
 Katastrofe for Odda
19.
 SMB - Utvikling i Kvam
20.
 Eidfjord fredar rypa i år

Draumen som vart verkeleg
- Publisert 3. juli 2010 av Mannsåker, Tone Marie
Gruppa foran huset.JPG
Clik on image for large version
Bilete: Tone Mannsåker

Sidan 1710 har det opphavelege hovudbruket på Mannsåker vore drive av den samme slekta. Denne helga er det 300-årsmarkering på garden, og 39 ættlingar av dei som emigrerte til Amerika, har kome til gards for å feira saman med sin norske familie

Den forrige gardbrukaren på garden, Olav Mannsåker, hadde ein draum; å få ha nettopp ei slik samkome på garden i 2010. Han dreiv garden til han nærma seg 90 år, men gjekk diverre bort før 300 -årsjubiléet.

Torunn Sandvin som har overteke garden saman med mannen sin, bestemte seg for at draumen likevel skulle verta røyndom, og inviterte ættlingar av dei som utvandra frå Mannsåker, til gards. Og heile 39 personar har teke seg bryet med å vitja røtene sine; garden Mandsager, som slektsnamnet var i gamle dagar. Og den amerikanske delegasjonen består av menneske som er meir enn perifert i slekt med kvarandre, der er syskengrupper og mor, far og born - grupper, og jamvel eit par borneborn.

I samtale med Radio Folgefonn seier Torunn Sandvin at etterkomarane av dei som vandra ut til Amerika, er svært gode på slektshistorie - slik at mange av dei var klåre over 300 - års jubiléet, og ynskte å markera det "heime".

Torunn fortel at i 1710 gifta Margreta Olsdotter Jaastad, frå Jaastad, seg med Orm Mikkelson Tokheim, og dei kjøpte garden på Mannsåker. Sidan har garden gått frå slektsledd til slektsledd, og Torunn er 10. generasjon som driv garden.  

Oldefar til Torunn heitte Ole Mikkelson, han var eldst av seks sysken og overtok garden. Alle dei fem andre emigrerte til Amerika for å finna seg eit utkome. - Dei fleste amerikanarane som er her no, seier Torunn, - er etterkomarar av bror til oldebesten som heitte Lars. Og grunnen til at dei så gjerne kjem til Noreg, trur eg er den at Lars lengta så fælt heim. Han kom faktisk heim att ein tur og.

Lars Mikkelson gifta seg med ei kvinne frå Låte, Brita Laate, og saman fekk dei mange born - som alle har halde kunnskapen om og kjærleiken til Mannsåker vedlike. - Måndag skal dei alle saman til Låte for å møta slekta der, fortel Torunn. Og i eldhuset fann me faktisk tre representantar frå Låte-slekta, i full sving med å baka krotakaker på gamlemåten - til glede for dei tilreisande ( fastbuande og).

Dei amerikanske gjestene kjem frå Minnesota, Houston -Texas, Portland - Oregon, North Carolina, og den første Mandsager - farmen som vart anlagt i USA, ligg og vert framleis drive,  i Hardy - Iowa. - That´s where they all came from, seier ein "medbragt" ektemann, med eit smil, og svært mange av dei har vitja denne første farmen som Mandsager-slekta etablerte på amerikansk jord. Også dei som driv denne garden, heiter - ved eitt av lagnaden sine krumspring, - Sandvin, og er i slekt med Lars som driv på Mannsåker saman med Torunn. 

Ein ung mann frå Minnesota fortel at han nyss har delteke i ei Mandsager - samling, som rett og slett er ei samlinga av etterkomarane til dei fem som vandra ut, og etterkomarane av den eine som vandra ut i generasjonen etter dei. - Me er mange hundre med Mannsåkerblod i årene, fortel dei stolt, og me er spreidde over heile USA, men me veit om kvarandre, og likar godt å treffast for å mimra om gamlelandet og dei som gjekk føre oss.

Torunn og Lars Sandvin med familie tok heile den store gruppa, samt lokalt busette slektningar, med på kulturstien i Mannsåkerlia, med stogg på Flåten og forfriskningar som hadde stått natta over i koldahola - som held frie grader pluss året rundt. 

Vel nede att vart det gedigent traktement med kortreist mat. Grynasteik, laks, hjortekarbonader, potetkaker og krotakaker med meir. Og maten - den fekk bein å gå på etter turen i lia.

Lars Sandvin fortel at det har vore mykje arbeid med det gamle våningshuset som vart bygd i 1895. Det er no attende i fordums prakt på utsida, og innvendig er det mykje likt slik det var då Torunn var lita.  Målet er at huset skal verta mest mogeleg slik det var originalt, seier Lars med eit smil, - men noko skal ein jo overlata til neste generasjon. 


 

 

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Arne Scheie: - Den største skalpen på Ullevaal på 17 år
(VG Nett) Fotballekspertene er full av lovord etter Norges 1-0 seier over Portugal på Ullevaal tirsdag kveld.
2.
 Lennons drapsmann nektes prøveløslatelse - for sjette gang
(VG Nett) Nesten 30 år etter drapet på John Lennon har drapsmannen søkt om prøveløslatelse. Han fikk nei for sjette gang.
3.
 Rooney lot ikke skandalene ødelegge
Den kulørte pressen har fråtset i saken om Wayne Rooneys påståtte utroskap, men spissen la alt bak seg og scoret da England slo Sveits på bortebane tirsdag.
4.
 Zlatan viste seg fram hjemme i Malmö
Sverige fikk en spiller utvist, men gjestene fra San Marino var likevel sjanseløse og ble sendt hjem med 0-6-tap i EM-kvalifiseringskampen.
5.
 Carew ofret seg for Norge
ULLEVAAL STADION (VG Nett) (Norge-Portugal 1-0) John Carew kastet seg ned i en takling som kostet han kampen, men bidro samtidig til at Erik Huseklepp kunne sikre norsk seier og en drømmestart på kvalifiseringen.
6.
 Danmark reddet av overtidsscoring
(VG Nett) (Danmark-Island 1-0) Island var svært nær å stjele poeng i København, men en sen scoring reddet tre poeng for Danmark.
7.
 Kidnappingssiktelse frafalt i Polen
Mannen som er siktet for å ha drept Camilla Samira Olsen på Kolbotn i sommer, blir trolig utlevert fra Polen om to til tre uker. Siktelsen om kidnapping av parets et år gamle sønn er frafalt i Polen.
8.
 Høyesterett dømmer rigging av cannabisplantasje
Høyesterett fastholder at tre menn må dømmes for rigging av en cannabisplantasje, men reduserer straffen fordi det var langt fram til produksjon i full skala.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

KVAMSKOGEN

SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart


Utviklet av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse - New server