Terje Kollbotn, leiar i LO i Indre Hardanger, fortel at LO sin Sommarpatrulje merkar ein ny tendens i år. - Det er tydeleg dei 25 åra med systematisk sommarpatrulje har virka , for i år kjem ungdomar til oss og bed om å få organisera seg
I sitt 25-ande år har Sommarpatruljen 19 personar i aksjon i Indre Hardanger. I samtale med Hans Henrik Løken (RF) seier Kollbotn at dei fordeler seg på Odda, Ullensvang og Eidfjord, med hovudvekt på servicenæringa. - Det er i hovudsak hotell, serveringsstader, bensinstasjonar og kioskar og liknande som vert oppsøkt i år, seier Kollbotn.
Etter det Kollbotn seier er det ikkje mykje å setta fingeren på hjå dei ulike arbeidsgjevarane, dei fleste har greie arbeidskontraktar. - Det har hendt at det er nokosom ikkje har vore heilt bra, men ikkje noko graverande som må rapporterast til Arbeidstilsynet eller politiet, seier Kollbotn, - og me vert godt motteke når me kjem.
Eit par verksemder vil få ei oppfølgingsvitjing av Sommarpatruljen for å sikra at alt er "på G", men Kollbotn meiner at det absolutt har vore ei positiv utvikling å sjå i løpet av dei 25 åra dei har halde på. - Men det er jo eit stykke att til 100% organisering endå.