Statens vegvesen vil utvida areala til vegføremål. Det er i første rekke sonene utanfor sjølve vegen Vegvesenet vil utvida ved bygging av ny veg eller utbetring av eksisterande. Forslaget vert begrunna med aukt trafikktryggleik, fortel nationen
Med to meter ekstra på kvar side, kan vegbyggarane fjerna fleire tre, steinar og andre fysiske hinder som kan medføra fåre ved utforkøyringar. I tillegg kan meir vegetasjon ryddast unna for å betra sikten både til sidene og framover.
— Betre sikt til sidene, vil redusera fåren for viltpåkøyrsler, og dessuten føra til at utsikta frå vegen vert betre, skriv Statens vegvesen i eit forslag til nye retningslinjer. Forslaget er sendt til høyring med frist 15. september i år.
Forslaget gjeld berre for riksvegar, skal det gjelda for fylkesvegar, må fylkeskommunane ynskja det.
Les heile saka: nationen