Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
6.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
7.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
8.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
9.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
10.
 Mange vil rydda strender
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
14.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
15.
 Debattklimaet har vorte for hardt
16.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
17.
 Klar for musikkfest i Hardanger
18.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
19.
 1.7 millionar til Folgefonnsenteret
20.
 Det kan lønna seg å forsikra bunaden

Andreas Skogseth ny reiselivsdirektør i Hardanger
- Publisert 19. april 2018 av Mannsåker, Tone Marie
reisemål hardangerfjord
Clik on image for large version
Logo

Reisemål Hardanger Fjord AS har tilsett Andreas Skogseth (35) som ny reiselivsdirektør. Skogseth kjem frå stillinga som dagleg leiar i Visitfonna AS. Han har tidlegare arbeidd som prosjektleiar for utviklinga av skiturisme i Fjord Norge og vore tilsett ved Finse 1222

Styreleiar i Reisemål Hardanger Fjord AS, Borghild V. Vik, seier i ei pressemelding at det var mange kvalifiserte søkarar og at det er gjennomført ein grundig tilsettingsprosess. 

-  Me er trygge på at Andreas er rett person til å leia arbeidet med å fremja og utvikla Hardanger som besøksmål i framtida, fortel Vik.
Ho  er glad for at Skogseth har takka ja til stillinga. - Andreas har brei erfaring frå arbeid med marknadsføring, produktutvikling og innovasjon i reiselivet. Han har skjøtt stillinga si som leiar ved FONNA Glacier Ski Resort på ein særs god måte og eg er trygg på at han vil leia arbeidet i Reisemål Hardanger Fjord på ein like god måte, seier Vik. Styreleiaren nemner særskilt at sesongutviding og auka verdiskaping per turist vil vera viktig fokus for Skogseth.

Andreas Skogseth er glad for tilliten. - Hardanger er ein av dei fremste reiselivsregionane i Noreg, og området har gode leverandørar som tilbyr opplevingar i verdsklasse! Spanande og kontrastfylte naturopplevingar og ei rik kulturhistorie gjer Hardanger til ein region med eit bredt spekter å spela på. Eg ser verkeleg fram til å ta fatt på jobben som reiselivsdirektør og arbeida med spanande prosjekt saman med ei næring i solid vekst. Eg ynskjer å vidareføre det gode arbeidet som er lagt ned i Reisemål Hardanger Fjord, men og utforska nye måtar å skapa merksemd om Hardanger for å få fleire gjester til området, seier den tiltredande reiselivsdirektøren.

Andreas Skogseth leier no prosjektet med å få på plass eit nytt velkomstsenter på Folgefonna. For å kunna halda kontinuiteten i dette arbeidet, tiltrer han først til hausten i stillinga som reiselivsdirektør. Dette er eit viktig prosjekt for regionen og Skogseth vil i samarbeid med styret i Visitfonna og Reisemål Hardanger Fjord sikra at overgangen til ny leiar, vert godt ivaretatt. Avtroppande leiar i Reisemål Hardanger Fjord, Hans Jørgen Andersen, har sagt seg villig i å vera i stillinga så lenge der er naudsynt for å få ein god overgang.

Reisemål Hardanger Fjord AS (RHF) er eit felles marknadsføringsselskap eigd og finansiert av kommunar og reiselivsverksemder i Odda, Ulvik, Ullensvang, Eidfjord, Kvam, Granvin, Jondal og Kvinnherad. Selskapet har tre tilsette og omset årleg for rundt 6 millionar kroner. I reiselivet er Hardanger ein av Noreg sine mest kjende merkevarer. I dei seinare åra har det vore ein god vekst og auke i besøk frå inn- og utland. Reiselivsrelatert omsetnad i regionen utgjer kring 1,5 mrd. kroner pr. år og står for rundt 1.200 årsverk i Hardanger.


 

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Kulturkrig på norsk
Fremskrittspartiets stortingsrepresentant Jon Helgheim mener kjønnskvotering, fedrekvoter og andre tåpelige påfunn er meningsløst.
2.
 Netflix verdt mer enn Disney
Strømmetjenesten Netflix er nå verdt mer enn Disney.
3.
 Amerikansk Nord-Korea-ekspert til VG: – En ekstremt farlig utvikling
NEW YORK (VG) En av USAs fremste eksperter på Nord-Korea mener at risikoen for en krig er større etter at Donald Trump følte seg tvunget til å avlyse toppmøtet med Kim Jong-un.
4.
 Fant 300 år gammelt skipsvrak med skatter verdt 140 milliarder kroner
Først nå avslører forskerne at de har funnet vraket etter et spansk skip som sank med skatter som er anslått verdt opptil 17 milliarder dollar.
5.
 Nord-Korea: Fortsatt villig til å møtes
Nord-Korea sier de er fortsatt villige til å møtes etter at USA avlyste det planlagte toppmøtet mellom de to landene.
6.
 Grillbranner kostet 126 millioner i fjor sommer
I løpet av sommerhalvåret i fjor utbetalte forsikringsselskapene 126 millioner kroner etter branner og branntilløp der kilden var grill, fyrstikker og røyking.
7.
 Israels høyesterett avviser krav om stans av overdrevent maktbruk
Israels høyesterett har avvist et krav om at militæret stanser bruken av dødelig makt mot palestinere under protester og sammenstøt på Gazastripen.
8.
 Skremmer irene til valgurnene med fosterbilder
DUBLIN (VG) Med oppblåste bilder av fostre sikrer abortmotstanderne seg verdifulle tviler-stemmer før folkeavstemningen fredag.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse