Granvin Ap vil i prinsippet vera avvikla som partilag - like til Jens Stoltenberg har vore på vitjing i bygda. Avisa Hordaland fortel at lokalpolitikarane, med ordføraren i spissen, legg ned alle verv i partiet som følge av kraftlinjevedtaket
Det vert ikkje masseutmelding av Granvin Ap, men alle tillitsvalde i partilaget legg ned verva sine. Slik vart utfallet av det ekstraodinære medlemsmøtet onsdag kveld.
Nær 30 personar var til stades på møtet, opplyser Jan Ivar Rødland, som var listetopp for Granvin Ap ved kommunevalet i 2007, og som sidan har vore ordførar i Granvin.
- Dette betyr at nær halvparten av partiet sine skrivne medlemer var til stades på møtet, som det tok tre klokketimar å gjennomføra.
- Og fram til han personleg har vore i Granvin og gjort som me krev, vil alle verva i Granvin Arbeidarparti vera nedlagde. Dette gjeld alle tillitsvalde frå styreleiar Bjørn Inge Folkedal og nedover i systemet, like til partiet si valnemnd.
Betyr det også at du sjølv ikkje vil vera ordførar lenger?
- Nei. For det er folket i Granvin som har valt meg til ordførar, ikkje partiet. Alle Granvin Ap sine representantar i formannskap og kommunestyre vil på same måte utføra jobben folket i Granvin har valt dei til, understrekar Jan Ivar Rødland.
Kjelde: avisa-hordaland