Det manglar dokumentarbare tal på betydninga av cruisenæringa. Aktørar innafor cruise tvilar på at skipa stjel mange gjester frå hotella på land, seier direktør Wenche Nygård Eeg i Cruise Norway til Aftenposten
I 1998 kom det 150.000 cruiseturistar til Norge. I år er det venta at nærare ein halv million cruisepassasjerar går i land. Samtidig opplever overnattingsstader på land, særleg hotell, svikt eller svak vekst.
Kvar eineste natt gjennom sommaren er det sannsynlegvis mellom 4000 og 7000 passasjerar som søv på eit cruiseskip langs norskekysten. Det har vorte hevda at dei legg att milliardbeløp på land, men fleire hotelleigarar har uttrykt skepsis til tala.
– Cruisenæringa har klart å skapa eit bilete av seg sjølv som noko glamorøst og lukrativt for Noreg, men eg meiner det er grunn til å stilla spørsmål om effekten. Ein cruisepassasjer gir minimale inntekter samanlikna med ein turist på land, seier direktør Edmund Utne ved Ullensvang hotell i Hardanger.
Toppar i reiselivet åtvarer no mot å skapa frontar mellom sjø og land. Direktør Kristian B. Jørgensen i markedsføringsorganet Fjord-Norge har registrert negative kommentarar frå landbaserte aktører.
– Men me må forsøka å integrera cruise som en del av reiselivet, ikkje setta cruise opp mot andre deler av reiselivet, meiner han.
Les heile saka: aftenposten