Mest leste :
1.
 Jordras ved Kyrping
2.
 God jul
3.
 Forskrifter om samanslåing av Jondal, Odda og Ullensvang fastsett
4.
 På Radio Folgefonn onsdag
5.
 Nedgang i arbeidsløysa i desember
6.
 Sjekk fjellovegangane før du tek ut
7.
 Godt nytt år
8.
 På Radio Folgefonn tirsdag
9.
 På Radio Folgefonn mandag
10.
 På Radio Folgefonn fredag
11.
 På Radio Folgefonn torsdag
12.
 Med eigne ord
13.
 På Radio Folgefonn tirsdag
14.
 På Radio Folgefonn fredag
15.
 På Radio Folgefonn torsdag
16.
 På Radio Folgefonn fredag
17.
 På Radio Folgefonn onsdag
18.
 På Radio Folgefonn torsdag
19.
 Voggesongar undervegs
20.
 På Radio Folgefonn tirsdag

Er det Arbeidarpartiet som avgjer lagnaden til Odda sjukehus?
- Publisert 25. april 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Odda Sjukehus-inngang.JPG
Clik on image for large version
Arkivbilete

SV, Senterpartiet, KrF og Venstre vil alle gå mot regjeringas framlegg om å legga ned akuttkirurgien i Odda. Førebels sit Arbeidarpartiet på gjerdet, ifylgje Klassekampen

Helseminister Bent Høie frå Høgre har gått inn for å legga ned akuttkirurgien ved Odda sjukehus. Dermed går regjeringa inn for å kraftig redusera tilbod ved det minste akuttsjukehuset i Noreg.

Morssjukehuset til Odda er Haugesund. Dit er det over to timar køyreveg.

SV og KrF har begge levert inn framlegg om å sikra akuttkirurgien ved to sjukehus: SV ved Odda og KrF ved Flekkefjord.

For Flekkefjord vart gårsdagen ein jubeldag: Høie gjer det klart at han ikkje vil legga ned akuttkirurgien her. Det er likevel venta at KrF vil stø framlegget om å redde Odda sjukehus.

Sjølve framlegget frå SV har denne ordlyden: «Stortinget ber regjeringen sikre at akuttkirurgien og traumemottak opprettholdes ved Odda sykehus.»

Senterpartiet er – ikkje overraskande – mot å leggje akuttkirurgien ved landets minste lokalsjukehus.

Venstres Terje Breivik, sjølv frå Ulvik i Hardanger, har òg gjort det klart at dei vil kjempe for Odda på Stortinget: «Om nødvendig vil Venstre sikre akuttkirurgisk beredskap i Odda på Stortinget», uttalte Breivik til Hardanger Folkeblad i april. 

Dermed er det Arbeidarpartiet som kan vippa saka.

Dei er i utgangspunktet sterkt imot å overstyra vedtak av denne typen. Torgeir Micaelsen, helsepolitisk talsperson i Ap, skriv i ei tekstmelding at det er «ikke ideelt at Stortinget skal inn i enkeltavgjørelser om enkeltsykehus. Men situasjonen er nå så spesiell at vi likevel vil vurdere det».

Ruth Grung, som òg sit i Stortingets helse- og omsorgskomité frå Ap, er sjølv frå Hordaland. Ho stadfestar at Ap er kritiske til det som no skjer i Odda, men kan ikkje love at dei røystar ned regjeringa:

– Nei, vi er opne på at vi må sjå korleis vi handterer dette, seier ho.

Grung meiner at Bent Høie ikkje har følgt opp føringane i den nasjonale sjukehusplanen om akuttberedskap i Odda.

I Odda sit Ap-ordførar Roald Aga Haug og håpar at partiet hans reddar akuttilbodet.

– Eg baserer meg på det Grung, Micaelsen og Støre har sagt: Det er eit ufråvikeleg krav at det framleis er akuttberedskap i Odda. No er det eit fleirtal av fem parti på Stortinget, og då forventar eg at dei finn løysingar saman. Det finst eit de facto-fleirtal på Stortinget, seier Haug til Klassekampen.

1. mai har Odda invitert toppar frå alle partia til Odda.

– Vi har invitert Høie hit fire gongar, men han har ikkje kome. Vi har invitert han på nytt 1. mai, og eg forventar at han møter, seier Haug.

SV-leiar Audun Lysbakken håpar no at Ap vil sikre sjukehuset inst i Sørfjorden.

– Vi lovar omkamp i Stortinget. Det blir ein test på kva vilje Stortinget har til å gripe inn i sjukehussektoren. Dette er politikk. Om ikkje folkevalde har ei meining om det – då har vi eit demokratisk problem, seier Lysbakken til Klassekampen.

Han tolkar signala frå Arbeidarpartiet som at dei er svært kritiske til å legga ned akuttkirurgien ved sjukehuset i Odda.

– Då må dei vere klare til å la det gjelda i stortingssalen òg. Det nyttar ikkje å skuve føretaksmodellen framfor seg, her har statsråden teke ei avgjerd, meiner hordalendingen.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Jusprofessor: Høyre må vurdere å politianmelde Unge Høyre-saken
Strafferett-professor Alf Petter Høgberg mener at Høyre må vurdere å politianmelde voldtekts-anklagene i Unge Høyre, uavhengig av om varslerne ønsker det. Men partileder Erna Solberg ønsker ikke å anmelde nå.
2.
 52 døde i bussbrann i Kasakhstan
52 personer mistet livet da det tok fyr i en buss i Kasakhstan. Bare fem klarte å berge seg ut.
3.
 Løfshus beskyldes for å ville unngå stempel som Northug-vraker
ULLEVAAL (VG) Landslagssjef Vidar Løfshus blir beskyldt for å ta ut Petter Northug (32) til OL som reserve, for å holde sin egen rygg fri. Det avviser sjefen selv.
4.
 Fikk søppelbilen i husveggen - trodde det var jordskjelv
En søppelbil havnet nesten inne på kjøkkenet til en familie i Flekkefjord torsdag morgen.
5.
 Friidrettsstevne i Russland: Dopingjegerne kom - da trakk 36 utøvere seg
36 friidrettsutøvere trakk seg fra stevnet i Irkutsk da dopingjegere uventet dukket opp.
6.
 Krever klare kriterier for russere som skal få delta i OL
19 nasjonale antidopingbyråer, blant dem Antidoping Norge, etterlyser klare kriterier for de russiske utøverne som skal få grønt lys til å delta i vinter-OL.
7.
 Kneler fastlegeordningen vil blålysmedisinen lammes
En av de viktigste oppgaven fastlegen din har er å ta seg av akutt syke pasienter. En krise i fastlegeordningen kan derfor ha alvorlige konsekvenser for akuttmedisinsk behandling i og utenfor sykehus.
8.
 Amsterdams storflyplass stenges på grunn av uvær
Alle flygninger til og fra Schiphol ved Amsterdam er inntil videre innstilt på grunn av uværet som rammer Nederland og flere europeiske land.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse