Mest leste :
1.
 Klar for den 21. Blueshelga lokst utøve
2.
 Mat langs vegen i Eidfjord
3.
 Dei viktige vegvala
4.
 Skogen i Noreg veks
5.
 På Rullestad Aktiv blir turistane verande etter at Trolltunga er i boks
6.
 Skal balansera bruk og vern av Hardangervidda
7.
 UDI kuttar 17 asylmottak og 1.600 plassar
8.
 Americana med "Ni Liv" på Saloonen
9.
 Daniel Holten må sanka poeng
10.
 Livleg laurdag i Odda sentrum
11.
 Ytterlegare 5 millionar kroner til Musikkorpsenes år 2018
12.
 1,3 milliardar kroner til samanslåingskommuner
13.
 Ettermiddagskonsert på Iris Scene
14.
 Mykje nytt i NAV
15.
 Oppmodar alle til å bruka røysteretten
16.
 Vil ikkje ha kommunal turistskatt
17.
 Oddalansering av "Ta hand om deg"
18.
 Ikkje utbygging i Øystesevassdraget
19.
 Poesi om Sima - Samnangerprosessen engasjerer over landegrensene
20.
 Rekordlavt antal ROBEK-kommunar i 2017

Det viktigaste er å komma i mål
- Publisert 19. august 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Helga Tverdal_132649
Clik on image for large version
Helga S. Tverdal. BileteTone Mannsåker

Helga Schöbitz Tverdal var i utgangspunktet på jakt etter eit lokale på bakkeplan der ho kunne driva verksemda si, då augo fall på det 100 år gamle huset i Bakkegata som gjennom åra har hyst diverse aktørar i næringslivet

Førsteinntrykket hennar av huset, var at det hadde utruleg mange veggar og dører. – Dei første gongene eg traska rundt her, gjekk eg meg rett og slett vill. Det var så mange krinkelkrokar at det nesten ikkje var til å tru. Det var reine labyrinten.

At denne karakteristikken stemmer, vert understøtta av det faktum at det tok om lag eit halvt år og 25 store containarar å tømma huset.

- Eg kjende ikkje til alle utfordringane som låg framfor meg då eg kjøpte huset, men det eg såg, var potensialet som desse vel 774 kvadratmetarane bruksareal  - fordelt på fem plan, hadde.

Mellom det som er gjort i huset, er installasjon av ny berande konstruksjon i stål og ny trapp mellom alle plan – også den i stål. Det er støypt  nytt betongdekk i kjellaren og heissjakt, og lagt nytt tak.

Tverdal fortel at huset hadde sunke 32 cm frå det høgaste til det lavaste punktet. – Me måtte losna huset frå grunnmuren og setta inn ei mengd søyler med små jekkar under og så jekka det opp, litt etter litt..

Ho har og fått grunnen under huset sjekka for å forsikra seg om at huset står på stabil grunn

Huset skal innehalda ei blanding av næringslokale og leiligheiter. Det vert eit næringslokale i kjellaren og to i første etasje der det og kjem handicaptoalett. Alle tre næringslokala har ho fått leigetakarar til.

Vidare oppover i huset kjem det leiligheiter, seks tilsaman, to på 40 kvadratmeter, ein på 50, to på 70 og ein på 130 kvadratmeter. Alle unntatt ein, har uteareal.   – Det har vore eit ope spørsmål kor vidt me skal bruka leiligheitene til kortidsleige eller om me skal selga dei, seier Tverdal. – Planane har endrar seg undervegs, så akkurat no ser det ut til at me kjem til å selga.

Førebels har Tverdal ikkje fått økonomisk støtte frå noko anna hald enn banken som har innvilga lån. 

- Og dét til eit mykje større prosjekt enn det me trudde i byrjinga. Det dukkar stadig opp uføresette utgifter og store utfordringar som må løysast, og då må me endra planane våre, for det viktigaste av alt, er å komma i mål, ikkje at alt vert slik me opphaveleg såg det føre oss, seier ho. 

At Tverdal har søkt Odda kommune om økonomisk støtte og fått avslag har Hardanger Folkeblad formidla. Ho fortel at ho valde å søka Vekst – og strategifondet om støtte. – Eg  leste meg opp på vedtekter og på næringsplanen til Odda kommune for å få klarheit på kva fondet støttar, og  meiner sjølv at dette renoveringsprosjektet ligg godt innafor målsettinga og målgruppa deira.

Akkurat no ser det ut til at prosjektet vil koma på om lag 20 millionar kroner, ganske mykje meir enn ein trudde ved prosjektstart.  

Helga Tverdal er likevel rakrygga optimist. – Eg gir meg ikkje, dette skal gå bra, sjølv om det dukkar opp skjær i sjøen heile tida. Eg har inntrykk av at heile Odda set pris på at det vert gjort noko med dette huset, det er jo såpass stort at ei oppussing av fasaden er reine byfornyinga, så eg undrar meg over kvifor det sit så langt inne for Odda kommune å bidra litt økonomisk.

For Tverdal sin del, har møtet med Bakkegata 4A utløyst ei uventa og uvanleg bratt læringskurve. – Men eg er så heldig at eg har mange flinke folk med meg, for eg ante ikkje kva eg gjekk til, korkje bygningsteknisk eller økonomisk. .

Hadde ho visst på førehand kor store kostnadene kom til å verta, hadde ho aldri gitt seg i kast med renovering av huset i Bakkegata, det er Tverdal heilt tydeleg på, men som ho sa sjølv – det er mange oddingar som er glade for at ho gjorde det.

Etter ein rundtur i huset som no har ope areal på alle plan, mange, store, nye vindauge og luftig utsikt frå andre høgda og oppover, skjønar ein kvifor Tverdal valde å satsa, det er gode nærings- og bu-einingar som er i ferd med å ta form.
Helga Tverdal kjøpte ein uslipt diamant og med ukueleg pågangsmot og utallege arbeidstimar er ho fast bestemt på å bringa det gamle huset i Jugendstil attende til fordums prakt, og vel så det.

Det  ferdige produktet vonar ho å kunna visa fram våren 2018.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Sagan: – Jeg er overrasket over at folk liker meg selv om jeg slo Kristoff
BERGEN (VG) Peter Sagan (27) trodde ikke at bergenserne skulle hylle ham slik de gjorde etter hans tredje strake VM-tittel.
2.
 Merkels brysomme rivaler
Et uventet dårlig resultat for Angela Merkel, et forventet dårlig resultat for Martin Schulz og et gjennombrudd for ytre høyre.
3.
 Supervær siste uken i september - med ett unntak
Joda, uken som kommer vil gi opphold, sol og tørt vær i store deler av landet. Med ett uvanlig unntak ...
4.
 Dæhli skadet igjen – misser landskampene i oktober
En lyskeskade har holdt Mats Møller Dæhli (22) ute av troppen til klubblaget St. Pauli de siste tre kampene. Nå ryker også landskampene mot San Marino og Nord-Irland.
5.
 Tyskland: Historsik dårlig valg for sosialdemokratene
Mens sosialdemokratene i Tyskland gjør sitt dårligste valg på mange år, enterer det høyrepopulistiske partiet AfD parlamentet for første gang.
6.
 Så nær var Kristoff VM-gullet
BERGEN/OSLO (VG) Her er bildet som viser hvor lite som skilte mellom verdensmester Peter Sagan (27) og sølvvinner Alexander Kristoff (30)
7.
 «Jakten på kjærligheten»-frier trekker seg
I mandagens episode velger én av frierne å avslutte sin jakt på kjærligheten.
8.
 To fanger fremdeles på rømmen i Hedmark
To fanger som rømte fra to fengsler i Hedmark lørdag kveld, er fremdeles på rømmen, opplyser politiet.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse