Mest leste :
1.
 Dramatisk endring i plantelivet på fjelltoppane
2.
 36 millionar kroner til betre psykisk helse hos barn og unge
3.
 Rekordstor hjortejakt
4.
 Prosjektet har på ingen måte stoppa opp
5.
 Derfor er påsken reine eggefesten
6.
 Tom Roger Aadland på Utne Skjærtorsdag
7.
 Turne over Hardangervidda - natur og kultur hand i hand
8.
 På Radio Folgefonn mandag
9.
 Vossajazz - prisen til Benedicte Maurseth
10.
 Rødt over sperregrensa
11.
 Snøskredvarslinga si anbefaling: Unngå alt skredterreng denne påsken.
12.
 Milepæl for Inn på tunet
13.
 Museum, musikk og mysterium
14.
 Hotmix på Agatunet
15.
 Norovirus bit ikkje på hallingar
16.
 Betydeleg nedgang i artsmangfaldet i skogen
17.
 Søviknes avventar høyring om omstridt kraftkabel
18.
 Seig vinter gir kritisk høymangel
19.
 Slurvar med kjeldesortering i feriane
20.
 Knallhard vinter for hjorten i Indre Hardanger

Prosjektet har på ingen måte stoppa opp
- Publisert 26. mars 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Toralv Mikkelsen
Clik on image for large version
Toralv Mikkelsen. Bilete: JK Flattun

Hordaland Fylkeskommune har gitt Norconsult i tilleggsoppgåve å sjekka ut ein del påhogs - talternativ til det mange vonar vert den nye tunnelen mellom Austrepollen og Nordrepollen

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel styreleiar i Jondalstunnelen AS, Toralv Mikkelsen, at Norconsult skal levera ein sluttrapport til Fylkeskommunen straks over påske.

- Prosjektet har på ingen måte stoppa opp, det er under vidare bearbeiding for å seia det slik. Det er her som med alle andre tunnelprosjekt, at ein kan gå inn ulike stader.

Mikkelsen fortel at det er gjort nokre nye undersøkingar for å slå fast kva for alternativ som er best.

- I Nordrepollen er dei forsåvidt einige om kor påhogget bør koma, men i Austrepollen har det vore tre, fire alternativ. No sist då dei hadde befaring der,  såg ein nærare på eit par alternativ som ligg litt lengre opp mot dagens Folgefonntunnel.

Etter det Mikkelsen seier, er det inga usemje mellom dei fire tunnelkommunane  - Odda, Kvinnherad, Jondal og Kvam, om å greia ut dette prosjektet. - Men så er jo sjølvsagt den store utfordringa å få finansieringa på plass. Det er alt for tidleg å seia noko sikkert om kor store kostnadene vert og korleis ein skal finansiera dei, men alle fire kommunanestår samla.  

Styret i Jondaltunnelen skal ha eit møte like over påske med eit etterfylgjande eigarmøte. - Der vil eigarane få høve til å uttala seg om prosessen vidare og der trur eg ein vil finna kvarandre og arbeida saman med hovudaksjonæren, Hordaland Fylkeskommune - som på mange måtar er den mest sentrale aktøren i dette.  

Kor vidt kommunereforma som trør i kraft i 2020 vil ha noko å seia for kostnadsfordeling i høve til ny tunnel, er det for tidleg å meina noko om, meiner Mikkelsen.

- Men det som er positivt, og som me har merka oss, er at trafikken i Jondalstunnelen heilt sidan den vart opna 7.september i 2012, har vore jamt aukande, og no i forkant av påsken, har omlag 950.000 bilar totalt sett, køyrd gjennom. Bil nummer 1 million vil truleg passera gjennom rundt midtsommar i år. 

Det som er Jondaltunnelen AS si primære oppgåve no, er å sjå på takstane, fortel Mikkelsen. - Me får jo eit nytt takstregime, så me arbeider no med å sjå på korleis dette vil slå ut for Jondalstunnelen. Der er me i eit nært samarbeid med Statens Vegvesen og eigarkommunane for å finna løysingar som gjer at dei nye takstane som vert iverksette ein gong i 2018, ikkje slår alt for negativt ut for dei faste brukarane av tunnelen.

Jondalstunnelen AS er i ferd med å utarbeida eit framlegg til å justera ned satsane, som vert iverksette frå eitt eller anna tidspunkt, truleg på hausten. Dette for at lokaltrafikken og særleg næringstrafikken, ikkje skal verta skadelidande av dette nye rabattsystemet som Stortinget har vedteke.

Mikkelsen fortel at utgangspunktet hadde Jondalstunnelen eit lån med ei løpetid på 15 år, til 2027.

- Men inntektene har vore så store at me har reforhandla, slik at avtalen med Kommunalbanken no har ei løpetid på 10 år, dermed skal lånet betalast ned i 2023. Teoretisk kunne me ha betalt det ned tidlegare, men no er målet at me skal krevja inn bompengar til 2023, men altså prøva å få justert ned takstane av omsyn til lokaltrafikken som vert større og større.

Forrige månad hadde ferja mellom Tørvikbygd og Jondal ein liten nedgang i trafikken. - Samtidig hadde Jondalstunnelen ein auke i traikken på nesten 4,8 prosent, fortel Mikkelsen. -  Dette er ein indikasjon på at det er meir lokaltrafikk gjennom tunnelen enn det har vore tidlegare.

Éi forklaring på auken i lokaltrafikk meiner han kan ha samanheng med at fleire i Jondal vel å bruka Odda som handelssentrum med bakgrunn i at begge kommunane saman med Ullensvang i 2020 vert éin kommune.

- Kanskje er det og fleire oddingar som har hytte i Jondal enn det var tidlegare, det er iallefall ei interessant utvikling, seier styreleiaren i Jondaltunnelen AS, Toralv Mikkelsen.
 

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Politibil involvert i ulykke i Kristiansand
En personbil skal ha krasjet inn i en politibil som var på utrykning. To personer er fraktet til sykehus etter hendelsen.
2.
 Hugo Vetlesen om Stabæks krisestart: – Alder er ingen unnskyldning
BERGEN (VG) Stabæk har fått en meget skjev inngang på årets sesong. Etter fem spilte kamper er fasiten tre poeng for Eliteserien yngste lag.
3.
 Norsk duell i Champions League: – Vi vet hva «Caro» er god for
Det er flere enn Caroline Graham Hansen (23) som må stoppes om Chelsea skal nå finalen i Champions League.
4.
 Norges allierte har drept minst 850 sivile i Syria og Irak
Organisasjonen Airwars mener den USA-ledede koalisjonen mot IS i Syria og Irak har tatt livet av over 6200 sivile. Koalisjonen selv opererer med tallet 850 – og avviser overfor VG at det kan være særlig høyere.
5.
 Tolvåring rømte til Bali etter krangel med sin mor i Australia
En tolv år gammel gutt i Australia satte seg på flyet til Bali etter en krangel med sin mor.
6.
 Solberg fikk se søppelhaug fra havene i Ålesund
Erna Solberg besøkte lørdag Ålesund og fikk se hvor mye søppel som havner i havet i et av landets mest plastforurensede havneområder.
7.
 Norsk alkorekord - i Sverige
Aldri før har «de norske» utsalgsstedene til Systembolaget i Sverige solgt så mye alkohol, som i første kvartal i år. Frp og Siv Jensen anklages for å ha sviktet sine velgere og norske forbrukere.
8.
 Iniesta hyllet i Barcelonas maktdemonstrasjon
(Sevilla - Barcelona 0-5) Barcelona vartet opp med fotball i aller ypperste klasse i det som kan ha vært Andrés Iniestas (33) aller siste finalekamp for katalanerne.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse