Assisterande prosjektleiar i Hardangerbrua, Bente Johnsen Aase hadde mange lovord til Opedal & søner for abeidet på parsellen Bu - Brimnes, Rv 13. Ho nemnde fleire gonger kor viktig og gledeleg det er, at ingen vart skadde under det krevande arbeidet
Eivind Opedal fortel i samtale med Radio Folgefonn, at arbeidet med å utbetra den omlag 1600 meter lange vegstrekninga, var svært krevande. Mellom anna har dei murt 3000 kvadratmeter gråsteinsmur og bygt to bruer - tilsaman 80 meter. Bruene er lagt over dei rasutsette gjela Navragjel og Storegjel.
Bente Johnsen Aase var svært tilfreds med at ingen hadde vorte påført alvorlege skader i løpet av dei to åra arbeidet har pågått, og ho rosar Opedal og søner for god gjennomføring og fokus på tryggleik og HMS. Eivind Opedal seier at det har vore ein tøff jobb, særleg sprengingsarbeidet på Høgasteg - noko Johnsen Aase og la vekt på i talen sin under vegopninga.
- Me var glade for at me fekk stengt vegen ved Høgasteg, i tre veker i fjor haust, seier Opedal. - Då unngjekk me å utsetta publikum for potensiell fåre, dei vart frakta med båt. Samtidig kunne me skyta større salvar og dermed få arbeidet fortare gjort.
Med omsyn til kor grønt og fint det alt har vorte langs den nye parsellen, seier Opedal med eit smil at der har dei nok juksa litt. - Me har brukt biojord, fortel han - og med den varmen me har hatt, grodde det fint til veldig fort.
Dagen etter vegopninga på Rv 13, var det opning på den nye ferjekaien på Årsnes, og kven andre hadde stått for delar av den jobben - enn Opdedal & søner trur de.....?
- No skal eg ha litt ferie, seier Opedal, men han og resten av firmaet, tek gjerne på seg Fase 2 av tilførselsvegen til Hardangerbrua dersom fylket endeleg gjer vedtak om dagløysing. - Alt bør vera klart reint vegmessig når brua opnar i 2013, seier Opdeal - og får støtte av Bente Johnsen Aase.