Mest leste :
1.
 Flatebø i finalen
2.
 Eidfjord "fullbooka"
3.
 Travel sommar for Turistkontoret i Eidfjord
4.
 Universitet heilt utan pensum og eksamen
5.
 Me må skryta mykje meir
6.
 Vil ha færre lam neste år
7.
 40% auke for cruisetrafikken i Hardangerfjorden
8.
 Haustfest med Sandra Lyng
9.
 Styrkar omsynet til hule eiketre
10.
 Teknobonden investerer i maskiner
11.
 Samanslåinga av dei to vestlandsfylka i gong
12.
 Godt resultat for Tysnes Sparebank
13.
 Kulturelt utviklingsprogram - tildeling 2017
14.
 Kraftig auke i tømmerprisane
15.
 Teikning og skulptur i Galleri G. Guddal
16.
 Olaug Nilssen nominert til Brageprisen
17.
 Folkemusikkstipend til Berit Opheim
18.
 Kjempemotivert regnbogeallianse
19.
 Voss Folkemuseum 100 år
20.
 Trafikklysa er "aktiverte", men Villaksalliansen er ikkje nøgd

Demonstrasjonstoget som vart eit jubeltog
- Publisert 2. mai 2017 av Mannsåker, Tone Marie
1.maitog 2017
Clik on image for large version
1.maitoget ved Odda sjukehus. Bilete: Tone Mannsåker

LO i Odda og omegn mobiliserte til tidenes demonstrasjonstog 1.mai, og frammøtet viste at heile regionen vakna den morgonen fast bestemt på å visa sin protest mot helseminister Høie sitt vedtak for akuttkirurgien ved Odda sjukehus

Når ein så vakna opp til nyhendet om at det no er fleirtal i Stortinget for å oppretthalda det kirurgiske akuttilbodet, at Arbeidarpartiet har falle ned på at helseministeren ikkje har teke omsyn til dei føringane Stortinget hadde lagt for vedtak vedrørande lokalsjukehuset i Odda, vart stemninga i heimane rundt om ein heilt annan enn det som låg i korta den siste kvelden i april.

Og 1.maitoget 2017 vart historisk på fleire vis.

Ein stor traktor køyrde bakest i toget med ei fane montert i grabben: Bønder treng  akuttkirurgi.

For første gong var bikermiljøet i omegnen og med i toget, på motorsyklane sine, i underkant av 50 brølande, blanke syklar køyrde bak det historisk lange toget og talsmannen deira sa i innlegget sitt at det gode nyhendet denne morgonen var årsaka til at han ikkje var så krass i uttalen mot helseministeren som han hadde tenkt.

Eit fulltallig russekull var og med i 1.maitoget for første gong, og russeformannen avslutta innlegget sitt med ei helsing til helseministeren som dei fleste av dei 4000 til 5000 frammøtte kjende seg godt att i:

- Du kødde' ikkje med kamplystne oddingar!

At det var så mange som møtte fram for å visa helseministeren og resten av landet, at Odda og omegn ikkje gir seg utan ei durabeleg kamp, viser eit engasjement for lokasjukehuset som aldri døyr.

Helse Fonna og Helse Vest har gjort sitt beste for å bagatellisera reiseveg, inntaksområde og klimatiske tilhøve, men befolkninga i regionen veit betre. Alle har nokon i familien, venekretsen eller nabolaget som lever framleis fordi Odda sjukehus har hatt døgnkontinuerleg akuttkirurgi, og ingen av oss har nokon å mista. 

At engasjementet hjå lokale politikarar - frå det raudaste til det blåaste, engasjemenet til nabokommunane - som møtte mangetalig fram 1. mai og - ikkje minst, engasjementet til LO  lokalt og til innbyggarane i Odda by, har påvirka det standpunktet eit fleirtal i Stortinget no har landa på, er liten grunn til å tvila på.

Befolkninga i regionen har kjempa for sin rett til å ha eit helsetilbod som er likeverdig med det andre nordmenn har, og har vorte høyrt. 

Forfattaren Lars Ove Seljestad las to dikt på arrangementet i forkant av togavgangen og han avslutta slik:

- Vi gir oss aldri!


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 EU vil innføre sanksjoner mot Polen
Polen raser etter forslaget fra EU-parlamentet om sanksjoner etter omstridte rettsreformer.
2.
 Klok av skrekkskade: – Jeg er mindre redd i svingene nå
STAVANGER (VG) Håvard Holmefjord Lorentzens skøyte skar opp hele leggen. Det var en skrekkskade. Likevel mener Norges nye skøytehelt at han er mindre redd i svingene nå.
3.
 FFK i krise: Minst 11 spillere kan forlate klubben
Nedrykket til 2. divisjon får store konsekvenser for Fredrikstad. 11 spillere står uten kontrakt. Nå blir klubben semiprofesjonell.
4.
 Helene Olafsen vant «Skal vi danse»
NYDALEN (VG) Svingte seg helt til topps – og ble både glad og trist.
5.
 Stoltenberg ringte Erdogan for å unnskylde NATO-fornærmelse
NATO-sjef Jens Stoltenberg snakket lørdag med den tyrkiske presidenten Recep Erdogan for å beklage en NATO-hendelse i Norge denne uken.
6.
 David Cassidy i koma med organsvikt
Familien har samlet seg rundt ham på sykehuset.
7.
 Treåringen fikk flere dype hundebitt – fortsatt på sykehus
Den tre år gamle gutten ble påført flere bitt av hunden som hoppet inn i barnehagen i Skien fredag.
8.
 Russisk kattebonanza
Hårete, nakne, stripete pusekatter ble stolt vist frem på årets internasjonale katteshow «Valencia cup».


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse