Ein e-post frå Arild Traa, Odda kommune, fortel at kommunen har fått tilsendt invitasjon til oppstart av verdsarvnominasjon for vasskraft og industri, frå riksantikvar Jørn Holme.
"Miljøverndepartementet og Riksantikvaren har herved gleda av å invitera til oppstart på verdsarvnominasjon av industristadane Notodden/Rjukan/Odda. Me møtest på Rjukan til ei hyggeleg markering," heiter det mellom anna i brevet signert av riksantikvar Jørn Holme.
Datoen for markeringa er sett til 16. september. Hovedinnhaldet i programmet er pr. i dag under utarbeiding og eit detaljert program vil ligga føre seinare.
To år fram i tid skal Riksantikvaren med ekstern fagleg assistanse og i nært samarbeid med mellom andre kommunane, jobba med nominasjonen.
Les heile saka: odda-kommune