Mest leste :
1.
 Dramatisk endring i plantelivet på fjelltoppane
2.
 36 millionar kroner til betre psykisk helse hos barn og unge
3.
 Rekordstor hjortejakt
4.
 Derfor er påsken reine eggefesten
5.
 Prosjektet har på ingen måte stoppa opp
6.
 Tom Roger Aadland på Utne Skjærtorsdag
7.
 Turne over Hardangervidda - natur og kultur hand i hand
8.
 På Radio Folgefonn mandag
9.
 Vossajazz - prisen til Benedicte Maurseth
10.
 Rødt over sperregrensa
11.
 Snøskredvarslinga si anbefaling: Unngå alt skredterreng denne påsken.
12.
 Milepæl for Inn på tunet
13.
 Museum, musikk og mysterium
14.
 Hotmix på Agatunet
15.
 Norovirus bit ikkje på hallingar
16.
 Betydeleg nedgang i artsmangfaldet i skogen
17.
 Søviknes avventar høyring om omstridt kraftkabel
18.
 Seig vinter gir kritisk høymangel
19.
 Slurvar med kjeldesortering i feriane
20.
 Knallhard vinter for hjorten i Indre Hardanger

Dramatisk endring i plantelivet på fjelltoppane
- Publisert 5. april 2018 av Mannsåker, Tone Marie
t-hardangervidda-02[1]
Clik on image for large version
Hardangervidda. Arkivbilete

Talet planteartar på europeiske fjelltoppar auka fem gongar meir i ti-året 2007 til 2016 enn for femti år sidan, 1957-1966. Årsaka er global oppvarming. Dette går fram av nyleg publisert forsking i det vitskaplege tidsskriftet Nature

Informasjonen som fylgjer under er skriven av Kjersti Kildahl, kommunikasjonsrådgjevar ved NIBIO og publisert på www.nibio.no.

Artikkelen er resultat av ei omfattande re-kartlegging av plantelivet på 302 europeiske fjelltoppar. Nye data er samanlikna med data frå opptil 145 år tilbake i tid, noko som har gitt eit heilt unikt datasett ifylgje Fagfolk frå Universitetet i Bergen (UiB), Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og NIBIO har vore sentrale i arbeidet saman med forskarar frå ti andre europeiske fagmiljø.

NIBIO-forskar og vegetasjonsøkolog Jutta Kapfer er ei av dei som har vore med i prosjektet. Ho fortel om fjelltoppar som vert grønare, og at talet på artar i høgare strok, aukar. Det gjer også temperaturen.

– På alle dei 302 kartlagte fjelltoppane er det registrert temperaturauke. Talet på planteartar auka på heile 87 prosent av toppane. Fjelltoppane med høgast temperaturauke, er og dei med størst auke i artar, seier forskaren.

Dei spesialiserte plantene er sårbare for endringane som skjer no. Gjennom hundrevis av år har dei tilpassa seg skrinne kår og låge temperaturar.

Typiske høgfjellsplanter som issoleie, fjellveronika, høgfjellskarse og fjellsmelle kan gå tapt fordi dei vert utkonkurrert av andre artar som kryp oppover frå lågare strok.

– Konkurrentane er ofte høgare og meir varmekjære enn plantene som opprinneleg heldt til der, forklarer Kapfer, og legg til:

– Ingenting forblir slik det var, alt er i endring. Sjølv om me ikkje legg merke til endringane i dag, så er dei der. Derfor er det så viktig med lange tidsseriar og samanlikningar som i dette prosjektet, for å registrera endringar som skjer langsamt.

Forskaren Kapfer trur opne fjelllandskap slik vi kjenner dei i dag, kan verta borte saman med arter som er typiske for høge fjell.

Frå vidde til skog

Både norske og europeiske fjell har alt endra seg mykje.

– Hardangervidda slik vi kjenner ho i dag kan verta vekke. Om og når jorda vert to grader varmare, vil tregrensa etter kvart gå 350 meter høgare over havet, seier John-Arvid Grytnes, professor ved Institutt for biovitskap ved UiB.

– Vi har ein tendens til å tenka på fjella som noko evig og stabilt. Våre funn viser at det ikkje er tilfelle, og at det vil koma store endringar i norske fjell. Me kjem til å mista mange av fjellområda våre, seier professoren.

Professor ved NMBU, Kari Klanderud, var i 2014 på Sikkilsdalshø, aust i Jotunheimen for å samla data. Ho og masterstudenten Erlend T. Grindrud la merke til alle dei små bjørkeplantane som vaks i fjellsida, langt over tregrensa.

– Då eg var i Jotunheimen 16 år tidlegare, såg eg kun ei sped lita bjørk på alle dei 25 fjella eg undersøkte. No var dei overalt. Dette er ei stor endring på relativt kort tid, og eit klart varsel om at fjellområda er i ferd med å verta grønare, seier Klanderud.

Forfattar : Jutta Kapfer
Forsker - Divisjon for kart og statistikk
                
Les artikkelen i Nature her

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Politibil involvert i ulykke i Kristiansand
En personbil skal ha krasjet inn i en politibil som var på utrykning. To personer er fraktet til sykehus etter hendelsen.
2.
 Hugo Vetlesen om Stabæks krisestart: – Alder er ingen unnskyldning
BERGEN (VG) Stabæk har fått en meget skjev inngang på årets sesong. Etter fem spilte kamper er fasiten tre poeng for Eliteserien yngste lag.
3.
 Norsk duell i Champions League: – Vi vet hva «Caro» er god for
Det er flere enn Caroline Graham Hansen (23) som må stoppes om Chelsea skal nå finalen i Champions League.
4.
 Norges allierte har drept minst 850 sivile i Syria og Irak
Organisasjonen Airwars mener den USA-ledede koalisjonen mot IS i Syria og Irak har tatt livet av over 6200 sivile. Koalisjonen selv opererer med tallet 850 – og avviser overfor VG at det kan være særlig høyere.
5.
 Tolvåring rømte til Bali etter krangel med sin mor i Australia
En tolv år gammel gutt i Australia satte seg på flyet til Bali etter en krangel med sin mor.
6.
 Solberg fikk se søppelhaug fra havene i Ålesund
Erna Solberg besøkte lørdag Ålesund og fikk se hvor mye søppel som havner i havet i et av landets mest plastforurensede havneområder.
7.
 Norsk alkorekord - i Sverige
Aldri før har «de norske» utsalgsstedene til Systembolaget i Sverige solgt så mye alkohol, som i første kvartal i år. Frp og Siv Jensen anklages for å ha sviktet sine velgere og norske forbrukere.
8.
 Iniesta hyllet i Barcelonas maktdemonstrasjon
(Sevilla - Barcelona 0-5) Barcelona vartet opp med fotball i aller ypperste klasse i det som kan ha vært Andrés Iniestas (33) aller siste finalekamp for katalanerne.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse