Mest leste :
1.
 Hardangergullsmed bak fulltreffaren NR01
2.
 "Prøvekøyring" av ny heimebane
3.
 Målmedviten musikkstudent på springbretttet
4.
 Stein på stein
5.
 Dårlege vegar pregar kvardagen i Hordaland
6.
 H.M. Dronning Sonja stiller ut i Galleri G. Guddal i jubileumsåret
7.
 Nytt lys i mørketida
8.
 Snarvisitt i "Skuggane sin dal" før lyset vart tent
9.
 "På ein søndag" ut på høyring
10.
 Festidalen byttar helg
11.
 Endringar i reglar for opptak til høgare utdanning
12.
 Folkebiblioteka som debattarena
13.
 Vil ha innspel frå innbyggarane
14.
 Til kamp for råderett over krafta
15.
 Tru det eller ikkje - årets tema er LØGN
16.
 150 tunnelar på Vestlandet vert rusta opp
17.
 På Radio Folgefonn onsdag
18.
 Rekordmange vel norsk flagg
19.
 Rekordomsetning på Grüne Woche i 2018
20.
 Noreg får som første land spesialtrent innsatsteam for helsekriser

H.M. Dronning Sonja stiller ut i Galleri G. Guddal i jubileumsåret
- Publisert 23. januar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
IMG_2297.JPG
Clik on image for large version
Galleri G.Guddal. Bilete: Tone Mannsåker

I år er det 25 år sidan Galleri G.Guddal i Rosendal hadde si første utstilling. Mange kunstnarar innanfor ulike sjangerar vert å sjå og eller høyra i jubileumsåret, og ekstra gjevt er det at H.M. Dronning Sonja stiller ut grafikk og keramikk i galleriet frå 23.juni

Det er Knut Olav Åmås, direktør i Fritt Ord, som opnar denne utstillinga som skal stå til 19.august.

Gallerist Gøril Guddal fortel i ei pressemelding at det er ei stor ære for Galleri G Guddal å ynskja velkomen til utstilling med H.M. Dronning Sonja sine heilt nye bilete og keramikk! Dronninga kjem til å fylla begge utstillingsromma med arbeida sine.

Guddal fortel H.M. Dronning Sonja begynte forsiktig med utøvande kunst i Ørnulf Opdahl sitt atelier på Godøya ved Ålesund for ganske mange år sidan. Det starta med akvarellmaling. Etter kvart utvikla dette samarbeidet seg og grafikken kom i fokus.

I 2011 viste H.M. Dronning Sonja, Ørnulf Opdahl og Kjell Nupen ei felles utstilling,

"Tre Reiser. Tre landskap", som ein mellom anna kunne sjå i Baroniet i Rosendal.

Inntekta frå denne utstillinga danna grunnlaget for opprettinga av The Queen Sonja Print Award, eit fond for unge utøvande kunstnarar som jobbar spesielt opp mot grafikk.

For å støtta opp om Queen Sonja Print Award har Dronninga samarbeidd med fleire anerkjende kunstnarar. I 2016 og 2017 laga Dronning Sonja og Magne Furuholmen ei utstillingsrekkje der mange av dei grafiske arbeida var fellesverk, der kunstnarane hadde samarbeidd i eitt og samme bilete.

Før dronninga sitt arbeid kjem til gards, er det fleire andre kunstnarar som vert å sjå.

24. mars – 13. mai er det Bjarne Melgaard, Sverre Bjertnes, Kjell Nupen med fleire som stiller ut.

19. mai – 17. juni kan ein sjå maleri og skulptur av Bodil Friele og malene Dekke Eik.

4. november – 23. desember er det Jubileumsutstilling: Galleri G Guddal 1993 – 2018. 25 år.

Hovudutstillarar der er Morten Molden og Karen Rebekka Vasstrand med maleri.

Søndag 18. november kan ein oppleva Arnhild Litlere og Arvid Aasprang (saksofon) som framfører tekstar av Jon Fosse.

Les meir på galleriet si heimeside https://galleriguddal.no/

 

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Svenske sendte Sandbech ut av OL
Ståle Sandbech (24) røk ut av kvalifiseringen til herrenes Big Air-finale.
2.
 Clooney gir fire mill. til våpenkontroll-kampanje
George og Amal Clooney gir en halv million dollar til studentene som har dratt i gang protestaksjonen mot våpenrelatert vold etter skoleskytingen i Florida. Nå følger flere kjendiser etter.
3.
 Høy dødelighet blant nyfødte i verdens fattigste land – én million dør dagen de blir født
Hvert år dør 2,6 millioner barn før de har fylt én måned. Ifølge UNICEF er det enkle grep som skal til for at disse barna kan oppleve å vokse opp.
4.
 Trump beordrer forbud mot «bump stocks»
President Donald Trump beordrer justisdepartementet til å innføre forbud mot såkalte «bump stocks», som blant annet ble brukt i Las Vegas-massakren.
5.
 Klæbo-rådgiver: – Jeg tenkte: «For et kommunikasjonstalent. Håper han kan gå på ski også»
PYEONGCHANG (VG) Medietrykket på Johannes Høsflot Klæbo (21) vokser etter gullene i OL. Med på laget har han kommunikasjonsekspert Lasse Gimnes.
6.
 Kvinne omkom i traktorpåkjørsel i Oslo
En kvinnelig syklist i midten av 40-årene mistet livet da hun ble påkjørt av en brøytetraktor i Oslo tirsdag kveld.
7.
 Maldivene utvider unntakstilstanden
Ferieparadiset Maldivene synker dypere inn i politisk kaos – tirsdag utvidet parlamentet unntakstilstanden i landet, med et vedtak opposisjonen kaller ulovlig.
8.
 OL i Pyeongchang knuser rekorder
Det er ikke bare TVNorge som har OL-suksess, også NRK sports radiokanal kan melde om rekordhøye lyttertall. VG knuser også rekorder.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse