Mest leste :
1.
 Nettradioen er oppe og går igjen
2.
 Myrkdalen Fjellandsby veks
3.
 Felles løft for gleda ved å synga
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
6.
 Gir 27 millionar til forsking på Vestlandet
7.
 MS Lindenes på farten
8.
 Ein attraktiv innfallsport til Folgefonnhalvøya
9.
 "Sommarfugl" - livsfilosofi og musikk som går til hjarta
10.
 St. Olav til Ottar Grepstad
11.
 Formidlar lokal kulturarv til førskuleborn i Hardanger og på Voss
12.
 Sju nye reisemål har fått merket for bærekraftig reisemål
13.
 30 millioner til leselyst i Bokåret 2019
14.
 Vil redusera klimagassutslipp frå avskoging i Noreg
15.
 Daniel på femte plass i NM - opninga
16.
 Rekordstor påmelding til Open Gard i jubileumsåret
17.
 Klar for litt 60 - og 70 - talsmusikk?
18.
 Open for det meste av aktivitet
19.
 Den gode sommarkjensla er på plass
20.
 2,35 millionar kroner til kultur i Hordaland

Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
- Publisert 23. mai 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Potet
Clik on image for large version
Illustrasjonsbilete

Stengel- og blautråte fører til store tap for potetbønder i heile Europa. No har forskarar ved NIBIO funne endå ein ny og potensielt meir aggressiv blautråtebakterie i Noreg

Kommunikasjonsrådgjevar Siri Elise Dybdal ved NIBIO fortel på www.nibio.no at sommaren 2016 var det store angrep av stengelråte i mange potetåkrar, særleg på Austlandet. Denne bakteriesjukdomen fører til visne planter i åkeren, som igjen kan gje angrep av blautråte i knollane.

Dei siste åra har det mange stader i verda blitt oppdaga nye arter av blautråtebakteriar, som har vore meir aggressive enn det ein har sett tidlegare.

No har forskarar ved NIBIO oppdaga ein til no ikkje omtala art av blautråtebakterier (Pectobacterium polaris).

Meir aggressive artar

- Stengelråteproblema i Noreg har vorte større dei siste fem -ti åra. Nye og meir aggressive artar har kome til. Me fekk for ei tid tilbake inn prøvar frå ein åker der det hadde vore eit spesielt kraftig angrep av blautråte. Frå desse prøvane isolerte me ein til no ukjent art av blautråtebakterien, opplyser seniorforskar May Bente Brurberg frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

Ho fortel at bakterien mellom anna også er registrert i Nederland, men at det er fyrst no han har fått eit namn.

- Ellers veit me lite om han, og i kor stort omfang han er til stades i Noreg. Men ei årsak til at blautråte er så vanskeleg å nedkjempa, kan vera at det er eit større artsmangfald enn me har vore klar over. Per i dag har me ikkje god nok oversikt, og me veit lite om kor vidt dei forskjellige bakteriane bør nedkjempast på samme måten eller ulikt, påpeikar ho.

Friske settepoteter

Det finst ingen kjente kjemiske eller biologiske metodar for nedkjemping av blautråtebakteriane når dei fyrst har etablert seg. Difor er friskt, sertifisert settepotetmateriale eit av dei viktigaste tiltaka for å redusera sjukdomen.

- Innhaldet av bakterien aukar per generasjon. Det tek minst fire-fem år med oppformering i felt før settepotetpartiet er klart for sal til mat- og industripotetprodusentane. Ofte tek det lenger tid. Det ville derfor vere gunstig å kutta ein generasjon, seier Merete Wiken Dees, forskar ved NIBIO.

Borghild Glorvigen, fagkoordinator på potet ved Norsk Landbruksrådgjeving (NLR), trur også at ein raskare utskifting av spesielt utsett materiale er viktig.

- Nokre sortar, som mellom anna Asterix, Lady Claire, Solist og Peik, er relativt mottakelege og det er ynskjeleg med raskare utskifting, seier ho.

God hygiene

Ved handtering av knollar med blautråte kan smitte spreiast via maskiner og utstyr i samband med opptak, sortering og lagring - i tillegg til spreiing med jordvatn.

- Difor er det vesentleg med regelmessig reingjering og desinfeksjon av alt utstyr brukt i dyrking og lagerrom, seier Wiken Dees.

Det er også viktig med god drenering, å unngå jordpakking, vera forsiktig med vatning og vera merksam på at bakterien trivst godt dersom det er søkk i åkeren der vatnet lett blir ståande etter kraftige regnskyll. Tilsynelatande friske settepoteter kan også vera ei utfordring fordi dei kan ha bakteriar, som er vanskeleg å oppdaga og som kan gi latente infeksjonar.

- Det krev skånsam behandling av knollane under opptak. Skadar på knollane fungerer som inngangsport for bakteriar. Det er også viktig med rask opptørking og styrt, jamn nedkjøling utan temperatursvingingar, for å unngå kondens, seier ho.

Usikkert i år

Glorvigen frå NLR er usikker på korleis sjukdomen vil påverka årets sesong.

- Omfanget av blautråte varierer frå år til år. Me er obs på at me hadde blaute innhaustingsforhold i fjor, men no er det knakande bra ver rundt om i landet. Dersom det held fram og vi får gode spiringsforhold, vil det kanskje ikkje verta eit problem, trur ho.


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Kvinnelige VM-kommentatorer skaper debatt i England
Som første kvinnelige ekspertkommentator har det vært sterke meninger rundt Lise Klaveness. Også i utlandet skaper dette debatt, nå får både John Terry og Patrice Evra kritikk for sin oppførsel mot kvinnelige eksperter og kommentatorer.
2.
 Raser mot Erna Solberg: Mener hun har kjent til gjengproblemene
Tirsdag erkjente statsminister Erna Solberg at regjeringen kan bli bedre på å ta Oslo-gjengenes bakmenn. Ap og SV reagerer kraftig.
3.
 20 år med VG-lista-konserter – her er høydepunktene
I 2003 ble det publikumsrekord på Rådhusplassen da Kurt Nilsen sang vinnerlåten fra den første sesongen av «Idol». I år finner den 20. konserten på Rådhusplassen sted.
4.
 Frykter nedbemanninger etter REMA 1000-endringer
Etter nyttår vil Rema 1000 slutte å bruke varefremmere fra tredjepartsleverandører. Dette vil trolig føre til stor nedbemanning i merchandising-bransjen.
5.
 Høie svarer om luftambulanse-krisen: Innrømmer at anskaffelsene kunne vært gjort annerledes
Helse- og omsorgsminister Bent Høie innrømmer i et brev til kontroll- og konstitusjonskomiteen at anskaffelsen i luftambulanse-saken kunne vært gjort annerledes.
6.
 Megan Fox er i Norge
Hollywood-stjernen Megan Fox (32) er i Norge for å spille inn en TV-dokumentar.
7.
 Suárez sikret avansement for tamt Uruguay
(Uruguay-Saudi – Arabia 1–0) Luis Suárez (31) utnyttet en keepertabbe og Uruguay er klare for åttedelsfinale. Samtidig som Saudi-Arabia og Egypt er slått ut.
8.
 Nei, jente (16) kan ikke «skylde seg selv» når bilder av henne spres på nett
Unge mennesker har en seksualitet, og det skal de få lov til å ha. Men de skal få ha den i fred, og de skal selv få bestemme over bildene de har og tar av seg selv.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse