Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
6.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
7.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
8.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
9.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
10.
 Mange vil rydda strender
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
14.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
15.
 Debattklimaet har vorte for hardt
16.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
17.
 Klar for musikkfest i Hardanger
18.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
19.
 1.7 millionar til Folgefonnsenteret
20.
 Det kan lønna seg å forsikra bunaden

Klar for å overlata klubba til yngre krefter
- Publisert 26. april 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Kollbotn i kontrollrom kraftstasjon007.JPG
Clik on image for large version
Terje Kollbotn i kontrollrom på NVIM. Bilete Tone Mannsåker

Årsmøtet i LO i Indre Hardanger gjenvalde onsdag Terje Kollbotn som leiar. - Men det var under tvil eg sa ja til eitt nytt år, seier den mangeårige leiaren, som kjenner seg stadig meir klar for å trekka seg attende

Kollbotn vart valt til lokal LO - leiar første gong for 30 år sidan og har vore inne som leiar fire gonger i dei tre tiåra som har gått sidan den gong.

I samtale med programsekretær JK Flattun seier han at når han seier at han sa ja til gjenval under tvil, så har tvilen samanheng med at han faktisk vert pensjonist i løpet av 2018.

- Men etter sterk oppfordring både frå valkomiteen og årsmøtet, tek eg eitt år til - ikkje minst fordi me no   faktisk står framfor ein ny kamp for Odda sjukehus, som eg og mange andre i Indre Hardanger brenn for. 

Andre utfordringar han gjerne vil sjå i hamn, er fullføring av LO - huset på Smelteverkstomta og sjå til at organisasjonen veks i styrke rundt om i distriktet.

- Med eit nytt styre og mange, nye, unge folk, ser eg fram til eit siste år som leiar, og vonar at det betyr at på neste årsmøte får me ei kraftig fornying og forynging av styret. 

Ifylgje Kollbotn er det  stor lokal interesse for LO. - Og det siste året viser og at det absolutt er behov for det, jamfør kampen for Odda sjukehus som me no må vidareføra, og kampen for at lokal kraft vert brukt av lokal industri.

LO - leiaren er glad for at årsmøtet har vald eit stort styre. - Det er breidare samansetting av forbund enn før, ein god kombinasjon av erfarne folk og og yngre krefter.

Når det gjeld Odda sjukehus er meldinga klar. - Me må vera på vakt!

- Det visar seg no at det som vart lova i Odda 1.mai 2017 og på Stortinget 15.mai 2017, det vert ikkje fylgd opp til punkt og prikke av regjering og storting og heller ikkje av helseforetaket Helse Fonna, seier Kollbotn. 

Årsmøtet i LO har gjort vedtak på at det skal mobiliserast til ei stor mønstring for sjukehuset i løpet av hausten, for å pressa fram varige vedtak om at Odda sjukehus skal styrkast, ikkje svekkast.

Ei anna sak LO i Indre Hardanger vil jobba med det komande året, er det Kollbotn kallar seriøsitet i arbeidslivet. - Bemanningsbyråer skal ikkje ha noko  i Indre Hardanger å gjera, me skal ha arbeidsplassar med fast tilsette og ryddige arbeidsvilkår, med krav om tariffavtalar ved anbod.

Kollbotn seier at LO no utfordrar nye Ullensvang kommune, altså Odda, Ullensvang og Jondal, til å vera i fremste rekke med å stilla krav til seriøse aktørar som skal inn og utføra arbeid for den nye kommunen.

- Årsmøtet har og vedteke at me skal satsa offensivt på å få til eit ungdomsutval under LO i Indre Hardanger, samansett av ungdom frå dei ulike foreiningane.

Når det gjeld LO - huset, vedtok årsmøtet at fleire foreiningar skal koma inn på eigarsida. - Me har og som mål å få ferdig 1.etasje innan oktober, i forkant av Litteratursymposiet, og jobbar vidare med å få leigetakarar og aktivitet i alle rom.

I 2017 hadde Odda Noregshistoria sitt lengste 1.mai - tog sett i høve til innbyggartal. - Dét vert nok vanskeleg å matcha i år, men eg trur folk stiller opp i år og for me har framleis en del å kjempa for, seier Kollbotn.

Han fortel at i tillegg til hovudparolane har 1.mai - komiteen opna for parolar med saker som folk brenn for lokalt. - Og me har og fått inn mange appellantar, ikkje minst unge appelantar, som fortener mange tilhøyrarar, gamle som unge.
Det vert rett og slett ein ungdomeleg glød over 1. mai i år, seier Kollbotn og er godt nøgd med det.

- Og så er eg veldig glad for at forbundsleiaren i Industri og energi, Frode Alfheim, kjem til Odda 1.mai for å halda hovudtalen, noko som passar godt etter det engasjementet me har vist her for lokal kraft til lokal industri.

LO - leiar Kollbotn fortel at sjølv har han som hovudoppgåve 1.mai 2018, å halda appell for Odda sjukehus -  ikkje for første gong og truleg heller ikkje for siste gong.


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Kulturkrig på norsk
Fremskrittspartiets stortingsrepresentant Jon Helgheim mener kjønnskvotering, fedrekvoter og andre tåpelige påfunn er meningsløst.
2.
 Netflix verdt mer enn Disney
Strømmetjenesten Netflix er nå verdt mer enn Disney.
3.
 Amerikansk Nord-Korea-ekspert til VG: – En ekstremt farlig utvikling
NEW YORK (VG) En av USAs fremste eksperter på Nord-Korea mener at risikoen for en krig er større etter at Donald Trump følte seg tvunget til å avlyse toppmøtet med Kim Jong-un.
4.
 Fant 300 år gammelt skipsvrak med skatter verdt 140 milliarder kroner
Først nå avslører forskerne at de har funnet vraket etter et spansk skip som sank med skatter som er anslått verdt opptil 17 milliarder dollar.
5.
 Nord-Korea: Fortsatt villig til å møtes
Nord-Korea sier de er fortsatt villige til å møtes etter at USA avlyste det planlagte toppmøtet mellom de to landene.
6.
 Grillbranner kostet 126 millioner i fjor sommer
I løpet av sommerhalvåret i fjor utbetalte forsikringsselskapene 126 millioner kroner etter branner og branntilløp der kilden var grill, fyrstikker og røyking.
7.
 Israels høyesterett avviser krav om stans av overdrevent maktbruk
Israels høyesterett har avvist et krav om at militæret stanser bruken av dødelig makt mot palestinere under protester og sammenstøt på Gazastripen.
8.
 Skremmer irene til valgurnene med fosterbilder
DUBLIN (VG) Med oppblåste bilder av fostre sikrer abortmotstanderne seg verdifulle tviler-stemmer før folkeavstemningen fredag.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse