Mest leste :
1.
 Dramatisk endring i plantelivet på fjelltoppane
2.
 36 millionar kroner til betre psykisk helse hos barn og unge
3.
 Rekordstor hjortejakt
4.
 Derfor er påsken reine eggefesten
5.
 Prosjektet har på ingen måte stoppa opp
6.
 Tom Roger Aadland på Utne Skjærtorsdag
7.
 Turne over Hardangervidda - natur og kultur hand i hand
8.
 På Radio Folgefonn mandag
9.
 Vossajazz - prisen til Benedicte Maurseth
10.
 Rødt over sperregrensa
11.
 Snøskredvarslinga si anbefaling: Unngå alt skredterreng denne påsken.
12.
 Milepæl for Inn på tunet
13.
 Museum, musikk og mysterium
14.
 Hotmix på Agatunet
15.
 Norovirus bit ikkje på hallingar
16.
 Betydeleg nedgang i artsmangfaldet i skogen
17.
 Søviknes avventar høyring om omstridt kraftkabel
18.
 Seig vinter gir kritisk høymangel
19.
 Slurvar med kjeldesortering i feriane
20.
 Knallhard vinter for hjorten i Indre Hardanger

Tom Roger Aadland på Utne Skjærtorsdag
- Publisert 28. mars 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Tom R Aadland (2).JPG
Clik on image for large version
Tom Roger Aadland. Bilete: Tone Mannsåker

Musikaren Tom Roger Aadland har vitja Hardanger fleire gonger, i påsken er han attende på desse trakter og spelar på HardginArt på Utne Skjærtorsdag

Aadland har fått mykje åtgaum for sine gjendiktingar av Bob Dylan som har vorte til to CD - plater. I samtale med programsekretær JK Flattun fortel han at han og har gitt ut fem CD - ar med eigne songar. 

Aadland opptrer både solo og med band. - Skjærtorsdag vert det meg gitaren og songane, fortel han. - Det vert jo ein del meir trøkk med band, men då kan det henda at eg får tilbakemelding på at det er vanskeleg å høyra tekstane. Eg har eit publikum som er oppteken av tekst tydelegvis og den kjem betre fram når eg er åleine med gitaren.

Aadland har alltid med to, tre Dylan låtar når han har konsert. - Eg merkar at det er folk i salen som forventar det, men samtidig synes eg det er greit å få fokus på det eg brukar mest tid på,og eit mål i år, er at eg skal spela ein låt frå kvar av dei sju platene mine på kvar konsert.

Etter den første plata, Blod på spora, har det altså vorte seks plater til. - Eg opplever det slik at det har gått jamt opp og fram, seier Aadland. - Eg hugsar jo då folk tok til å seia til kona mi eller meg at no hadde eg slått gjennom, men et er ikkje slik det virkar. Sjølv opplevde eg ikkje eit slikt vendepunkt, men såg at det stadig kom fleire på konsertane, noko som er veldig hyggeleg, for det er jo dei som møteplassen mellom meg og publikum og songane.

I sommar skal Tom Roger Aadland ta det litt med ro reint konsertmessig. - Men det vert ein lang haust med turne både med band og åleine.
- Framover no vert det nokre månader med konsertfri og då får eg tid til å jobba med dei to neste platene mine. Eg har faktisk ei engelskspråkleg i magen, med songar som eg har laga gjennom åra ,og så vert det ei med nynorske tekstar. Kven av dei som kjem først, er ikkje heilt sikker på. 

Aadland kan godt tenka seg å gjera meir Bob Dylan og. - Då tenker eg meir i retning av musikk - dramatisk. Teaterkonsertar har vorte populære siste åra og det synes eg Dylan sine songar passar godt til for der er det mykje bilete og dramatikk. Der er det nok det juridiske som vil vera utfordringa.

Det har vorte fleire konsertar i større arenaer som kulturhus dei siste åra. - Eg likar og veldig godt å spela i meir intime omgjevnader med et publikum på 60 - 80 personar, for då vert kommunikasjonen med publikum ein heilt annan, seier Aadland.

Om nokre veker skal Aadland ha låtskrivarverkstad for ungdom i Tysvær. - Det eg må hugsa å seia til desse ungdomane er at den som skal skriva låtar, først og fremst må synast at det å laga tekstar og musikk er det kjekkaste som finst.

Aadland lever av musikken. - Det var målet då eg starta for 13 år sidan, og dei første fem åra var tøffe, men etter det har det vore slik at eg ikkje har vore nøydd til å bruka så mykje energi på å bekymra meg. Eg er ikkje søkkrik og blir det vel heller aldri, men økonomisk har eg det slik at eg kan bruka energien på å laga musikk.




 





 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Politibil involvert i ulykke i Kristiansand
En personbil skal ha krasjet inn i en politibil som var på utrykning. To personer er fraktet til sykehus etter hendelsen.
2.
 Hugo Vetlesen om Stabæks krisestart: – Alder er ingen unnskyldning
BERGEN (VG) Stabæk har fått en meget skjev inngang på årets sesong. Etter fem spilte kamper er fasiten tre poeng for Eliteserien yngste lag.
3.
 Norsk duell i Champions League: – Vi vet hva «Caro» er god for
Det er flere enn Caroline Graham Hansen (23) som må stoppes om Chelsea skal nå finalen i Champions League.
4.
 Norges allierte har drept minst 850 sivile i Syria og Irak
Organisasjonen Airwars mener den USA-ledede koalisjonen mot IS i Syria og Irak har tatt livet av over 6200 sivile. Koalisjonen selv opererer med tallet 850 – og avviser overfor VG at det kan være særlig høyere.
5.
 Tolvåring rømte til Bali etter krangel med sin mor i Australia
En tolv år gammel gutt i Australia satte seg på flyet til Bali etter en krangel med sin mor.
6.
 Solberg fikk se søppelhaug fra havene i Ålesund
Erna Solberg besøkte lørdag Ålesund og fikk se hvor mye søppel som havner i havet i et av landets mest plastforurensede havneområder.
7.
 Norsk alkorekord - i Sverige
Aldri før har «de norske» utsalgsstedene til Systembolaget i Sverige solgt så mye alkohol, som i første kvartal i år. Frp og Siv Jensen anklages for å ha sviktet sine velgere og norske forbrukere.
8.
 Iniesta hyllet i Barcelonas maktdemonstrasjon
(Sevilla - Barcelona 0-5) Barcelona vartet opp med fotball i aller ypperste klasse i det som kan ha vært Andrés Iniestas (33) aller siste finalekamp for katalanerne.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse