NRK fortel at tidlegare Rosenborg-leiar Nils Skutle - opphaveleg frå Odda, måndag vart tildelt Kniksens hederspris
Det skjedde på Norsk Toppfotballs årsmøte på Gardermoen.
Prisen vert tildelt ein person eller et lag som i enkeltår eller spesielt over tid, har gjort ein særleg fortenestefull innsats i eller for norsk fotball.
Nils Skutle vart vald til styreleiar i Rosenborg i 1993. Han var styreleiar i fem år, deretter dagleg leiar frå 1998.
I løpet av Skutles 19 år på Lerkendal, tok klubben 15 seriemeisterskap og tre cupmeisterskap.
I 11 sesongar deltok RBK i meisterligaen. Skutle har og ti år i Norsk Toppfotballs styre.
– Eg er utruleg glad for å stå her i dag, og motta denne prisen og er veldig takknemleg over å ha få vore med på denne reisa i norsk fotball, sa Skutle til Nrk.