Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
6.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
7.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
8.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
9.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
10.
 Mange vil rydda strender
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
14.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
15.
 Debattklimaet har vorte for hardt
16.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
17.
 Klar for musikkfest i Hardanger
18.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
19.
 1.7 millionar til Folgefonnsenteret
20.
 Det kan lønna seg å forsikra bunaden

Tru det eller ikkje - årets tema er LØGN
- Publisert 30. januar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Ingvild Ystanes
Clik on image for large version
Bilete: Tone Mannsåker

Festivalleiar Ingvild Ystanes fortel at i 2018 skal skjønnlitteraturen utforskast i lys av temaet løgn. Ho fortel at ein også så smått er i gong med å fylla programmet med innhald

Biletet er frå Litteratursymposiet 2017.Frå venstre, Lars Ove Seljestad, Fredrik Stenhjem Hagen og Ingvild Ystanes
- Omgrepet løgn meinar eg er eit godt utgangspunkt for ein god festival, seier ho i samtale med programsekretær JK Flattun. Ho nemner mellom anna at Litteratursymposiet for nokre år sidan hadde ein programserie under tittelen Litterær høyring i kommunestyresalen i Odda. - Den har me tenkt å ta attende i år. Det gir jo assosiasjonar til rettsal når ein står på talarstolen der og vert forhøyrt.

Ystanes seier at ho trur dei fleste forfattarar enten dei skriv skjønnlitteratur, historie eller sakprosa, er opptekne av løgn.  - Dei som skriv historie vil jo finna ulike versjonar av den samme hendinga, og i skjønnlitteraturen kan me til dømes gå attende til Ibsens Peer Gynt og livsløgna. seier ho. - Og så har me dagens debatt om virkelighetslitteraturen, kven sine historiar er det som skal forteljast.

Når ein vurderer litteratur i lys av løgn, er det svært mange forfattarar som er aktuelle å ta inn i programmet for 2018 ifylgje festivalleiaren. - Dét er og eit teikn på at ein har vald eit godt tema. Det dukkar stadig opp koblingar til folk som det er mogeleg å invitera og me har såvidt tatt til å senda ut invitasjonar, men har ikkje så mykje heilt konkret å legga fram endå. så det får me koma attende til.

Løgn som tematikk vart først sleppt for dei frivillige som var invitert til samling i Litteraturhuset fredag. - Så då løgn først var ute, tenkte me at me fekk fortelja det til alle andre og, og heller koma attende med pressekonferanse når me har meir kjøt på knokane for å seia det slik.

Den fasen førebuinga er inne i no, er ein av dei Ystanes likar best. - No er alt mogeleg og lov, me kan invitera akkurat dei me har lyst til.

Når det gjeld mannskap, er festivalleiaren den einaste som er fast tilsett i Litteratursymposiet. - Festivalen har ein programkomite som pønskar ut tema og program. Biblioteksjefen Else Marie Sandal, jobbar med dette heile året, og me har og andre frå kulturkontoret i Odda med.

Det er eit stort antal frivillege som som stiller opp på store eller små jobbar i samband med Litteratursymposiet. - Det er mange som bidreg i større eller mindre grad, somme er med heile året medan andre er med under festivalen, fortel Ystanes.

Litteratursymposiet i Odda har arbeidd seg fram til å verta ein litteraturfestival som har godt ord på seg ute i "forfattarverda". - Eg får tilbakemeldingar om at dei fleste forfattarar likar seg her, at dei likar den gode, fortetta stemninga i Odda, noko dei og fortel til forfattarkollegaer.

Ifylgje festivalleiaren det er mange som vert glade for å få ein invitasjon frå Odda, og det er kjekt - ikkje berre for leiaren, men også for andre oddingar.

Litteratursymposiet går alltid av stabelen i veke 41. I år 10. - 14.oktober, det er berre til å gle seg.

Kor vidt me får høyra den vekjende dialogen knytt til bukkerittet mellom Peer og mor Åse, veit ingen endå, men som festivalleiar Ingvild Ystanes nemnde, så ligg den der og duppar midt i tematikken:

ÅSE
Peer du lyver
PEER
Nei, jeg gjør ei!
ÅSE
Nå, så bann på, det er sant!
PEER
Hvorfor banne?
ÅSE
Tvi; du tør ei! Alt ihop er tøv og tant!
PEER
Det er sant - hvert evige ord!


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Netflix verdt mer enn Disney
Strømmetjenesten Netflix er nå verdt mer enn Disney.
2.
 Amerikansk Nord-Korea-ekspert til VG: – En ekstremt farlig utvikling
NEW YORK (VG) En av USAs fremste eksperter på Nord-Korea mener at risikoen for en krig er større etter at Donald Trump følte seg tvunget til å avlyse toppmøtet med Kim Jong-un.
3.
 Fant 300 år gammelt skipsvrak med skatter verdt 140 milliarder kroner
Først nå avslører forskerne at de har funnet vraket etter et spansk skip som sank med skatter som er anslått verdt opptil 17 milliarder dollar.
4.
 Nord-Korea: Fortsatt villig til å møtes
Nord-Korea sier de er fortsatt villige til å møtes etter at USA avlyste det planlagte toppmøtet mellom de to landene.
5.
 Grillbranner kostet 126 millioner i fjor sommer
I løpet av sommerhalvåret i fjor utbetalte forsikringsselskapene 126 millioner kroner etter branner og branntilløp der kilden var grill, fyrstikker og røyking.
6.
 Israels høyesterett avviser krav om stans av overdrevent maktbruk
Israels høyesterett har avvist et krav om at militæret stanser bruken av dødelig makt mot palestinere under protester og sammenstøt på Gazastripen.
7.
 Skremmer irene til valgurnene med fosterbilder
DUBLIN (VG) Med oppblåste bilder av fostre sikrer abortmotstanderne seg verdifulle tviler-stemmer før folkeavstemningen fredag.
8.
 Saudi-Arabia går etter kvinneforkjempere: Tines nære venninne Eman fengslet
Den siste tiden har Saudi-Arabia, som hevder de er i ferd med å bedre forholdene for kvinner i landet, kastet minst ti kvinnerettsaktivister i fengsel.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse