Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
6.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
7.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
8.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
9.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
10.
 Mange vil rydda strender
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
14.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
15.
 Debattklimaet har vorte for hardt
16.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
17.
 Klar for musikkfest i Hardanger
18.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
19.
 1.7 millionar til Folgefonnsenteret
20.
 Det kan lønna seg å forsikra bunaden

Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
- Publisert 25. april 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Lions Tulipanaksjon.JPG
Clik on image for large version
Bilete: JK Flattun

Tradisjonen tru arrangerer Lions sin Tulipanaksjon siste helga i april, og dét har dei halde på med i over 20 år til beste for barn og unge lokalt, nasjonalt og internasjonalt

Terje Berge i Lions Odda fortel i samtale med programsekretær JK Flattun at klubben også har eit førehandssal av tulipanar til næringslivet i kommunen, men laurdag 28. april sel klubben i Odda sentrum.

- Pengane me får inn går inn i et fond som heiter Tulipanfondet og midlene vert brukt til haldningsskapande og førebyggande arbeid blant barn og unge.

Les meir om det på denne lenka: Tulipanaksjonen

Berge fortel at midlene vert brukt til å utdanna lærarar i grunnskule og barnehage på korleis ein kan gje born aukt sosial kompetanse gjennom opplæringsprogrammet Mitt valg. Lag og organisasjonar kan og få besøk av av ein instruktør.

- Me har eigne instruktørar som reiser rundt og køyrer dette opplegget, Lions er med og betaler for dette med midler frå Tulipanfondet.  

Det er lettare å bygga barn enn å reparera vaksne er slagordet for dette arbeidet. - Den setninga er og skriven på dei krystallvasane me sel i samband med Tulipanaksjonen, fortel Berge.

Han fortel og at Lions Odda  har eit samarbeid med Odda Fotballklubb for tida. - Dei får ein del av pengane frå Tulipanaksjonen til sitt haldningsskapande arbeid, det er mellom anna derfor dei er med og sel tulipanar på tulipandagen.  

Lionsklubben i Odda har også spandert kurs på Odda barneskule. - Me har og fleire kurs på gang i andre skular i vår kommune, så me har ein god plan for å nytta desse pengane. Me skal ikkje sitta på dei, seier Berge.

Innhaldet i undervisningsopplegget instruktørane reiser rundt med, går mellom anna på mobbing og toleranse i klassemiljøa.

- Dét er vel kort og greit fortalt, seier Berge. - For mobbing er framleis eit problem mange stader og det er ikkje alle lærarar som er godt nok skulert til å sjå signala. Det er nettopp her vårt programmet er svært godt.

Programmet kan etter det Berge seier, kombinerast med program skulane allereie har. - I Odda har ein eit program som heiter Zero på barneskulen, men dei har likevel vald å bruka oss fordi dei syns det er veldig bra materiell dei får med.

Berge fortel at lokalt næringsliv i Odda er flinke til å bidra. - Me syns det er svært kjekt at dei ynskjer å vera med på dette viktige arbeidet.

På aksjonsdagen laurdag 28.april har Lionsklubben i Odda 10 - 12 personar i sving med tulipansal.

- Nytt i år er at me har med oss si svær løve i Gågata, fortel Berge. Og då skal me ha konkurranse, folk kan ta selfie av seg sjølv med løva og vera med på trekninga av ein spesiell premie.

Når det gjeld Lions sitt generelle føremål, seier Berge at klubbane består av folk som likar å hjelpa andre. - Det er vel det som er mottoet vårt og. 

- Me brukar av eigne midler til organisasjonen, og for dei prosjekta me klarer å gjera pengar på, seier me at ei krone inn er ei krone ut. Ingenting går vekk i administrasjonskostnader. Når det gjeld pengar som me får inn i Odda, skal minst 60% gå til lokalmiljøet, så folk kan vera trygge på at det me får inn, det går ut att.

Lions støttar og somme nasjonale prosjekt og utanlandsprosjekt. Berge fortel at han i fjor var med på ein Julekaravane i Litauen. - Det var ei spesiell oppleving for me hadde med oss julegåver som me delte ut til trengande i eit vanskelegstilt distrikt.

Julekaravanen er eit distriktsprosjekt for Lionsklubbar på Vestlandet. - Dette har me halde på med i seks år og skal gjera det eitt år til før me skal vurdera om me skal halda fram.

Sist, men ikkje minst, ynskjer Terje Berge alle som har lyst til å melda seg inn inn i Lionsklubben. - Rekruttering må me halda fokus på heile tida!

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Kulturkrig på norsk
Fremskrittspartiets stortingsrepresentant Jon Helgheim mener kjønnskvotering, fedrekvoter og andre tåpelige påfunn er meningsløst.
2.
 Netflix verdt mer enn Disney
Strømmetjenesten Netflix er nå verdt mer enn Disney.
3.
 Amerikansk Nord-Korea-ekspert til VG: – En ekstremt farlig utvikling
NEW YORK (VG) En av USAs fremste eksperter på Nord-Korea mener at risikoen for en krig er større etter at Donald Trump følte seg tvunget til å avlyse toppmøtet med Kim Jong-un.
4.
 Fant 300 år gammelt skipsvrak med skatter verdt 140 milliarder kroner
Først nå avslører forskerne at de har funnet vraket etter et spansk skip som sank med skatter som er anslått verdt opptil 17 milliarder dollar.
5.
 Nord-Korea: Fortsatt villig til å møtes
Nord-Korea sier de er fortsatt villige til å møtes etter at USA avlyste det planlagte toppmøtet mellom de to landene.
6.
 Grillbranner kostet 126 millioner i fjor sommer
I løpet av sommerhalvåret i fjor utbetalte forsikringsselskapene 126 millioner kroner etter branner og branntilløp der kilden var grill, fyrstikker og røyking.
7.
 Israels høyesterett avviser krav om stans av overdrevent maktbruk
Israels høyesterett har avvist et krav om at militæret stanser bruken av dødelig makt mot palestinere under protester og sammenstøt på Gazastripen.
8.
 Skremmer irene til valgurnene med fosterbilder
DUBLIN (VG) Med oppblåste bilder av fostre sikrer abortmotstanderne seg verdifulle tviler-stemmer før folkeavstemningen fredag.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse