Jentetokta med "Mathilde» har vorte legendariske, dei er ettertrakta vare. Mange kvinner ynskjer å læra å sigla, men så lenge det er menn i nærleiken, trekk dei seg gjerne unna dei tyngste taka. No er det jentetokt igjen, fortel bt.no
Skipper Cecilie Holm gir klare ordrar. «Mathilde» legg seg fint inntil land på Fitjar. Her er ingen menn, og dei er heller ikkje sakna. Matros Gunvor Storaas (20) frå Norheimsund hoppar i land med fortøyingsboltar og sleggje. Slår bolten i bergsprekken og gjer fast tauet.
- Me tør å gjera meir enn om det hadde vore menn om bord. Og så er det liksom ingen å visa seg fram for, blunkar Marit Solum Korbøl frå Grue i Hedmark. Ho har segla nesten heile vegen frå svenskekysten til Brønnøysund med «Mathilde», i løpet av dei ni åra ho har vore med på jentetokt.
Dei påmønstra kjem frå Finnskogen, Slependen, Ryfylke og California, og er like forskjellige som stadene dei kjem frå. Både i alder, sosial bakgrunn, yrke og familiestatus, men har iallefall ei interesse felles.
Les heile saka: bt.no