Som forfattar og journalist er ho vant med å bruka observasjonsevna si og skriva det ho ser. No må ho læra seg å arbeida innafor eit nytt medium - saman med Harald Eia og Bård Tufte Johansen i ei ny storsatsing på NRK, fortel haugesunds-avis
Dei to etablerte TV-kjendisane har sjølv handplukka Ravatn til jobben.
– Eg vart jo litt paff då Harald Eia ringte og lurte på om eg ville vera med i eit humorprogram, seier Ravatn til Haugesunds Avis.
For det første har ho aldri sett for seg at ho skulle på TV, og for det andre likar ho ikkje tanken på å stikka seg fram.
– Men det er mange ting eg aldri hadde drøymt om å gjera, som siden har vorte gjort. Når ein befinn seg i ein pressa situasjon, får ein uante superkrefter, meiner 27-åringen.
Les heile saka: h-avis