Hotelldirektørane Per Mæland ved Jarl Hotell, Jan Bruse Andersen ved Park Hotell Vossevangen og Erik Fleischer Tønjum ved Fleischers Hotel meiner det er urettferdig at dei ikkje får utvida eller selga husvære, fortel bt.no
- All utvikling i sentrum har stått stille i fem år, seier direktøren ved Fleischers Hotel, Erik Fleischer Tønjum.
Medan hytteutbyggarane i fjellet kan skaffa ny kapital og spreia risikoen gjennom sal av eigedom, er det forbod mot slike prosjekt i sentrum. Det er korkje lov å selga nye leiligheiter eller å legga ut eksisterande hotellrom til sals.
Hotelldirektøren ved Park seier at reglane har stoppa investeringar på mellom 80 og 100 millionar kroner.
- Me søkte om å bygga salsleiligheiter i 2007, noko som ville gitt 20-30 nye arbeidsplassar. Det betydde ingenting for kommunen, tydelegvis, seier han oppgitt. Andersen meiner at toget har gått for Park, og kanskje og for dei andre vossahotella.
Fleischers ynskjer ei utviding av det eksisterande hotellfeltet, med 300 hytter til ein kostnad av 300 millionar. Hotell Jarl har søkt om unntak for å kunna vurdera alternativ bruk av eigedomen
Ordførar Gunn Berit Lunde Aarvik i Voss kommune, seier at ho personleg ynskjer å løysa opp i regelverket.
Ifølge Aarvik har kommunen no bede hotella senda inn sine innspel i samband med den nye kommuneplanen.
Les heile saka: bt.no