Bt.no fortel at Johan Fredrik Odfjell slett ikkje er åleine om å markera motstand mot nye kraftlinjer i Hardanger. Engasjementet hans har brei støtte frå andre næringstoppar i vest, som Margareth Øvrum i Statoil og Øystein Michelsen i Hydro
Tidlegare i veka tok Dagens Næringsliv avstand frå Hardanger-linja på leiarplass, etter å ha vore spekka av kritiske innlegg mot mastene gjennom heile sommaren. Leiande økonomar som Steinar Strøm, Einar Hope, Øystein Noreng, Ståle Navrud og Sigve Tjøtta har i tur og orden sådd tvil om premissene for Statnett sin argumentasjon, som regjeringa ikkje brukar den politiske makta si til å utfordra.
Dei kritiserer prosjektet si samfunnsøkonomiske lønsamheit, planane om elektrifisering av sokkelen, dei påståtte problema med en sjøkabel og heile rekka av forutsetninger som den omstridte utbygginga baserer seg på. Kritikken er konkret og sakleg; språket nedtona teknokratisk.
Og medan SV sitter musestille, får motstandarane støtte - av partiet Høgre.
Les heile saka: bt.no