Ferieparken i Kinsarvik skifta i fjor namn til Mikkelparken, og dei siste åra har Mikkel dukka opp i fleire og fleire samanhengar både i parken og på Hardangertun. I år er det og dagleg velkomstshow i parken der Mikkel og nye vener er på plass
Lars Instanes seier til Radio Folgefonn at han reknar seg som noko av ein altmogeleg-mann både i Mikkelparken og på Hardangertun, og han fortel at besøkstala er gode begge stader.
Instanes seier at Hardangertun er ein overnattingsstad for småbornsfamiliar. På hyttene bur folk gjerne to til tre natter i slengen, og mange er gjengangarar, fortel Instanes - campingturistane varierer noko i opphaldslengde fordi dei er meir væravhengige.
- Mikkelparken er ein park som har tilbod til små born, seier Instanes, - opp til 10-12 årsalder. På velkomstshowt vårt som går kvar dag kl. 14.00, får dei møta Mikkel så klart, og to nye vener av han; Solbjørn og frøken Ugle. Ellers så har me basseng og sklier som før, og bumpebåtar, elektriske bilar, minigolf og jungelløype i tillegg til innandørs leikeapparat i Karibiateltet vårt.
Instanes fortel at Mikkelkonseptet og er på plass i Hardangertun, med Mikkelbuffet på ettermiddagstid og "Syng med Mikkel" klokka 19.00, etterfulgt av barnedisco. - Og alt dette er veldig populært hjå dei små, seier Instanes.