|
|
|
Ope møte om Litteraturhuset
- Publisert 25. mars 2010 av Mannsåker, Tone Marie
|
 | | Sentralbadet. Bilete: Ivar Nistad |
Initiativtakarane har fått mykje positiv tilbakemelding på planane om eit Litteraturhus i Odda. For å koma vidare i arbeidet med kva "Bokbadet" skal vere for folk i Odda, inviterer dei til eit ope møte i Odda 6.april
Marit Eikemo fortel følgande i eit orienteringsskriv Utviklingskomiteen i Odda kommune vedtok før jul å gi Frode Grytten og Marit Eikemo opsjon på Sentralbadet, for å gjera det om til eit heilårs litteratur- og kulturhus tilrettelagt for møteaktivitet, undervisning og konferanse.
Dei har fått mykje positiv tilbakemelding på planane om eit Litteraturhus i Odda, og folk har allereie teikna seg på dugnadslister. For å komme vidare i arbeidet med kva "Bokbadet" skal vere for folk i Odda, ønskjer dei no å invitera til eit ope møte der dei vil visa skisser og diskutera ulike former for bruk og samarbeid med ulike instansar.
Restaureringssenteret i Odda (RiO) fekk etter anbodsrunde oppdraget med å utforma ein rapport med tilstandsvurdering og framdriftsplan, samt skisser for ny bruk, utforma av arkitekt Gro Lavold. Denne rapporten dannar grunnlaget for det vidare søknadsarbeidet. Ein søknad til Kulturminnefondet er allereie sendt, og fleire står på trappene.
I vinter har dei arrangert ein serie litteraturkveldar kalla "Mens vi ventar på Bokbadet", ein forsmak på Litteraturhus i Odda. På desse arrangementa har Marit Eikemo og Frode Grytten invitert forfattarkollegaer til Odda og presentert dei for eit dedikert publikum på Smelt. Her har kjente forfattarar som Stig Holmås stått side om side med nye stjerneskot som Nils Henrik Smith. Norsk litteraturs grand old man, Einar Økland, har stått på programmet med ein av Oddas nye forfattarar Erlend Huus. Litterære postkort frå Låtefossen, Solfonn Høyfjellshotell og Costa Blanca er døme på tema som har stått på programmet. Norrøne mytar, hardingfelespel og sniklansering av Frode Gryttens enno upubliserte roman er andre høgdepunkt frå vinterens litteraturkveldar.
No vonar Eikemo og Grytten at mange vil møta på kafe Smelt og diskutera Odda sin nye samlingsstad og arena for litteratur, kultur, for møteverksemd, debatt, arrangement og undervisning. Kva behov har andre verksemder for eit Litteraturhus i Odda, og korleis kan dei bidra til realiseringa av prosjektet?
Marit Eikemo inviterer til presentasjon av Bokbadet saman med arkitekt Gro Lavold klokka 19 og klokka 18.00 vil Gro Lavold og presentera skisser og modell for Lindehuset.
|
|
|
 | VG RSS | | |
|
Dekningsområde & frekvens |
 |
Odda
Fm:104-104,2-105,5-106 |
 |
Ullensvang
Fm:101-105,2 |
 |
Voss
Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3 |
 |
Granvin
Fm:101-107,3 |
 |
Ulvik
Fm:107 |
 |
Eidfjord
Fm: 104-105,9 |
 |
Kvam
Fm:104-106-107,3 |
 |
Jondal
Fm: 106-107,3 |
|
Frekvenskart
|
|