Mest leste :
1.
 Nasjonal oversikt over personar på venteliste til sjukeheim
2.
 Roger Lynghamar erstattar Steinar Albrigtsen på Iris Scene
3.
 Travel laurdag på nye Iris Scene
4.
 Variert meny på Røldalsmarknaden 2018
5.
 Trygge møteplassar i Noregs Mållag
6.
 Vil ha fleire med i gamaldanstevling
7.
 Kulturell skattkiste til alle elevar i Hordaland
8.
 God start på 2018 for Tysnes Sparebank
9.
 Den årlege Tulipanaksjonen er i rute
10.
 Mange vil rydda strender
11.
 Klar for å overlata klubba til yngre krefter
12.
 Konkurranse om nytt fylkesvåpen
13.
 Kontroll av kostilskot avslørte helsefarleg innhald
14.
 Hugs fluktopning og rett merking av reiskap
15.
 Debattklimaet har vorte for hardt
16.
 12.mai - den internasjonale ME - dagen
17.
 Klar for musikkfest i Hardanger
18.
 Ny aggressiv blautråtebakterie funne i Noreg
19.
 1.7 millionar til Folgefonnsenteret
20.
 Det kan lønna seg å forsikra bunaden

Nytt lys i mørketida
- Publisert 24. januar 2018 av Mannsåker, Tone Marie
Skalltaket - oppussing.JPG
Clik on image for large version
Skalltaket. Bilete: Tone Mannsåker

Torsdag er det opning av lysinnstallasjonen til HC Gilje i Skalltaket. Plansjefen i Odda kommune, Kristian Bondhus Jensen, seier at han ikkje heilt veit kva me kan forventa oss, men veit at det skal vera bevegeleg lys i heile himlingen på Skalltaket

I samtale med programsekretær JK Flattun seier han at å tolka og vurdera kunstverket kan ein først gjera når det er kome på plass. 

Prosjektet er kome i stand med hjelp av midler frå KORO Hordaland Fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland og er i regi av Odda kommune v/ Samfunnsutvikling og Litteratursymposiet i Odda, med støtte av Sparebanken Vest.

- Det er eit prosjekt som i utgangspunktet ikkje kostar kommunen noko og vonleg vert det eit positivt bidrag til Smelteverkstomta, seier Bondhus Jensen.

På opningsdagen vert det ein del aktivitet på tomta i forkant av opninga ved ordførar Roald Aga Haug klokka 18:00. - Det vert mogelegheit for omvising, mellom anna nede i katakombane under Skalltaket. Me får og inn Hardanger Fjellklyvarlaget som legg til rette for strikkhopp eller pendelhopp frå toppen av gangbrua på Skalltaket.

Plansjefen vonar at det etter kvart vert endå meir aktivitet på Smelteverkstomta og fortel at det er fleire som har vore og "snust" på Skalltaket. - Det kan jo brukast til klatring og andre ting, men per dags dato veit me ikkje kva som kjem til å skje der i framtida, det har jo eit kjempepotensiale.

Det er Smelteverkstomta Næringsutvikling (SNU) som eig Skalltaket og ifylgje Bondhus Jensen, er dei positivt innstilt til belysninga.

Når det gjeld lyskunstnaren HC Gilje, meiner plansjefen at han er svært kompetent for jobben i Odda. - Det er jo eit ganske snevert fagmiljø, så han er nok den flinkaste i Noreg på området. Me er svært glade for at at han tok jobben. Der er leiaren for Litteratursymposiet, Ingvild Ystanes, som fekk hanka han inn.

Når det gjeld øvrig belysning poå Smelteverkstomta, vil det koma seg etter anleggsstart for det nye krysset. Då fylgjer belysning med slik at den midlertidige belysninga ein har hatt, med nokre vaierstrekk, vert flytta.

- Me har jo lyssett fasaden på Lindehuset og somme Knud Knudsen bilete som heng rundt på området, seier Bondhus Jensen. - Det er små steg, men me ynskjer å gjera det rett slik at når det om nokre år er lys på heile Smelteverkstomta, så heng det godt i hop, og når det gjeld det som skal skje torsdag, vonar eg at riktig mange møter opp.

Festivalleiar ingvild Ystanes fortel om lyskunstnaren i ei pressemelding:

HC Gilje er ein norsk lyskunstnar, rekna som ein av dei fremste kunstnarane i landet. Han har bevegd seg mellom installasjon, eksperimentell video, live performance og scenografi sidan han gjekk ut frå Kunstakademiet i Trondheim i 1999.

Han fekk ein pangstart på karrieren med eit ett-års residency på Künstlerhaus Bethanien i Berlin 2000-2001. Gilje var ein leiande karakter på live cinema-feltet frå rundt 2000 og turnerte verda rundt. Samstundes jobba han med eksperimentell video som vart vist i diverse film-, kunst- og festivalkontekstar. Gilje har óg vore aktiv på teater- og dansefeltet, først og fremst gjennom sitt mangeårige samarbeid med koreograf Eva-Cecilie Richardsen. Saman etablerte dei Kreutzerkompani, med ein årleg produksjon frå 2000 til 2006.
I 2006 endra Gilje retning: han tok element frå sin tidlegare praksis (utforsking av fysiske rom frå video, skaping av rom frå scenearbeid og improvisasjon frå live-verksemd) inn i eit langsiktig prosjekt som har fått namnet "Conversations with Spaces". Dette prosjektet utforskar, hovudsakleg gjennom store installasjonar, sansing av endring og transformasjon av fysiske strukturer (rom, landskap, objekt, kroppar) gjennom flyktige media som lys, projeksjon, lyd og rørsle. Installasjonane har blitt presentert i tradisjonelle gallerirom, utandørs og i meir ukonvensjonelle omgivelser.








 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Netflix verdt mer enn Disney
Strømmetjenesten Netflix er nå verdt mer enn Disney.
2.
 Amerikansk Nord-Korea-ekspert til VG: – En ekstremt farlig utvikling
NEW YORK (VG) En av USAs fremste eksperter på Nord-Korea mener at risikoen for en krig er større etter at Donald Trump følte seg tvunget til å avlyse toppmøtet med Kim Jong-un.
3.
 Fant 300 år gammelt skipsvrak med skatter verdt 140 milliarder kroner
Først nå avslører forskerne at de har funnet vraket etter et spansk skip som sank med skatter som er anslått verdt opptil 17 milliarder dollar.
4.
 Nord-Korea: Fortsatt villig til å møtes
Nord-Korea sier de er fortsatt villige til å møtes etter at USA avlyste det planlagte toppmøtet mellom de to landene.
5.
 Grillbranner kostet 126 millioner i fjor sommer
I løpet av sommerhalvåret i fjor utbetalte forsikringsselskapene 126 millioner kroner etter branner og branntilløp der kilden var grill, fyrstikker og røyking.
6.
 Israels høyesterett avviser krav om stans av overdrevent maktbruk
Israels høyesterett har avvist et krav om at militæret stanser bruken av dødelig makt mot palestinere under protester og sammenstøt på Gazastripen.
7.
 Skremmer irene til valgurnene med fosterbilder
DUBLIN (VG) Med oppblåste bilder av fostre sikrer abortmotstanderne seg verdifulle tviler-stemmer før folkeavstemningen fredag.
8.
 Saudi-Arabia går etter kvinneforkjempere: Tines nære venninne Eman fengslet
Den siste tiden har Saudi-Arabia, som hevder de er i ferd med å bedre forholdene for kvinner i landet, kastet minst ti kvinnerettsaktivister i fengsel.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse