Mest leste :
1.
 Hardangergullsmed bak fulltreffaren NR01
2.
 "Prøvekøyring" av ny heimebane
3.
 Målmedviten musikkstudent på springbretttet
4.
 Stein på stein
5.
 Dårlege vegar pregar kvardagen i Hordaland
6.
 H.M. Dronning Sonja stiller ut i Galleri G. Guddal i jubileumsåret
7.
 Nytt lys i mørketida
8.
 Snarvisitt i "Skuggane sin dal" før lyset vart tent
9.
 "På ein søndag" ut på høyring
10.
 Festidalen byttar helg
11.
 Endringar i reglar for opptak til høgare utdanning
12.
 Folkebiblioteka som debattarena
13.
 Vil ha innspel frå innbyggarane
14.
 Tru det eller ikkje - årets tema er LØGN
15.
 150 tunnelar på Vestlandet vert rusta opp
16.
 Til kamp for råderett over krafta
17.
 Rekordmange vel norsk flagg
18.
 På Radio Folgefonn onsdag
19.
 Rekordomsetning på Grüne Woche i 2018
20.
 Noreg får som første land spesialtrent innsatsteam for helsekriser

Nye sprell i Terapirommet
- Publisert 10. oktober 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Sjølvhjelp.JPG
Clik on image for large version
Sjølvhjelp. Bilete Renate Aase

I fjor fiksa duoen Henning H. Bergsvåg og Frode Grytten full mindfullness på ein drøss med folk ved hjelp av rosiner og gitarspeling med tærne. I år garanterer dei at alle som går inn i Hardangersamlinga som fattiglus vil gå ut igjen som mangebillionær

Litteratursymposiet etablerte i fjor Hardangersamlinga som Terapirom med tre ulike arrangement. Den tredje timen i Terapirommet var tildelt eigenerklærte spesialistar i sjølvhjelp; Frode Grytten og Henning H. Bergsvåg.

Radiofolgefonn skreiv fylgjande om Bergsvåg og Grytten sine sprell i Hardangersamlinga - som var full til over bristepunktet: For å seia det slik; ei liknande framsyning har neppe vore å sjå på nokon scene, nokon gong. Alle i publikum vart tildelt ei rosin ved ankomst for seinare bruk i ei mediativ øving, eller var det Mindfulness, ikkje godt å seia.

Det dreg for langt å få alle detaljar med her, men litt kan det dryppa. Inspirert av ei verkeleg hending; ein mann utan armar som spelte gitar for paven med tærne, tok Grytten av seg på føtene og gjorde nettopp det. Vel, å seia spela, er å dra det for langt, men han drog tærne over strengane til Ebony and Ivory medan "pave" Bergsvåg kom hoppande fram.

Karane tok føre seg Healing og, dei undra seg over om ein kunna heala seg sjølv eventuelt også gjera fjernhealing på seg sjølv - for betrakteleg lavare pris. Dei la seg og anføtes på golvet for å testa om dei kunne kjenna kvarandre sine lunka hender sirkulera noke centimeter over den andres kropp. Noko som fort vart litt for intimt.

Dei demonstrerte og "å bryta ned for å bygga opp", eller den såkalla Helvetesveka, komprimert til Helvetesminuttet. Dette bestod i at dei kvar sin gong sat med nakne føter i ei bøtte med isterningar, med sovemaske over augo og ei tissepotte på hovudet, medan den andre brølte fornærmingar.
Dei kjende seg begge etter sigande, langt meir i kontakt med seg sjølv etter dette.

Avslutningsvis hadde Grytten skrive eit nytt Jon Fosse - skodespel, med dialog utover ei setning, i kjend Jon Fosse - stil, men med såkalla positivt fokus. Etter terapien leverte dei ut eit evalueringsskjema til eit publikum med utslitne smilerynker og krampe i magemusklane.

Torsdag 12.oktober er desse humoristane altså klare til koma med oppskrifta på korleis ein vert mangebillionær.

Litteratursymposiet fortel at dei har studert rike folk, reint overflatisk i alle fall, og komme fram til at samtlige er stokk, stein dumme. Så korleis gjør dei det? Det får du vite om du kjem til det splitter nye lulleshowet til Bergsvåg og Grytten. Det blir kvitvasking av pengar, Karl Marx på speed, luksusfelle og framføring av hyllingsdikt til Stein Erik Hagen.

 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Skjøt United til kvartfinalen
(Huddersfield - Manchester United 0–2) To mål av Romelu Lukaku sendte Manchester United til kvartfinalen i FA-cupen.
2.
 Meteorologene om vinterferieværet: Mye fint vær i vente
Hvis du liker god, gammeldags vinter, så har du mye å glede deg over i vinterferieuken som kommer!
3.
 VG vurderer «Hver gang vi møtes» låt for låt – Claudia Scotts kveld
Claudia Scott (60) er hedersgjest, og VGs anmelder gir terningkast fortløpende. Det kan du også gjøre.
4.
 13 døde i helikopterulykke i Mexico
Minst 13 personer døde da et militærhelikopter styrtet i delstaten Oaxaca etter jordskjelvet i Mexico. Landets innenriksminister overlevde.
5.
 Dette mener psykiater om Breivik-brevet
Psykiater Henning Værøy mener massemorderen Anders Behring Breivik (38) har et åpenbart mål når han uttrykker anger over terroren og tar avstand fra sin ideologi: Han vil løslates.
6.
 Stafettgullet rørte Bjørgen i hjertet: Går for to nye gull
PYEONGCHANG (VG) Hun har aldri vært gladere for å vinne et stafettgull. Marit Bjørgen (37) vil gjerne vinne OL-gull på sprintstafetten og tremilen også. Men savnet etter Marius (2) begynner å bli stort.
7.
 Norge stiller opp mot massevoldtekter i Irak
MÜNCHEN (VG) utenriksminister Ine Eriksen Søreide (H) slår alarm om at flyktningkvinner som vender hjem til områder IS kontrollerte i Irak, utsettes for voldtekt og annen seksualisert vold.
8.
 Jamie Foxx forlot intervju på direkten etter kjærestespørsmål
Jamie Foxx (50) nektet å snakke om Katie Holmes (38).


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse