Mest leste :
1.
 Ambisiøst mål for reduksjon av matsvinn
2.
 Kuttar millionar i 4H-støtta
3.
 Askeskogen i Hordaland døyr
4.
 Færre døyr i landbruksulukker
5.
 Vossabadet - rein glede
6.
 Fenalåret "EU - godkjend"
7.
 Statskog har ledige hytter
8.
 Stort haustprogram på Old River Saloon
9.
 Lothepus og Tokvam i bokprat på årets symposium
10.
 Rett Bemanning melder oppbud
11.
 Lunsj med noko attåt
12.
 Satsar på auka bruk av sykkel
13.
 Hjartebank for "alle penga"
14.
 Premiere på "Industripionerane"
15.
 Fossilfrie bussar i Hordaland innan 2025
16.
 Å leva med faren for flaum og skred
17.
 Historisk sus over det første fellesmøtet
18.
 Rimeleg godt nøgd med sesongen
19.
 Full fart i Røldal
20.
 Regional kystsoneplan

Tysnes Sparebank på plass i Odda
- Publisert 14. mars 2017 av Mannsåker, Tone Marie
Tysnes Sparebank
Clik on image for large version
Dag Sandstå og Greta Lothe

Etter lang tids planlegging opna Tysnes Sparebank avdeling i Odda måndag 13.mars. – Det er kjekt å kunna gå inn der konkurrentane våre har lagt ned, seier banksjef Dag Sandstå

I samtale med programsekretær JK Flattun fortel han at Tysnes Snarebank har gått inn både i Kvinnherad og i Odda, der SR bank og DNB har avvikla sine kontor.

- Me opplever at dei fleste ynskjer å snakka med banken sin og ha ein rådgjevar i banken, seier Sandstå. 

Overraskande nok er det faktisk aldersgruppa mellom 25 og 45 år som aukar mest hjå Tysnes Sparebank. - Me hadde trudd at det var den eldre garde som ville dominera, så dette er overraskande for oss.

Tysnes bank i Odda vert ein bank der ein kan få gjort alle banktenester med unntak av kontantar. - Tenester som forsikring, sparing og ordinære banktenester kan ein få på kontoret her.

Med berre ein minibank att i Odda, seier Sandstå at det er ei teneste dei vil vurdera etter kvart. – Viser det seg at behovet er der, vil me absolutt vurdera det. No opnar me litt forsiktig for å testa ut responsen, og er det god kundepågang vil me vurdera alle typar tenester.

Sandstå fortel at banken får 700 – 800 nye kundar kvart år. – No når me har kontoret i Odda på plass, er målet rundt 800 – 900 nye kundar.

Tysnes Sparebank aukar marknadsandelen sin med rundt 30% årleg. – Det viser seg at det er mange som ynskjer å nytta seg av verdas mest personlege bankkonspet som er det me tilbyr kundane.

Ifylgje Sandstå har småbankane absolutt livets rett. – Det me ser er at dei små bankane rundt om i heile landet, klarer seg betre enn nokonsinne.

Som gammal odding syns Sandstå det er stas å opna bankfilial i Odda. – Ein gong odding alltid odding veit du, seier han.
Og banken hans går særdeles godt for tida. – I fjor leverte me det beste resultatet i banken si 154 år gamle historie og me satsar på å ta det vidare steg for steg i roleg tempo.

Det er personkundemarknaden som er den største i Tysnes Sparebank. 20% av banken sine aktivitetar er retta mot næringsliv. –  Småbedrifter som har 2 – 12 tilsette, fortel Sandstå. - Bedrifter som ikkje har dei store lånebehova som ynskjer å ha ein bank som løysa ulike oppgåver for dei. Næringslivet i distriktet slit når bankane legg ned slik at dei ikkje har bedriftsrådgjevarar å forhalda seg til lenger. 

Banken rettar seg og inn mot ungdom – Me kan skryta av at me har ein landets beste BSU – kontoar som gir ei veldig god avkasting til ungdom som skal spara til sin første bustad.

Kontoret i Odda er det fjerde i rekka av dei som er Tysnes Sparebank har etablert dei siste åra. – I april opnar me kontor på Stord og då har me fem kontor utafor Tysnes, og då er me eigentleg der me skal vera, seier Sandstå. 

Avdelingsleiar i Odda, er Greta Lothe. – Me var heldige som fekk tak i ho. Ho har lang erfaring frå Sparebanken Hardanger og frå Sparebanken Vest, og ho veit kva det betyr å jobba i ein mindre bank. Ho kjenner og næringsliv og folk i Odda, noko som er eit veldig godt utgangspunkt, seier banksjef Dag Sandstå som ser fram til å gje gode tilbod til oddinggar og hardingar.


 Tips noen om denne saken
Sende til flere mottakere? Separer adressene med komma.





VG RSS
1.
 Sto bak elev-vold og ran mens han avtjente samfunnsstraff i antivold-organisasjon
De tre unge mennene som ranet og gikk til angrep på en elev med kosteskaft og stoler, er dømt til fengsel og samfunnsstraff. Den ene avtjente samfunnsstraff i en antivoldgruppe da volden ble utøvd.
2.
 Slik reagerer Laurén på kritikken: – Det er «bullshit»!
TØNSBERG (VG) Mikaela Laurén (41) mener de som hevder at hun ikke er god nok til å møte Cecilia Brækhus (36) i lørdagens VM-kamp ikke har peiling på boksing.
3.
 Kurdernes mareritt
På tre uker gikk full jubel og heiste flagg til totalt nederlag for kurderne i Nord-Irak. Hva skjedde?
4.
 Jo Nesbø fjernet som produsent av «Snømannen» etter eget ønske
Både Jo Nesbø og hans agent Niclas Salomonsson har hele tiden stått oppført som produsenter på «Snømannen», men denne uken ble begge navnene fjernet fra filmdatabasen Imdb.
5.
 Engelsk dominans i Champions League: – Kan være duket for sceneskifte
Selv om Roar Stokke mener man ikke må bli blendet av statistikken som gir optimisme for Premier League-klubbene i Champions League, tror han forholdene ligger til rette for suksess.
6.
 RBK-Helland kan ha funnet en viktig årsak til skadeproblemene
ST. PETERSBURG (VG) Pål André Helland (27) kan ha funnet en vesentlig årsak til alle skadeproblemene de siste årene.
7.
 Norsk ishockey: Tilbake i bakgården
Slagsmål og overfall på isen var en vinner i «Slap Shot» med Paul Newman i hovedrollen. Spillerne og klubbene i norsk ishockey har alt å tape på et comeback i bakgården til kult-filmens fighter-happy Hanson Brothers.
8.
 Lavrov til VG: – Lurer man på hvem som ruster opp i nord, må man snakke med NATO
ARKHANGELSK (VG) Russlands utenriksminister Sergei Lavrov legger ansvaret for økt spenning i nord på NATO.


Søk på Radiofolgefonn.no


LOKALE KAMERA

ODDA

VOSS

KVINNHERAD

EIDFJORD

ULLENSVANG

KVAM - ÅLVIK

BERGEN

FOLGEFONNA

GRANVIN


VEGKAMERA

LÅTEFOSS

KLØVET

SELJESTAD

RØLDALSTUNELLEN

VELURE

KVAMSKOGEN

SVELGANE / SKJERVET

EVANGER

VINJE VEST

DYRANUT

HAUKELI

HARDANGERBRUA


Dekningsområde & frekvens

Odda
 Fm:104-104,2-105,5-106
Ullensvang 
 Fm:101-105,2
Voss
 Fm:101,5-104-104,4-104,8-106,3
Granvin
 Fm:101-107,3
Ulvik
 Fm:107
Eidfjord
 Fm: 104-105,9
Kvam
 Fm:104-106-107,3
Jondal
 Fm: 106-107,3
Frekvenskart

Levert av MindIT Solutions AS i samarbeid med Aarekol IT Kompetanse